Meiner tunnelangst vil få økonomiske konsekvensar for Rogfast

Norges Miljøvernforbund meiner myndigheitene har unnlatt å kartlegge tunnelangst av frykt for upopulært resultat. Statens vegvesen viser til erfaringar frå andre tunnelar.

Dersom mange nok vegrar seg for å køyre ned i djupet av Rogfast, har fylkeskommunen eit økonomisk problem, seier Miljøvernforbundet. Dei har etterlyst brukarundersøking, men ikkje fått gehør.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Sintef anslår at mellom 500.000 og 1.000.000 mennesker føler ein form for ubehag når dei køyrer tunnelar. Difor burde tunnelangst blitt undersøkt i startfasa av Rogfast, meiner Norges Miljøvernforbund.

Tunnelen er 26 km lang, undersjøisk og har sitt djupaste punkt på rundt 390 meter under havoverflata. Med andre ord har den kvalitetar som dei med tunnelangst gjerne fryktar mest.

Les også

Køyrer lange omvegar for å unngå tunnelar

Les også

Hypokonderlegen om tunnelangst: - Du må velge å tru at det er trygt inntil vidare

– Fryktar resultatet

– Det har ikkje stått på midlane når ein har utgreia Rogfast. Då er det uforståeleg at ein ikkje har undersøkt noko så viktig. Eg trur dette kjem av at ein har frykta resultatet av ei slik kartlegging, at for mange folk uttrykte skepsis, seier Per Nordbø, saksbehandlar i Miljøvernforbundet.

Dei har tatt opp brukarundersøking i mange mailar til Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen. Dei meiner ei spørreundersøking blant brukarane burde vore på plass før Stortinget skulle ta stilling til Rogfast. Då dette ikkje skjedde, foreslo dei at dette burde bli gjort i den eksterne kvalitetssikringa av prosjektet som Samderdselsdepartementet og Finansdepartementet laga på bestilling av Regjeringa. Samferdselsdepartementet svarer at dei merka seg synspunkta, men heller ikkje her fekk Miljøvernforbundet gehør.

– Ved bygging av tunnel reknar ein alltid med generell trafikkauke, men her trur eg ikkje det skjer fordi folk vil vegre seg. Det kan bli dyrt for fylkeskommunen som står som garantist. Og den dagen det faktisk skjer ei ulykke, vil det føre til at enda færre tørr å køyre der, seier Nordbø.

Han viser til Riksrevisjonen sin rapport om tunneltryggleiken i Norge der det heiter at undersjøiske tunnelar har langt fleire brannar enn ein gjennomsnittleg tunnel.

Lener seg på tidlegare erfaring

Tor Geir Espedal, prosjektleiar i Statens vegvesen for Rogfast, viser til undersøkingar i andre tunnelar.

– I flere av dei store tunnelprosjekta har ein gjennomført kurs i å mestre tunnelangsten. Dette gjer ein no i Ryfast-prosjektet og det vil også bli gjort seinare i samanheng med Rogfast-prosjektet. Ei kartlegging av tunnelangst for Rogfast-prosjektet vil difor neppe tilføre noko nytt i forhold til det vi allereie veit. Det er gjennomført undersøkingar ved andre lange tunnelar, noko som gjer at vi har stort nok erfaringsgrunnlag allereie.

Han viser til Lærdalstunnelen der det er gjort fleire tiltak som skal hjelpe mot angst, mellom anna eit utvida fjellrom med spesiell belysning. Noko liknande kan vere aktuelt i Rogfast.

At tunnelangsten kan føre til vesentleg lågare trafikk og dermed få følger for finansieringa, har han ingen tru på.

– Vi må ta omsyn til dette i trafikkprognosen, men dagens trafikk over Boknafjorden går jo allereie gjennom andre tunnelar. Har ein så stor angst, hadde ein vel ikkje køyrt gjennom desse heller. Vi er klar over at ein del har dette angstproblemet, men det er fleire tiltak ein kan gjere for å redusere det.

– Så kan ein seie at Rogfast er spesiell fordi tunnelen er så lang, men eg trur folk vil ha ei oppleving av at dette er ein trygg tunnel. Vi må få forklart til folk at den skal ha to løp og at det vil vere rømningsmoglegheiter frå det eine løpet til det andre.

Les også

Strand seier ja til Høgsfjordsambandet

Forskarar vil kartlegge tunnelangsten

I fjor la Sintef fram eit tilbod for Statens vegvesen om å gjennomføre køyresimulator-undersøking for Rogfast. Ei slik kartlegging tar føre seg reaksjonane når ulike grupper mennesker gjennom ein simulator får teste korleis det vil vere å køyre tunnelen. Spørsmålet er ikkje kor sikker tunnelen er, men kor sikre deltakarane føler seg.

Prosjektleiar i Rogfast, Tor Geir Espedal, bekrefter at dei har mottatt tilbodet, men seier dei framleis ikkje har konkludert.

Den foreslåtte kartlegginga samlar ei gruppe på rundt 40 personar, menn og kvinner i alle aldrar, der enkelte har tunnelangst medan andre liker godt å køyre tunnel.

– I ei slik kartlegging kan ein få fram kor mange som vegrar seg for å køyre der. I tunnelar som ikkje er standard, det vil seie lengre enn tunnelnormalen på ti kilometer, krev det ekstra vurdering av tryggleik, seier forskar Gunnar Jenssen i Sintef.

Publisert:
  1. Norges Miljøvernforbund
  2. Sintef
  3. Statens vegvesen
  4. Samferdselsdepartementet

Mest lest akkurat nå

  1. Joacim Holtan ordnet en utrolig viktig Bryne-seier

  2. Burde vært bedre

  3. Vidar Nisja har fått ny jobb

  4. Tiltalt våpensamler mener politiet har forvekslet en pyroteknisk bombe med nødutstyr

  5. Her starter Stangeland Maskin arbeidet med ny E39 gjennom Lyngdal

  6. Huset deres har vunnet arki­tektur­pris: – Plan­løsningen fungerer vel­dig bra for oss