Ein alfahann er ikkje ein alfahann

Det skal mykje til å vera ein ekte alfahann. Djengis Kahn var det. Rune Rudberg og Stein Kåre Kristiansen er det ikkje.

Publisert: Publisert:

Høge menn med sunn og maskulin utsjånad er ofte dei kvinner føretrekk til korte forhold, seier evolusjonspsykolog Leif Edward Ottesen Kennair. (Foto: Colourbox)

  • Heidi Hjorteland
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Somme menn blir kalla alfahannar. I blant moderne menneske blir uttrykket gjerne brukt om dominerande menn og menn som dreg lassevis med damer laurdagskvelden, og gjerne har nokre fleire barnekull enn betahannen og omegahannen.

Les også

Alfahann? Eg? Hmmm...

Men dette er slumsete bruk av eit teknisk, biologisk uttrykk som eigentleg berre kan brukast om menn som held seg med harem og som passar på at han er den einaste som får befrukta haremskvinnene sine, forklarer evolusjonspsykolog Leif Edward Ottesen Kennair.

Frå dyreverda

Slike menn er det ikkje mange av i den moderne verda, minner han oss om. Alfahannar er i dag mest kjent frå dyreverda kor blant anna gorillaer og ulvar lever i grupper der berre ein hann får setja avkom på hoene.

Les også

Kva er ein alfahann?

Skulle ein overføra dette til moderne menneske i reindyrka form, betyr det at sjefen i ei bedrift til dømes er far til alle barn som dei kvinneleg tilsette får.

— Ein temmeleg utenkeleg situasjon, slår Kennair fast.

I dag finn ein menn som i beste fall er lightversjonar av dei opphavlege alfahannane, fordi dei har visse eigenskapar som også dei ekte alfahannane hadde. Den sekulariserte verda kor monogamiet delvis er erstatta av serielt polygami, får også fram fleire av urdriftene i både menn og kvinner, påpeiker evolusjonspsykologen.

Kvinnekontroll

Å vera alfahann dreier seg altså om å få tak i og kontrollera kvinner, eller frivillig få dei til å halda seg til han, slik at denne hannen får spreia genane sine mest mogleg. Det å få tak i kvinner og få avkom, er naturlegvis også viktig for dagens menn. Har eit samfunn for mange menn som ikkje får kvinner eller barn, såkalla omegahannar, kan dette skapa sosial uro i eit samfunn, i form av auka kriminalitet og vald, fortel Leif Edward Ottesen Kennair.

Djengis Kahn har i dag rundt 15 millionar direkte mannlege etterkomarar. Han befrukta ikkje alle i kongeriket sitt, men hadde utvilsamt tilgong til eit stort tal kvinner. Etter kvart som sønene vaks til, blei dei også sette inn i reproduksjon og i maktposisjonar. Slik fekk han både kulturell og genetisk dominans, fortel Kennair.

I dag fins det nokre religiøse grupperingar kor leiaren har rett til å befrukta alle kvinnene i kyrkjelyden. Alfahann handlar jo som mange har forstått om dominans, og då først og fremst om reproduktiv dominans, retten til å spreia genane sine.

Reproduktiv suksess

— Også i dag fins det menn som heilt klart har større reproduktiv suksess enn andre. Tilgongen til kvinner har dei gjerne fått gjennom ein viss sosial dominans, forklarer evolusjonspsykologen.

Les også

Er DU ein alfahann?

Det betyr at menn i leiande stillingar innan næringsliv, politikk og religion har meir sex enn andre menn, dei har fleire koner, elskarinner og tilfeldige seksuelle forbindelsar. Av dette blir det naturleg nok også fleire avkom, gjerne tre-fire kull. I den andre enden av mannehierarkiet står omegahannen, taparen, som aldri vil oppleva å få så mykje som eit einaste barn, fordi ingen kvinne etterspør hans genar. Talet på omegahannar vil truleg auka etterkvart som kvinnene får stadig meir makt og betyding i samfunnet. For då vil dei også i stadig større grad leita etter menn som matchar dei, påpeiker Kennair.

— Det blir ofte hevda at kampen står mellom kjønna. Det er feil. Kampen står mellom kvinne og kvinne, mann og mann. Dei mest attraktive mennene og damene spelar på lag. Det er dei minst attraktive mennene og kvinnene som er i kamp mot kjønnsfeller høgare oppe på rangstigen, påpeiker han.

Kvinnebytte

Attraktive kvinner må også ofte tåla å bli bytte ut med yngre kvinner når deira reproduktive karriere er på hell, slik oppstår også spenningar blant dei meir "vellukka" kvinnene. Heile 25 prosent av norske menn (40-åringar) i dag er utan barn og dei vil neppe få det. Blir dei uønska mennene mange nok kan det føra til sosiale ustabilitet, som krig, vald og vinningskriminalitet, fortel evolusjonspsykologen. I den andre enden tronar dei 12 prosenta av norske menn som greier å få meir enn eit kull barn. Somme kan også få til kunsten å reprodusera seg flittig utan å vera i leiande posisjonar.

Artisten Rune Rudberg og politisk redaktør i TV2 Stein Kåre Kristiansen har begge skaffa seg mange avkom, utan at nokon av dei har hatt særs leiande stillingar.

Leif Edward Ottesen Kennair reknar med at det ikkje er TV2-damer Kristiansen har fått alle 11 barna med. Han ser heller ikkje for seg at Rudberg har vore leiar for ein stor flokk og medvite halde andre menn unna "sine" kvinner.

