Stal trekkspel verdt 80.000 kroner

Gjertruds sigøynerorkester blei natt til fredag fråstelt eit kostbart trekkspel.

Publisert: Publisert:

Gjertruds sigøynerorkester hadde konsert på Frk. Phil i Stavanger torsdag kveld. Fredag morgon oppdaga dei at nokon hadde tatt seg inn i turnebussen. Foto: CECILIE MOLTEBERG

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Tom Karlsrud som spelar trekkspel i orkesteret, seier tjuveriet må ha hendt i løpet av natta.

– Vi skulle køyre vidare 06.45, men oppdaga då at nokon hadde tatt seg inn i turnebussen. Eg trur ikkje noko anna har blitt tatt, og tviler på at tjuvane har visst kor kostbart det faktisk er. Då skal ein i så fall ha god greie på trekkspel.

Dei hadde torsdag kveld konsert på Frk. Phil i Stavanger. Det stavangerbaserte orkesteret hadde pakka ned utstyret i turnébussen før avreise til Sarpsborg fredag morgon. Men i løpet av natta var tjuvar i bilen og stal eit spesiallaga trekkspel til 80.000 kroner.

Politiet har gått ut med ei skildring av trekkspelet. Det er av merket «Catagnari». Det er brunt og består av ulike tresortar. Det låg i ein svart softbag.

Tjuveriet skjedde i Øvre Haukeligate i Stavanger. Turnebussen stod ifølgje Karlsrud inntil eit hus. Dei har vore i kontakt med politiet, men har ikkje hatt tid til å formelt melde saka fordi dei måtte reise vidare. Karlsrud er usikker på om dei har forsikring som dekker tapet.

Les også

Politiet søker etter savnet kvinne

Les også

Aftenbladets nyhetsstudio

Les også

Sorgtungt og storslagent farvel med Jon Michelet

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Tre nye smittetilfeller i Stavanger

  2. Viking raste etter nederlaget: – Sjokkerende

  3. Kan man legge det i fryseren? Eller helle kokende vann over? Her får du svar om hvordan viruset drepes i tøymunnbind

  4. Hun gikk et prestisjestudium, men ville heller jobbe i H&M: – Mange er overrasket

  5. Strenge nasjonale retningslinjer innført: Dette betyr det for Halloween og bursdager

  6. Fant smitte på 344 fly i Norge. De fleste tilfellene kommer fra ett land.

  1. Politiloggen
  2. Sør-Vest politidistrikt
  3. Musikk