Fleire eldre må bu heime når eldrebølga treffer Sandnes

SANDNES: I framtida er Sandnes kommune heilt avhengig av at fleire gjer som 92 år gamle Aud Miriam Bergsaker. Ho bur heime.

Aud Miriam Bergsaker (92) er Sandnes kommune sin store draum. Sjølv er ho nøgd med heimetenesta, men drøymer om ein plass på Trones bolig- og eldresenter.
  • Birgitte Flote
    Journalist
  • Ola Fintland
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Sjølv om Aud Miriam (92) har tryggleiksalarm og er godt fornøgd med den hjelpa ho får frå heimetenesta, kunne ho eigentleg heller tenkt seg ein plass i eldrebustad. Ho har søkt om plass på Trones bolig- og eldresenter.

– Eg har tre born, men to av dei bur i Sverige og Danmark. Det er einsamt å brått vere aleine etter 70 års ekteskap. Venninna mi seier at på Trones får dei mat fire gongar om dagen, og dei har alltid nokon å snakke med. Men det er nok mange som treng plassen før meg, ein får ikkje plass ved å skrive at ein er einsam. Eg er litt svimmel og skjelven somme tider, men elles klarer eg meg greit, seier 92-åringen.

Det er om lag ti år sidan mannen til Aud Miriam Bergsaker byrja å trenge heimetenesta. Då han døydde for eitt og eit halvt år sidan, heldt helsepersonellet fram med å kome til Aud Miriam. Ho får besøk to gongar om dagen.

– Dei drypper auga mine, hjelper med urintapping, lagar til medisindosett, hjelper meg når eg skal ut av dusjen. Nokre gongar set dei seg ned og pratar, og like etter at mannen min døydde, kunne dei ta seg tid til å prate i fleire timar.

– Var mannen din like nøgd med heimetenesta?

– Ja, han var alltid glad i jentene som kom, ga dei ofte ein klem. Det er fint at ein kan få ein klem når dei kjem.

Aud Miriam Bergsaker synes det er godt at heimetenesta kjem innom to gongar om dagen. Ofte tar dei seg tid til å setje seg ned og prate.

Dobling av eldre over 80

Dei siste åra har Sandnes hatt stor folkevekst blant dei yngste. No snur dette, og eldrebølga treffer kommunen med full styrke. Fram mot 2035 vil talet på innbyggjarar over 67 år auke med 76 prosent. Det er venta ei dobling av dei over 80 år frå rundt 1250 til 2500 personar.

– Ofte får vi inntrykk av at det er sjukeheim som gjeld. Det er det ikkje, og det må vi snu, sa rådmann Bodil Sivertsen då ho la fram budsjettet.

I dag har Sandnes ei dekningsgrad på 22 prosent på heildøgnsomsorg for personar over 80 år. Det betyr litt meir éin sjukeheimsplass for kvar femte innbyggar over 80 år.

Skal kommunen oppretthalde same nivå, må dei investere 1,6 milliardar kroner i sju nye bu- og aktivitetssenter med 75 plassar i kvar. Det inneber 528 nye sjukeheimsplassar og gir kommunen minst 528 millionar i årlege driftsutgifter.

– Dette har vi visst lenge. Derfor har vi satsa på å leggje til rette for tenester i heimen. Men dei som treng sjukeheimsplassar, skal få det når dei treng det, seier ordførar Stanley Wirak (Ap).

SV er klare på at teknologien aldri kan erstatte den menneskelege kontakta.

– Velferdsteknologi er eit godt verktøy, men skal ikkje gå ut over møtet mellom menneske. Det skal vi i SV kjempe for med nebb og klør, seier Heidi Bjerga (SV).

Les også

Stavangerbudsjettet: Jostein får medisinene sine av en robot

Sensor skal fange opp fall

Behovet for tenester aukar mest i pleie- og omsorgssektoren, skriv rådmannen i sitt budsjettforslag. Det er lagt opp til fleire store investeringar. Blant anna får Lunde bo- og aktivitetssenter 95 millionar til 14 nye sjukeheimsplassar og 13 millionar til å drifte desse. Nytt dagsenteret og aktivitetstilbod, Vågsgjerd, får 84 millionar kroner.

– I budsjettet er det ei styrking i heimetenesta. Innan 2022 skal heimetenesta trappast opp med 10 millionar kroner. Vi vil gi folk hjelp på lågast mogleg nivå, blant anna gjennom kvardagsrehabilitering. Til dømes ved brot i lårhals vil eit team av fysioterapeut og ergoterapeut kome heim og gi intensiv trening der, seier Elin Selvikvåg, direktør for levekår i Sandnes.

Kommunen har store planar innan velferdsteknologi, men har ikkje den totale summen ettersom dette er fordelt på forskjellege postar.

– I dag er det om lag 700 personar som har tryggleiksalarm, og vi har nyleg fått på plass ei digital plattform som sikrar betre kontakt dersom ein utløyser alarmen.

Kommunen jobbar med å skaffe medisindispensarar, ein slags robot som gir beskjed når det er tid for å ta medisin. Og etter kvart er planen å satse på sensorteknologi, som til dømes kan varsle automatisk ved fall.

Det er altså no, i 2018, at Sandnes skal gå frå å ha størst vekst blant dei yngre til å bli ei kommune der stadig fleire er over 80 år.

– Det kan eg aldri tenke meg

Aud Miriam Bergsaker har tryggleiksalarm og er veldig fornøgd med det. Ho har den alltid på. Skulle noko skje, trykker ho på ein knapp. Utover det synes ho velferdsteknologien er framand og skremmande.

– Å, nei takk, nei takk, nei det kan eg aldri tenke meg. Det kjem så brått, vi er ikkje klare til å ta imot slikt. Kan hende er det betre for dei som veks opp no. Eg likar ikkje at ein skal setje så mykje merkeleg på oss gamle. Eg las på Facebook om eldre i Danmark som skal få hjelp gjennom skjermar, at nokon skal snakke til dei gjennom skjermen. Det er ikkje det same som at nokon kjem og går inn døra. Ein skal vel spare pengar, men såpass må Norge ha råd til.

Fleire saker frå Sandnes-budsjettet:

Les også

  1. Dette blir dyrere i Sandnes

  2. Sandnes utsetter diskusjon om 150 millioner

  3. Endelig får Sandnes ny svømmehall

Publisert:
  1. Sandnes kommune
  2. Velferdsteknologi
  3. Eldreomsorg
  4. Sykehjem
  5. Psykisk helsevern

Mest lest akkurat nå

  1. Ventetid på inntil ett år på SUS: – Fører til stor frustrasjon

  2. Arild Østbø med klar beskjed etter ny praktkamp: - Jeg har fortalt at jeg vil stå

  3. Oversvømmelser og store vannmengder langs E39

  4. Oilers snudde kampen mot erkerivalen: - Vi fikk høre det i pausen

  5. «Det er klart du ikke tror på kjærligheten. Du vokste jo opp med din mor og meg»

  6. Blandet mottakelse for «Nordsjøen» – fra treere til «en oppvisning»