Kvinnejeger

For Rudberg sin del legg han til at ein viktig alfahanneigenskap er å vera utadvent, og denne heng ofte saman med sosial dominans. Mange kunstnarar til dømes, er både impulsive og livlege, dermed får dei lettare kontakt med det andre kjønn. Å feia over 1000 damer betyr likevel ikkje at ein er alfahann, fordi ein i så fall må ha sikra seg einerett på desse kvinnene i ei avgrensa sosial gruppe. I staden luskar mange av dagens ivrigaste kvinnejegerar i utkanten av flokken og plukkar opp "sårbare" individ, forklarer Kennair.

Menn kan dermed vera seksuelt aktive utan å dominera ei sosial gruppe slik den ekte alfahannen gjer. Både kvinner og menns psykologiske tendensar har komme meir fram i lyset etter kvart som monogamiet har blitt oppløyst og erstatta av seriepolygami. Menns trong til å ønska tilgong til fleire kvinner, har komme meir fram i dagen. Likeeins har også kvinners jakt etter gode genar og gode forsørgjarar blitt meir synleg.

Dominerande romanhelt

— Dominerande menn er i skotet som aldri før, viss ein skal tru tabloidpressas mange siklande oppslag om kvinner som vil piskast og bindast i senga. I sommar har mange blitt presenterte for ein ny type seksuell "alfahann" på marknaden, som visstnok skal ha ein magnetisk appell på mange kvinner. Romanhelten i boka "Fifty Shades of Gery" som bind og piskar dama si i senga. Kvifor likar kvinner tilsynelatande slike hardhente og dominerande menn?

— Her trur eg det er viktig å skilja mellom fantasi og røyndom. Det ein fantaserer om seksuelt, er ikkje nødvendigvis noko ein ønskjer i det verkelege livet. Det er nemleg slett ikkje sikkert at kvinner som blir tende, pirra og fascinerte av slike menn, ville levd i slike forhold når det kjem til stykket. Og skal me halda oss strengt til alfahannomgrepet, er det ikkje nok å berre kunna dominera EI kvinne. Ein blir neppe meir macho av den grunn. Men om denne romanhelten skulle stiga fram frå boksidene, ville han blitt superkjendis, og ein slik status ville kunne auka talet på kjappe seksuelle affærar monaleg, påpeiker Kennair.

Menn blir resirkulerte

Oppløysinga av monogamiet betyr at attraktive menn med gode genar kan resirkulerast blant kvinnene. Dermed blir fleire mindre attraktive menn, valde vekk. Ein attraktiv mann kan fint produsera barn i fire tiår. På det viset held han tre andre menn borte frå reproduksjon. Kvinner vil både ha barn med gode genar **og** god forsørging av avkommet etter fødselen. Difor hender det ikkje så reint sjeldan at ho let éin mann tru han er far til barna som ho eigentleg har fiska genar til andre stader. Høge menn med sunn og maskulin utsjånad er ofte dei kvinner føretrekk til korte forhold. Når det gjeld langtidsforhold, spelar sosial status ei større rolle enn utsjånad, forklarer evolusjonspsykologen.

Ulike ting gir status i ulike miljø. Filosofen Jean Paul Sartre var ikkje nett noko fruktfat, eller typisk mannemann med glinsande musklar og hår på brystet. Han var likevel ein kvinnemagnet av rang ved Sorbonne Universitetet på 60-talet. Han lokka til seg mange kvinner på grunn av sin posisjon, fortel Kennair. Det er elles mange døme på at eldre menn i leiande stillingar innan akademiske kretsar står høgt i kurs hjå mange unge kvinnelege studentar, minner Kennair om.

Utdøyande rase

I religiøse miljø får gjerne leiande menn som hevdar å ha kontakt med Gud og profetiske gåver seksuell makt over mange kvinner. Ofte er leiaren i kyrkjelyden far til fleire barn enn ein gjerne skulle tru, for på utsida står det monogame ekteskapet sterkt, men røyndommen kan ofte være ein annan, seier han.

Alfahannen er nok ein utdøyande rase, men at det er forskjell på mannfolk, vil nok bli meir og meir tydeleg ettersom åra går dersom stadig fleire menn nedst på rangstigen opplever å bli valde vekk av kvinner, som heller vil ha ein fint brukt ein, eller ein ubrukt omegahann.

Kennair påpeiker at for dei minst attraktive kvinnene vil det likevel nesten alltid finnast ein mann, medan dei minst attraktive mennene blir sitjande att med ingenting. Kanskje ikkje så rart då om desse mennene av og til stirer misunneleg opp på dei mennene som dei mellom samanbitne tenner kallar alfahannar. Og då er det ikkje godt meint. Ifølge Statistisk Sentralbyrå vil delen barnlause menn berre stiga i åra framover.

- Dei mest attraktive mennene og damene spelar på lag, seier evolusjonspsykolog Leif Edward Ottesen Kennair. (Foto: Colourbox)

Evolusjonspsykolog Leif Edward Ottesen Kennair.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kommunen med innstendig bønn før dagens støttemarkering i Stavanger: - Vi er bekymret

  2. Disse vil bli nye direktører i Oljedirektoratet

  3. 18 nye smittede i Norge siste døgn

  4. Trebarnsfaren tok livet sitt. – At alle fortsatt vil snakke med oss om Pål, betyr enormt mye.

  5. Advarer menn i Bergen: – Mens den ene kvinnen kysser ham, tar den andre pengene fra minibanken

  6. Sauda-hotell konkurs, men drives videre

  1. Nytte