Åtte fellesoppskytingar skal pryde nyttårshimmelen

Men i store delar av Stavanger, Bryne og Randaberg er det ulovleg å skyte opp privat fyrverkeri

Fellesoppskyting på Byhaugen, nyttår 2014/2015.
  • Ruth Einervoll Nilsen
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Når klokka slår midnatt på nyttårsafta, blinkar fyrverkeri frå åtte fellesoppskytingar i regionen.

Profesjonelle pryoteknikarar sender rakettar frå:

  • Bryne
  • Randaberg
  • Vålandstårnet
  • Byhaugen
  • Madlatua
  • Jåttåvågen
  • Varden
  • Prixbanen på Hundvåg

Her finn du oppskytingspunkta i Stavanger:

Skal redusere skadar

Dei store fyrverkeria er ikkje berre for syns skuld. Ifølge Rogaland brann og redning IKS, bidreg fellesoppskytinga til færre skadar.

– Desse er mykje finare enn rakettane ein kjøper for nokre hundrelappar, og er med på å skape betre HMS. Skadar kostar mykje, seier Arild Olsen, branninspektør ved Rogaland brann og redning IKS.

– Kan me bidra til at ein einaste augeskade ikkje skjer, er det verdt heile fellesoppskytinga seier Stein Bethuelsen ved Park og vei i Stavanger kommune.

Les også

Les også: Advarer mot fyrverkeri i Stavanger sentrum

Les også

Les også: Våt nyttårsaften, kaldt neste år

Forbod i sentrum

Ifølgje «Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff» må ikkje oppskyting av fyrverkeri finne stad i tettbygde områder, eller nær tørre omgjevnadar, utan tillating frå leiar brannvesenet.

Dei 8000 husa i trehusbyen i Stavanger er spesielt utsett. Her er det eit totalforbod for privat oppskyting.

Området omfattar Stavanger sentrum, Storhaug, Våland, delar av Hillevåg og Bekkefaret, Mosvatnet, Eiganes, Vestre platå og Misjonsmarka til Lyngveien på Byhaugen, og Kalhammeren til Stemmen og Grasholmen (sjå kart)

Her er det forbod mot å skyte opp privat fyrverkeri i Stavanger.

Også sentrum på Randaberg og Bryne har fått forbodssonar for fyrverkeri (sjå kart)

I sentrum av Bryne er det ulovleg å fyre opp eige fyrverkeri.
Også Randaberg har skjerpa reglane for privat fyrverkeri i sentrum.

Ingen andre kommunar i regionen har eit slikt totalfobod, men brannvesenet opplysar at andre sentrumsområder likevel vil kunne bli omfatta av forskrifta som forbyr oppskyting i tettbygde områder.

Ikkje leiketøy

Olsen i brannvesnet oppmodar folk til å vere forsiktige på nyttårsafta.

– Fyrverkeri er ikkje leiketøy – det er eksplosivar. Og alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman, seier han.

Branninspektøren held fram vernebriller som eit viktig tiltak for beskyttelse, og understreker at ein må utvise forsiktigheit med born i nærleiken.

Publisert:
  1. Fyrverkeri
  2. Rogaland brann og redning
  3. Randaberg
  4. Time
  5. Stavanger

Mest lest akkurat nå

  1. 38-åring tiltalt for vold mot gutt etter ring-på-spring

  2. Korvetten AS begjært konkurs

  3. Han mener livet blir bedre med lavere forbruk. Stadig flere tenker sånn

  4. Fikk sparken i Dalane Kraft etter at han varslet NVE om et sikkerhetsproblem

  5. Klar oppfordring fra de voksne: Ta russetiden tilbake!

  6. Politiet rykket ut til slåsskamp på Klepp