Organist i eigen konfirmasjon

Medan dei andre går i prosesjon inn i kyrkja neste søndag, sitkonfirmanten Jarle Fagerheim på orgelkrakken.

  • Reidun Gudmestad
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 16 år gammel

KLEPP: Når sjølve forbønshandlinga står for tur, kneppar han opp trykk-knappane på armane og skundar seg ned til dei andre. Fire konfirmasjonsgudstenester har den unge organisten det musikalske ansvaret for dei to komande søndagane. Hans eigen konfirmasjon skjer på den sist. — Eg har førebudd meg veldig. Eg har skrive litt musikk sjølv også, for å få det slik eg likar, seier han. Nokre forspel til salmar har han laga, og også nokre satsar til salmene og nye harmoniar. Jarle var ikkje store karen då han var med organist-mor Bodil Fagerheim i kyrkja og heldt seg rundt orgelet. Men han var elleve år då han sjølv begynte å spela på instrumentet. No er han 14. Mor inspirerer - Mor har vore inspirasjon og forbilde for meg. Ho har lært meg, men eg har også lært meg mykje sjølv. No øver han heime på piano to-tre timar om dagen. Og så stikk han innom kyrkja nokre timar sånn cirka annakvar dag. - Eg øver også i Bore kyrkje, fordi orgelet her i Klepp er så middelmådig og kjedeleg, fortel konfirmanten. Første gong han spelte til gudsteneste var hausten 2002 i Ræge kapell. Seinare har det vorte noko vikariering. Og no manglar dei fast organist i Klepp, så då har han fått ein del sjansar. Etter kvart no vil han også ta orgeltimar hos andre. I sommar skal han ta ein prat med organisten i Nidaros, så vil det visa seg om det vert meir av det. Draumen er å verta konsertorganist. Det gir meir mulighet til å både øva og spela enn å vera fast organist i ei kyrkje. - Det er spela eg likar. Det fylgjer så mykje anna med ei organiststilling. Men før det vonar han på studiar i utlandet på eit kjent konservatorium der. Gjerne Tyskland. Han har eit anna forbilde også: - Den tyske organisten Felix Hell som bur i USA, spelar utruleg godt. Han turnerte i USA då han var 13 år. Det er inspirerande å tenkja på. Mor, som då heitte Bodil Vik, var også tidleg ute. Ho var 13 år då ho 6. mai 1972 hadde konsert i Domkyrkja Tog - Veldig mange organistar er spesielt fascinerte av tog. Det er eg også, fortel ungguten. Han filosoferer litt over om det finst likheter mellom orgel og tog. For Jarle Fagerheim sit ikkje ved orgelkrakken heile dagen. Sosialistisk ungdom, Målungdommen, Juvente og Natur og Ungdom er berre nokre av organisasjonane han er aktiv i. - Eg held meg på venstresida. Og så er eg med i Setesdalsbanens venner. Jarle har spelt på Ungdommens Kulturmønstring. Men sin første offentlege orgelkonsert har han enno ikkje halde. - Eg har lyst. Eg får sjå kva eg skal gjera i sommar, seier han. reidun.gudmestad@ aftenbladet.no

Publisert:
  1. Helse

Mest lest akkurat nå

  1. Torvik beklager e-post: – Ikke rasistisk ment. – Kan oppleves rasistisk, sier professor ved VID

  2. Ny studie på demens: – Funnene er oppsiktsvekkende

  3. Fjell­bygda nektet å dø. Nå har de store planer

  4. «Dette går ikke, Viking. Berntsen kan ikke få en slik avskjed»

  5. Volden på Vaulen badeplass: Tre gutter tiltalt etter at 15-åring ble slått bevisstløs

  6. Er norsk statsborger og disponerer leilighet i Norge. Må likevel på karantenehotell: – Dette er internering