Ein av Arne Viste sine tilsette har fått arbeidsnekt

Ein av Arne Viste sine tilsette har fått arbeidsnekt av politiet i Oslo. - Dette er ikkje annleis enn andre saker der innvandrarar arbeider utan løyve, seier Oslopolitiet.

Arne Viste drar onsdag til Oslo for å finne ut kvifor ein av hans tilsette blir nekta å arbeide.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Arne Viste er dagleg leiar i bemanningsbyrået Plog AS som tilset ureturnerbare flyktningar og leiger dei ut til firmaer over heile landet.

Politiet i Stavanger har etterforska verksemda ettersom det er i strid med Utlendingslova, men valde i august å legge vekk saka.

Fredag fekk ein av hans tilsette i Oslo arbeidsnekt.

Vil ha svar

– Sjølv om saka er avslutta, opplever eg altså at ein tilsett ved eit firma i Oslo har fått arbeidsnekt.

Personen skal ha jobba for Viste sidan mai og hatt ein månadslønn på rundt 20.000 kroner. Viste reiser onsdag til Oslo for å få svar frå politiet.

Påtaleansvarleg Vegard Rødås bekrefter arbeidsnekten som blei gitt då politiet hadde ein regelmessig kontroll.

I første omgang var det berre ei munnleg åtvaring og tydeleg beskjed om at den papirlause flyktningen må slutte i jobben. Men dersom dei avdekker det same igjen kan det bli aktuelt å opprette sak.

– For oss er dette ei vanleg sak på lik linje med andre tilfeller der vi oppdagar at folk arbeider utan arbeidsløyve. Vi har mange tilfeller med dette.

– At politiet i Stavanger har lagt vekk ei sak på bevisets stilling, betyr ikkje at det er lovleg. Sjølv om ein ikkje fann nok bevis tidlegare, går vi framleis ut ifrå at denne typen arbeid er ulovleg, seier han.

Stoppar ikkje

Arne Viste har ingen intensjonar om å stoppe.

– Han er framleis i jobben og kjem heller ikkje til å slutte. Politiet treng ikkje kontrollere dette, det er berre å spørre meg. Eg kjem til å halde fram og problemet med meg blir berre større og større.

Viste jobbar på for å få stadig fleire tilsette og har mål om 50 innan året er omme. No har han 25.

– Dette er den tredje saka vi har med arbeidsnekt. Det har skjedd i Bergen og i Kristiansand. Eg ga beskjed om at dei tilsette ville halde fram i jobben, og så skjer det ingenting. Ingen kjem til å ville ta i denne saka igjen.

Les også

Sylvi Listhaug: «Klart det er forbode for papirlause å arbeide»

Les også

Politiet: Advarer mot å ansette ulovlig

Avslutta saka

Utlendingslova nektar papirlause innvandrarar å jobbe, men Viste meiner han har Grunnlova på si side når han likevel gir dei jobb. Sjølv om politiet i Stavanger avslutta saka, var dei tydelege på at det likevel kan vere straffbart.

– At saka blir blir lagt bort på bevisets grunnlag er ikkje det same som å seie at det ikkje er i strid med lova å ha mennesker utan arbeidstillatelse i arbeid, uttala politiadvokat Kristoffer B. Johannessen.

Då politiet la bort saka viste dei til bevisets stilling. Dette til trass for at det var Viste som melde seg sjølv til politiet og har lagt fram bevis. Viste har over 20 tilsette som etter Utlendingslova ikkje kan jobbe.

Kvar gong Arne Viste tilset ein ny papirlaus innvandrar, melder han frå til politiet. Viste sin advokat, Bent Endresen, har tidlegare uttalt at han trur sympati er grunnen til at dei ikkje grip inn.

– Eg trur dei ser at det ikkje er snakk om å utnytte innvandrarar. Politiet ser nok at situasjonen for dei lengeverande asylsøkarane er uhaldbar, og eg trur dei let vere å slå ned på det fordi dei har sympati med handlinga hans, sa han då saka blei lagt vekk.

Les også

  1. Advokaten meiner Norge bryt menneskerettane

  2. Arne vil vite om det han gjer er lovleg

Publisert:
  1. Politiet
  2. Oslo
  3. Flyktninger

Mest lest akkurat nå

  1. Kun to elever igjen i klasserommet - resten er hjemme med korona

  2. Bensinprisen over 20 kroner i Stavanger

  3. Vil ha bom mot russ og sextrafikk på landets lengste sandstrand

  4. Tor-Erlend (35) selger våt ved rett fra kløyvemaskinen: - Folk sikrer seg ved til neste vinter

  5. Fascinerande dokumentar om verdas vakraste gut

  6. Koronapasient i 50-årene døde på SUS