Smitte på sjukeheim i Time

Ein tilsett og fire bebuarar på Sivdamheimen i Time kommune har fått påvist koronasmitte.

Det er innført besøksstopp ved alle avdelingar på Sivdamheiemn etter koronatilfella som har blitt påvist i helga.
  • Andreas Askildsen
    Andreas Askildsen
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er 91 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

Den tilsette fekk smitten påvist fredag. I etterkant av dette vart bebuarar ved demensavdelinga satt i karantene og testa. Fire av desse fekk laurdag kveld påvist smitte. Alle dei smitta bebuarane er fullvaksinert.

– Erfaring viser at fullvaksinerte ikkje er 100 prosent immune mot covid-19, men at sjukdomsforløpet for fullvaksinerte som vert smitta som regel er mindre alvorleg enn for uvaksinerte, seier Øystein Øgaard, kommuneoverlege i Time, i ei melding på kommunens nettstad.

Delta-svar neste veke

Førebels er det uvisst om dei smitta har delta-varianten av koronaviruset. Dette er noko kommunen nå jobbar med å avklara.

– Me reknar med å få svar på dette litt ut i neste veke, seier Øgaard.

Tilsette og besøkande som er definert som nærkontaktar til dei smitta blir satt karantene. I tillegg blir alle uvaksinerte tilsette ved demensavdelinga bedt om å testa seg, uavhengig om dei er nærkontaktar eller ikkje.

Besøksstopp

Fram til situasjonen er meir avklart vil det vera besøksstopp ved alle avdelingar på Sivdamheimen. Det vert gjort ei ny vurdering av dette på måndag. I tillegg vil Vibå dagsenter på Sivdamheimen halda stengt i veke 26.

Nærmaste pårørande til bebuarar ved demensavdelinga er informert om situasjonen.

Publisert:

Korona-viruset

  1. Norge er åpnet. Men fortsatt kan 1,5 millioner nord­menn drive smitten videre. Hva skal til for at til­tak blir gjen­inn­ført?

  2. Tusenvis feiret gjen­åpningen på Torget: – Velkommen tilbake, Stavanger

  3. Nå er Norge gjenåpnet – Stordalen tjuvstartet med konfettien

  4. Flere land har snublet etter en gjenåpning. Derfor kan Norge lykkes bedre.

  5. Hun fikk hjerne­slag midt under pandemien. SUS innrømmer at de ikke gjorde en god nok jobb

  6. – Nå blir det fest på Tou Scene

  1. Korona-viruset
  2. Koronaviruset
  3. Time
  4. Time kommune
  5. Sykehjem