Etterlyser betre ferjetilbod til småøyane i Ryfylke

Dei tre kommunane Strand, Hjelmeland og Finnøy går saman og ber Rogaland fylkeskommune syte for betre båttilbud i Ryfylke-fjordane.

Brimse er ei av øyene med dårleg båttilbod.
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over fem år gammel

Sør Hidle, Heng, Brimse, Helgøy i Årdalsfjorden, Byre, Sør Bokn og Måløy har altfor dårleg samband med omverda, ifølgje de tre Ryfylke-kommunane.

I samband med utlysing av anbod for av ferjedrift, vart det i 2013 sendt over eit forslag om betre ferjetilbodet for desse «småøyene».

– Dette forslaget vart ikkje tatt omsyn til når det gjaldt ferjetilbod for desse øyene. Per dato er det næringsaktivitet på alle øyane. Kommunikasjonstilbodet som blir dekka med MS «Lysefjord» er ikkje godt, heiter det i eit brev frå varaordførar Astrid Norland i Strand, ordførar Henrik Halleland i Finnøy og ordførar Bjørn Laugaland i Hjelmeland.

For liten båt

Problemet med MS «Lysefjord» er at båten har berre kapasitet til ein lastebil med last (totalt 23 tonn). Det må bestilles plass til lastebil, og når ei øy legg beslag på denne plassen fører det til at dei andre øyane i ruta ikkje får nytta båten til frakt av lastebil. I store delar av sommarsesongen er plassen fast bestilt. Konklusjonen er at båten totalt sett har for liten kapasitet.

– Om ein samanliknar med «by-øyane» ser ein at desse har eit mykje betre tilbod enn nevnte øyer, argumenterer Ryfylke-kommunane.

Ikkje likt

Det er heilt vanleg at innbyggarar, fritidsbuarar og næringsdrivande på Ryfylke-øyane må leige ferje for eiga rekning til godstransport. Dette gjer at tilbodet ikkje er likeverdig, meiner ryfylkingane.

Finnøy kommunestyre har tidlegare peika på at øyane Byre og Bokn har store utfordringar knytt til godstransport.

– For tida er det ei positiv utvikling på fleire av øyane. Det nye fruktlageret i Årdal i Ryfylke har ført til ei større satsing på frukt. Ei næring som det er lange tradisjonar for og gode tilhøve for på fleire av øyene. Dårleg kommunikasjon for gods vanskeleggjer nye investeringar. Dette gjeld og andre næringar. Me ynskjer at fylkeskommunen snarast vurderer om det kan innførast ei ordning som gjer det mogleg for «småøyane» å bestille ei bilferje med god kapasitet ein gong i veka, føreslår dei tre kommunane.

Les også

Hauteroute til Rogaland i 2018: - Dette er å få sykkelsportens Michelin-stjerne

Publisert: