Aftenbladets sjef: – Me skal jakta på sanning

– Å ja. Eg kjenner kor tilfredsstillande det er når me har fått det til. Når me gjer ein forskjell i kvardagen til folk.

« Det gjer ingenting om me blir litt lausare, litt frekkare, og utforskar ulike måtar å fortelja ei historie på endå meir, » seier Aftenbladets sjefredaktør Lars Helle.
  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Folk skal finna svar på viktige ting som skjer i regionen i Aftenbladet, seier sjefredaktør Lars Helle.

– Der må me levera kvar dag. Me har lesarar som bryr seg. Det er utruleg viktig for oss, lesarane er mye viktigare enn dei formelle eigarane, viss nokon skulle lura på det. Difor må me blø for Aftenbladet, me må forstå mediebildet, og me må vera det utruleg viktige limet mellom oss og lesarane.

Me skal bry oss

– Kjenner me som jobbar i Aftenbladet lesarane våre godt nok?

- Der vil alltid oppfatninga sprika. Inne i redaksjonen vil me sikkert meina me er betre på det enn lesarane sjølv meiner. Men me har ein tradisjon tilbake til Lars Oftedal for å kjenna folk på pulsen. Oftedal snakka med folk, ikkje til folk. Han haldt seg på bakkenivå, han brukte stavangerske dialektord når han skreiv. Han stakk til og med nokre kroner til dei konene som hadde menn som drakk opp lønna si. Nå har me heldigvis eit betre system for sosialhjelp i samfunnet enn i hans tid. Men me skal bry oss. Aftenbladet skal ha eit sosialt engasjement.

– Altså. Når det gjeld bompengar, ser det ut til at mange meiner Aftenbladet slett ikkje bryr seg eller veit kva som er viktig for folk?

– Men viss folk vil vita noko om bomringane, må dei lesa Aftenbladet. Der har me levert. Så kan me godt tola at Aftenbladet blir skulda for å vera aktør, at me tar stilling, at me har ein agenda. Det må me vera audmjuke for. Akkurat nå syns eg me har dekka det bra.

– Men ikkje heile tida?

– Nei, me kan alltid bli betre. Det kan me aldri koma frå, og aldri slutta å diskutera. Både når det gjeld kva me ikkje har gjort, og kva me har gjort. Eg meiner nok at me står nærmare folk i denne saka enn det ser ut til av reaksjonane som kjem. Men bompengedebatten er ingen god debatt, den har blitt eit VM i å misforstå kvarandre. Og det opprørande er ikkje kva folk meiner om oss, men at politikarane nå må ha vakthald på møta sine. Det er heilt utruleg. Det opprører meg verkeleg.

LES OGSÅ:

Les også

Alt dette - og mer til - kan du bli med på når Aftenbladet er 125 år

-Me må hengja me på korleis folk snakkar saman.

Midt i flokken?

– Kva er ein god debatt?

– Når det handlar om viktige ting. Når det er minst to standpunkt, tydeleg formulerte, der ein kan få sympati for begge sider. Og når folk kan vera skarpe mot kvarandre - men ikkje nødvendigvis vondskapsfulle. Det kan jo bikka over.

– Aftenbladet blir ganske ofte kalla Mainstream Media - MSM. Kva syns du om det?

– Me er jo det. Store regionaviser skal vera breie og vide. Me skal vera mainstream. Me har ingen bestemt misjon for eitt synspunkt eller for eitt bestemt politisk parti. Men me har alltid stått for noko. Me har tradisjon for å vera ei liberal avis, med sterk tru på enkeltindividet. Derimot kunne me godt vore meir rabulistiske.

– Korleis?

– Eg har jo jobba lenger utanfor Aftenbladet enn innanfor, og høyrer til dei som syns me kan bli vel pompøse og tantete. Det treng ikkje vera bare i kva me meiner, men også i måten me dekkar saker på. Det gjer ingenting om me blir litt lausare, litt frekkare, og utforskar ulike måtar å fortelja ei historie på endå meir. Me kunne for eksempel vore tettare på interessante folk i vår eigen region - dei har meir å by på enn me får fram.

– Avtroppande sjefredaktør i Klassekampen, Bjørgulv Braanen, er bekymra over at me er for einige i norske aviser. Forstår du han?

– Me er det. Samtidig som me ikkje godt kan vera ueinige bare for å vera ueinige. Men det er befriande når ein kan finna eit anna perspektiv, sjå på saka frå ein annan kant. Nå denne veka syns eg nok mange aviser har vore for ukritiske til Riksrevisjonen sin rapport om sikkerheit. Me burde klara stilla spørsmål til dei også, ikkje bare kjøpa heile konklusjonen.

