• Til alt hell hadde kommunehuset i Suldal akkurat 12 vindauge fordelte på to rekker. Heidi Hjorteland Wigestrand

Er dette Norges største adventskalender?

Kommunehuset i Suldal er i år gjort om til ein gedigen adventskalender. Kvar natt klokka 00.00 blir lyset slått på i eit nytt tal. Rådmann Siri Fahlvik Pettersen har fått æra av å husa 24 — talet på sitt kontor.