Hans Voll får Klepp kommune sin kulturpris

Hans Voll får Klepp kommune sin kulturpris.
  • Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Matkultur er viktig i Klepp, og Hans Voll har utmerka seg gjennom det han har oppnådd gjennom Voll ysteri og Jærosten. Prisvinnaren har allsidig bakgrunn og brei kompetanse og er ein person som set spor etter seg. Hans Voll overtok farsgarden i 1973 og dreiv som bonde fram til 2001. Då starta han oppatt Voll Ysteri. Ysteriet var før dette i drift frå 1901 til 1962.

Jærosten har etter kvart blitt ein velrennomert og kjent ost. I 2003, 2005 og 2007 fekk Jærosten gull på landsutstillinga for gardsost, og i 2007 fekk den utmerkinga «Årets gardsost». Også i 2009, 2011 og 2021 vart Voll og osten hans premiert i ulike samanhangar.

Hans Voll har levert ost til NOMA i København, ein kjent restaurant med 3 Michelinstjerner.

Profilerte kokkar og kjendisar, som blant anna Arne Hjeltnes, Arne Brimi, Bodil Nordjordet er blant dei som brukar Jærosten.

Hans Voll har vore politisk aktiv i Senterpartiet og har ei rekkje verv i næringsliv, skule, kyrkje og organisasjonsliv.

Kulturprisen vil bli delt ut på ordføraren sitt nyttårstreff i Klepp rådhus, 1.nyttårsdag 2021.

Publisert:
  1. Klepp kommune

Mest lest akkurat nå

  1. Korvetten AS begjært konkurs

  2. Fikk sparken i Dalane Kraft etter at han varslet NVE om et sikkerhetsproblem

  3. Oilers vinner etter spilleforlengelse

  4. – Alt av interiør og inventar var hvitt og ga assosiasjoner til sykehus

  5. Stavanger: Planen for vaksinering av de yngste barna er klar

  6. Hva skjedde med handlekraften og evnen til å fatte beslutninger?