Store ting

– Tina Bru tenkte nettopp høgt om store ting i Aftenbladet. Ho lurer på om det langsomt jobbande demokratiet ho kjenner frå Stortinget, er heilt på kollisjonskurs med dei raske kanalane veljarane kan kommentera, ytra, aksjonera og kritisera i? Må me endra på noko?

– Tina Bru blei med rette rysta over måten ho blei behandla på i sommar, etter å ha meint noko om klimaendringar. Det er tankevekkjande spørsmål ho stiller. Men endringar tar også tid. I bompengedebatten blei det ei viss disiplinering når ein av dei som blei truga melde frå til politiet.

– Men ikkje før nokon gjekk til politiet?

– Det er det me må gjera, når nokon går så langt. Me gjer også det, når nokon vil bruka vald og truslar mot oss i Aftenbladet. Politiet i Norge tar slike ting på alvor.

– Kva blir vår rolle i alt dette framover?

– Me må hengja med på korleis folk snakkar saman, korleis dei orienterer seg i verda. Det er på snap. Det er videoar og snakkebobler og bilder. Me må klara dekoda det.

– For oss gamle er det vanskeleg ikkje å pipa om korleis me då skal klara å få fram nyansar og det som er samansett og komplisert og ikkje går heilt opp?

-Me må ikkje vera så arrogante at me ikkje kan endra verkemidla våre. I tidlege internett-tider, trudde ein det var mindre sant og riktig det som stod på nett. Det er ein gammal myte mange tydde til. Nå veit me at det ikkje er sant. Lange og viktige saker er blant dei mest leste på nettet.

– For å halda oss til dei store spørsmåla - me har blitt meir og meir opptekne av kvar enkelt sine rettigheitar i dette landet. Kjem det til å svekka innstillinga og viljen til å ta ein for laget og finna store, felles løysingar? For eksempel når det gjeld klimaendringar?

– Det trur eg ikkje. Me har jo tradisjonar for å få til det. For å snakka saman og bli einige, utan å måtta ty til rettsvesenet. Men det er viktig at dei som er skeptiske, anten det er til klimaendringar eller andre ting, må få ventilera. Me må sleppa dei til.

- Kva syns du om alternative nettstader, som Resett?

– Sanning kan ha mange perspektiv. Men i Resett insisterer dei på å ha rett sjølv når dei tar feil. Dei gjentar og gjentar det same, som om det skulle gjera det riktigare. Lars Oftedal sa at me skal gi full beskjed, i ei sann utgreiing om dei faktiske forhold. Når ein ikkje gjer det, har eg vanskeleg for å forholda meg til det. Dette er jo noko av den same grunnen til at 300 aviser i USA nettopp gjekk ut for å forsvara si eiga rolle. Folk demonstrerer mot det dei kallar Fake News, fordi verkelegheita ikkje ser ut slik dei vil den skal sjå ut.

Trua på det me gjer

– Nokon har sagt at sjølv om me ikkje lenger er einige om kva som er sant, må me i det minste vera einige om kva som er fakta?

– Men me er jo ikkje der heller, lenger. Me blir ikkje ein gong einige om kva som er premissa for ein debatt.

-Nå kjenner eg at eg slit litt med å halda oppe trua på framtida, Lars.

- Gjer du? Me må ha tru på det me gjer i Aftenbladet. Me må vera tru mot vår jakt på sanninga. Me må visa folk at me alltid jobbar for å gi full beskjed i ei sann utgreiing. Og Norge er ikkje så einsidig, me har ekstremt mange kanalar, og aviser spreidde utover heile landet. Ingen dekkar same geografi som Aftenbladet. Ingen kan vera like Aftenbladet. Sjølv om me er mainstream i haldning.

– Det finst også dei som prisar dette store fleirtalet i midten, der rommet for å finna løysingar finst?

-Ja. Me kan slå eit slag for det. Me kan snakka negativt om konsensus. Men det er fortsatt eit teikn på at folk kan bli einige gjennom å snakka saman. Utan bruk av rettsvesenet. Og eg trur eg kjenner Aftenbladet sine lesarar godt nok til å vita at dei også set pris på det.

Publisert:
  1. Lars Helle
  2. Demokrati
  3. Politikk

Mest lest akkurat nå

  1. «Glimt av gammel storhet – og masse rør og rot. Men det viktigste denne kvelden var kanskje ikke kvaliteten på Kristian Valens show.»

  2. Kvinne brukte superlim på naboens elbil-lader

  3. Et enkelt Messenger-spørsmål fra en slektning ble til et mareritt for Rune Nedrebø

  4. Forsinket båt fra Sauda

  5. Hadia Tajik-erstatter klar for Stortinget – tre kandidater til maktrolle i Rogaland

  6. Da hun fikk påvist det arvelige genet, fikk hun valget. For henne var det aldri et spørsmål.