Han er ny direktør i Jærmuseet

Atle Fiskå blei torsdag tilsett som ny direktør i Jærmuseet. Fiskå tek over direktørjobben frå Målfrid Snørteland, som går av med pensjon til våren.

Atle Fiskå kjem frå stillinga som leiar ved Lerang Forskningsstasjon i Skretting ARC.
  • Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Dette skriv Jærmuseet i ei pressemelding:

Styret i Jærmuseet har tilsett Atle Fiskå som direktør for Jærmuseet. Fiskå tek over direktørjobben frå Målfrid Snørteland som går av med pensjon til våren, etter 36 år i stillinga.

Atle Fiskå (49) kjem frå stillinga som leiar ved Lerang Forskningsstasjon i Skretting ARC. Før det har han blant anna arbeidd som avdelingsdirektør i Museum Stavanger (MUST), som dagleg leiar i Akvamiljø AS og forskingssjef i IRIS. Fiskå har doktorgrad frå det medisinske fakultetet ved Universitetet i Bergen, og ein cand.scient.-grad i zoologisk og human fysiologi frå same universitet.

Styreleiar i Jærmuseet, Endre Skjørestad, er særs godt nøgd med at Fiskå takka ja til direktørjobben.

– Fiskå har solid bakgrunn som forskar, og har ein kompetanse som gjer han kvalifisert til å leia og vidareutvikla museet si rolle som regionmuseum og som regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Samstundes har Fiskå museumsfagleg bakgrunn og solid leiarerfaring. Han kan visa til gode resultat i dei rollene han tidlegare har hatt. Jærmuseet skal realisera fleire større prosjekt framover, blant anna Maritimt Vitensenter i Randaberg. I dette arbeidet vil Fiskå sin kompetanse og tidlegare erfaringar vera til særs god nytte, seier han i pressemeldinga.

Fiskå sjølv seier dette:

– Eg gler meg først og fremst til å bli kjent med dei mange dyktige kollegaene i Jærmuseet og saman med dei vidareutvikla denne viktige kunnskaps- og formidlingsinstitusjonen.

Fiskå vil ta til i stillinga våren 2022 etter nærare avtale.

Les også

  1. Oljemuseet og Museum Stavanger slått på målstreken av Uni­ver­sitets­museet i Bergen

  2. Regjeringen støtter nytt vitensenter i Randaberg

Publisert:
  1. Jærmuseet

Mest lest akkurat nå

  1. Forsker Gunnveig Grødeland: – Omikron kan være veien ut av pandemien

  2. Strammer inn tirsdag: – Det blir tiltak vi vil merke i hverdagen vår

  3. Regjeringen framskynder tredje dose for alle over 45

  4. Stålverket på Jørpe­land legges ned – 77 ansatte mister jobben

  5. Frykter du ny korona­bølge? Nå kommer FHI med glad­nyhet

  6. 14.000 lys skaper hjemmelaget julestemning i Sandnes