- Foreldre som vel nynorsk må gjera jobben sjølve

Fram til nå har om lag 25 seksåringar valt nynorsk som hovudmål i Sandnes frå hausten 2009. I tillegg kjem elevane på nynorskskulane Sviland, Høle og Malmheim.

Publisert:

Foto: Odd Kristian Stokka

Helga Robberstad i Sandnes Mållag skulle helst sett at talet nynorskelevar var tidobla.

— Elevane som vel nynorsk som hovudmål i barneskulen, vil tena på det i ungdomsskulen og vidaregåande skule. Det logiske og lettaste for ungane er å starta med nynorsk på skulen, meiner Robberstad.

Ho kjempar for at nynorsk ikkje skal missa fotfeste i Sandnes-skulen. Tala dei siste ti åra syner at ho har ein jobb å gjera.

Gjer jobben sjølv

— Eg har tru på at fleire foreldre i Sandnes vil velja nynorsk for borna sine dersom dei får tilgang til fullstendige klasselister, seier ho.

Robberstad viser til retningslinjer frå Datatilsynet om at foreldra har rett til å få utlevert klasselister frå skulen, med namn, adresse og tlf.nummer.

  • Foreldre får namneliste over dei elevane som har bede om nynorsk på kvar skule, men dei har rett til fullstendige lister over alle elevar slik at dei sjølve kan kontakta kvarandre for å høyra om fleire kan tenkja seg nynorsk for sine barn.
  • Dersom fleire enn ti elevar vel nynorsk på ein skule, har dei rett på opplæring i eiga gruppe i teoretiske fag, seier Robberstad.

NETTMØTE: Helga Robberstad stiller til nettmøte på Aftenbladet.no. Send inn spørsmål og les svarene.

LES OGSÅ:

Sjekkliste

Robberstad veit at mange foreldre sit på gjerdet og ventar på at andre skal ta initiativ. Robberstad rådar dei til å gjera jobben sjølv og foreslår følgjande: Be skulen om fullstendig namneliste. Ring sjølv rundt til foreldre. Foreldre må syta for at minst ti elevar på trinnet vel same målføre. Skulen har ansvar for å leggja forholda til rette og ikkje hindra foreldra i å få oppfylt dei lovlege rettane.

  • Foreldre kan jobba fram til sommaren med å skaffa nok elevar til eigne grupper. Det er feil å seia at det ikkje blir eiga gruppe før skulen begynner, meiner Helga Robberstad.
  • Mange meiner foreldre vel nynorsk for å sikra barnet sitt opplæring i eiga, lita nynorskgruppe. - Det kan godt henda det er slik for nokre, men ikkje for dei fleste, seier Robberstad.

25 elevar som har valt nynorsk frå neste skuleår kjem frå: Sandved 3, Iglemyr/Austrått 3, Lura/Porsholen 4, Ganddal/Sørbø 4, Hommersåk 3, Hana 2 og Trones 4. I tillegg kjem nynorskelevar på Sviland, Malmheim og Høle.

Publisert: