Preikestolen Lonely Planet-favoritt

Reisehandbokforlaget Lonely Planet har kåra Preikestolen til verdast beste utkikkspunkt, i ei bok kalla «1000 ulitmate sights». Klumpen vår knuser både Grand Canyon og Victoriafossane.

Publisert: Publisert:

Nr. 1 Preikestolen i Forsand og Ryfylke gjer det nok ein gong skarpt i ei kåring med tyngde. Foto: Pål Christensen

  • Heidi Hjorteland Wigestrand
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

Den naturskapte kolossen (eller klumpen som han også bli kalla i boka) dankar ut menneskeskapte skywalkar både her og der. Reisehandboka presenterer ti på topp lister over mellom anna beste egotripp-turar, beste operahus, mest bisarre monument og beste optiske illusjonar og luftspeglingar. Preikestolen står oppført som nummer 1 under kapittelet «Most breathtaking viewing platforms» – utkikkspunkt som tek pusten frå deg.

Lonely Planet skriv: «Av og til er det best å overlata det til naturen. Sjølv om glassgolv og skyskraparar kan vera imponerande, er det i Norge ein mektig klump av stein som gir den beste utsikta. Preikestolen ruvar 604 meter over Lysefjorden.....fjellet ser ut til å vera bygd som eit utkikkspunkt, med sin nesten perfekte, flate topp som stikk fram over vatnet — og det er ingen gjerde her. Dette gir rom for uforstyrra, om enn litt svimmel, utsikt. Skumlare er likevel å kikka ned på sprekkene til Preikestolens overflate- skapt av tusenvis av år med isbreaktivitet, og håpa at nye sprekker ikkje oppstår akkurat nå.»

Som de ser hamnar fjellplatået i nobelt selskap.

Forsand-ordførar Ole Tom Guse er glad, men trur dei millionar av bilete, filmsnuttar og kommentarar om «The pulpit rock» på nettet gir endå betre reklame enn å bli nemnd i ei Lonely Planet-bok. Rundt 140.000 menneske besøker Preikestolen årleg.

Publisert:

Les også

  1. Trolltunga trekkjer til seg tusener

  2. Færre besøkte Preikestolen

  3. Flere skader seg ved Preikestolen

  4. «Er du tøff nok, vågar du deg nok ut på bolten»

  5. Preikestolen-kollywood ble storfilm

Nr. 2 Knife Edge Point, Victoria Falls, Zambia. 300.000 menneske besøker årleg den gigantiske fossen som er den største turistattraksjonen i landet. Foto: Ukjent

  1. Nr. 3 Sky Tower, Auckland, New Zealand. Det 328 meter høge tårnet blir årleg besøkt av rundt 600.000 menneske. Foto: Alastair Grant

  2. Nr. 4 Illawarra Fly Treetop Walk, Australia. Ikkje akkurat nokon vanleg skogstur. Rundt 200.000 menneske let seg årleg freista til å spasera over tretoppane. Foto: Ukjent

Nr. 5 Waterfall Trail, Iguacu Falls, Brasil. Dette er ein gangveg som fører fossefans midt inn i den mektige rumlinga til Iguacu. Fossane dekkjer eit 3 kilometer langt område i Brasil og Argentina og består av 275 ulike fossefall. Foto: Miro Kuzmanovic

Nr. 6 Il Binocolo, Merano, Italia. Plattforma er på skapnad med eit par opera- briller. Herfrå kan ein nyta utsikta over vinmarker, frukthagar, hustak og fjellsider i Sør Tyrol. Foto: Matteo Thun

Nr.7 Grand Canyon Skywalk, Arizona, USA. Omstridd attraksjon som puristar hatar, men like mange elskar. Rundt 1 million gjester per år. Foto: Ross D. Franklin

Nr. 8 Dachstein Skywalk, Austerrike. Gangvegen stikk fram frå eit 2700 meter høgt fjell, og ein kan nyta panoramautsikt til fleire land. Foto: Erich Hagspiel

Nr. 9 Aiguille du Midi, Chamonix, Frankrike. Utkikksplattform som gir deg kjensla av å kunna ta på det snødekte monsteret Mont Blanc. Foto: Patrick Gardin

Nr. 10 Petronas Towers, Skybridge, Kuala Lumpur, Malaysia. Denne brua er betre å sjå frå utsida enn utsikta ho gir innanfrå, er dommen frå Lonely Planet. Foto: Bazuki Muhammad