Anne Marie (82) og Kurt (79) må lære internett for å få informasjon frå Nav

Anne Marie og Kurt Kristiansen må nå på internett for å få informasjon om utbetaling av pensjonen. Det klarer dei ikkje utan sonen.

Publisert: Publisert:

Kurt Kristiansen melde seg på kurs for å lære internett. Han forstod fint lite, men får heldigvis hjelp frå sonen. Foto: Fredrik Refvem

  • Birgitte Flote
    Journalist
  • Elisabeth Bie
    Journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

I postkassa til ekteparet Anne Marie og Kurt Kristiansen har det med jamne mellomrom kome brev frå Nav med informasjon om utbetaling av pensjon.

No skal Nav sende ut brev og varslar digitalt, som ein del av digitaliseringa av alle kommunale og statlege verksemder. For eldre som knapt har høyrt om internett, er ikkje dette like enkelt.

– Vi kan slå opp i www og alt det der, men vi forstår jo ingenting av det, seier Anne Marie.

Han kan miste jobben etter 30 år i Posten

– Har ikkje høyrt om internett

– Mange eldre har ikkje høyrt om internett. Enkelte trur det er noko ein må gå ein stad for å kjøpe. Mange har ikkje tilgang til det, og har kanskje ingen dei kan be om hjelp, seier sonen Øystein Kristiansen.

Han jobbar på daglegvarebutikk og har for det meste kvelds- og helgevakter for å ha dagane fri til å hjelpe foreldra. I eit stadig meir digitalisert samfunn, treng dei mykje hjelp frå sonen.

November var siste månaden informasjon om pensjonen kom i posten. Brukarane kan heller ikkje søke om å få brevet i posten, opplyser NAV på si nettside.

– Eg har ikkje noko imot fornying i samfunnet, men det går alt for fort, seier Kurt Kristiansen. Foto: Fredrik Refvem

Lovendring

Bakgrunnen er endringa i forvaltningslova og eForvaltningsføreskrifta som kom i 2014. Med dette vart digital kommunikasjon hovudregelen innan statlege og kommunale verksemder.

Samtidig vart det oppretta register over innbyggarane sin digitale kontaktinformasjon. Då det i 2016 har blitt obligatorisk å bruke registeret, blir stadig meir av den offentlege posten digital.

Ifølgje Øystein har dei aldri tidlegare hatt problem i møte med Nav, men digitaliseringa skaper utfordringar.

– Eg har snakka med fleire i Nav som seier dei sjølv er frustrerte på vegne av eigne foreldre.

– Utviklinga går for fort

– Eg har ingenting imot fornying i samfunnet, men det går alt for fort. Eg klarer å rekne meg fram til kor mykje eg får, men likar likevel å få breva. Eg tek vare på dei og kvar månad skriv eg «løna» i ei bok, seier Kurt.

Endringa i Nav er berre ein del av samfunnsutviklinga som ekteparet har utfordringar med å henge med i. Anne Marie seier dei framleis berre betalar kontant når dei handlar. Ambisjonane om å betale rekningane sjølv er lagt på hylla.

– Øystein kjøpte datamaskin og Kurt bestemte seg for å prøve den. Han melde seg på kurs for å lære å betale rekningar, men etter å ha gått nokre gongar på kurset forstod han ingen verdas ting, seier Anne Marie.

Økonomi- og styringsdirektør Geir Axelsen i Nav sender dette skriftlege svaret:

«Stortinget har bestemt at offentlige etater som hovedregel skal kommunisere med innbyggerne digitalt.

Vi er klar over at ikke alle er databrukere. Derfor oppfordrer vi de som trenger hjelp til å finne fram på nav.no eller få informasjon om utbetalingen om å ringe oss.

Brev fra Nav sendes fortsatt som hovedregel per post med mindre den enkelte har bedt om å få det digitalt. Når det gjelder utbetalingsmeldinger, har vi gjennom 2016 gradvis sluttet å sende disse i posten. Utbetalingsinformasjonen fra oss ligger nå på nav.no, og fordelen med dette er at informasjonen er lett tilgjengelig og trygt samlet på ett sted.

I november stanset vi utbetalingsmeldinger på papir for den siste gruppen av pensjonister og uføre. Dermed har vi gjort utbetalingsinformasjonen digital for de fleste ytelsene, med unntak av sykepenger, foreldrepenger, omsorgspenger og pleiepenger.

Det er ikke mulig å reservere seg mot digital utbetalingsinformasjon fra Nav».

Nav har førebels ikkje oversikt over kor mange som har klagd på at dei ikkje lenger får skriftleg melding i posten når trygda er sendt til konto.

«Tvungen digitalisering er overkjøring av eldre»Digitalt klasseskille bekymrer regjeringenRekordmange nettdatere svindles på nettEldre vil ha hjelp til Pokémon Go
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. To nye smitte­tilfeller i Stavanger

  2. Viking heldige som fikk poeng i Aalesund

  3. Leteak­sjon i Hunn­edalen etter mann (74)

  4. FHI vil stille klare krav til hjemmesydde munnbind

  5. Savnet 63-åring funnet omkommet

  6. Indre Østfold stenger ned etter smitteutbrudd

  1. Nav
  2. Digitalisering
  3. Kommunikasjon
  4. Pensjon
  5. Internett