Mat må dei ha!

VAL 2017: Ho er mor, lærar og bonde og brenn for at alle elevar i heile Norge skal få eit skikkelig skulemåltid og ein time fysisk aktivitet til dagen. - Vår viktigaste helsereform, seier Hanne Marte Vatnaland, nummer to på Senterpartiet si liste i Rogaland.

Hanne Marte Vatnaland lokkar til seg kossekalvane med litt kraftfôr i bøtta. Svigerforeldra driv garden. Ho er lærar og mest oppteken av at elevane skal få seg skikkeleg mat.
  • Margunn Ueland
    Margunn Ueland
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Får me ei raudgrøn regjering med Ap, Sp og SV, vil det bli innført, for alle dei tre partia går inn for dette, utbasunerer ho mens ho serverer sjøldyrka agurk frå hobbydrivhuset og gulerøter frå pallekarmen.

– Eg kan ikkje understreka nok kor viktig dette er. Folk blir sjuke av å sitja stille heile dagane og av dårleg mat. Her er også ein klar samanheng med sosial ulikskap. Dei med lang utdanning og god økonomi et sunnare. Kvar femte 8–9-åring er overvektig. Me må starta tidleg med gode vanar og gjera sunn mat tilgjengeleg for alle.

Eg har lenge vore oppteken av å eta sunt og dyrking av grønsaker er ein gild hobby, synes Hanne Marte Vatnaland (Sp).

– Interessant at helse og sosial utjamning er dine hovedargument. Eg hadde trudd at du var mest oppteken av at elevane skal vera opplagte nok til å læra?

– Det kjem i tillegg. Fleire lærarar, ja, men ein kjem ikkje langt sjøl med fleire lærarar om halve klassen sit i svima med ingenting i magen. Nokre elevar kjem med grove skiver, frukt og grønsaker i matboksane. Andre har korkje ete frukost eller har med mat. Eller endå verre: Dei kastar matpakka. Skulemat handler også om å byggja eit fellesskap. Forsøk viser at det fører til betre konsentrasjon og læring, auka trivsel, betre miljø, mindre mobbing og betre integrering, fortel Vatnaland som gruer seg til å reisa frå elevane sine ved Dirdal ungdomsskule.

Det verste blir å reisa frå elevane mine, utbryt Hanne Marte Vatnaland. Mannen Vidar Nedrebø blir ikkje fornærma. Han har lenge meint kona passar ypparleg på Stortinget og ser fram til å koma endå nærare makta...

For ho har god tru på at ho vil hamna på Stortinget - enten ved at Senterpartiet får inn to frå Rogaland, eller ved at 1. kandidat Geir Pollestad blir statsråd.

Ho er «byggjefeltunge» frå Bokn, men for fire år sidan oppsto det «magi» då ho traff dyrlegen og odelsguten Vidar Nedrebø på eit Sp-møte. Nå stortrivs ho på garden på Nevlandsheia i Gjesdal som svigerforeldra driv med hjelp frå det unge paret. Både mannen og svigermora Margunn Nedrebø sit i kommunestyret for Senterpartiet.

28 år gamle Hanne Marte Vatnaland budde sine fyrste 24 år på Bokn, men nå stortrivs ho mellom sauer og kyr på Nevlandsheia i Gjesdal.

Raudgrøn usemje

Men dei tre raudgrøne partia er ikkje heilt einige om kor viktig dette er, kor fort det skal innførast og korleis det skal gjerast.

I Senterpartiet sitt program står skulemat som ein av dei tre viktigaste skulesakene. Ap sin største og viktigaste skulelovnad er 3000 fleire lærarar, stadfestar Torstein Tvedt Solberg som er Ap sin 2. kandidat i Rogaland SV sitt er ei norm som seier at det skal vera maksimum 15 elevar pr. lærar på 1.-4. trinn og maks 20 på 5.-10 trinn.

Mens Senterpartiet vil innføra skulemat snarast mogeleg, vil Ap starta med ei prøveordning i 50 kommunar. Ap og Sp meiner foreldra/elevane må kunna betala litt for maten, (resten vil Sp ta over helsebudsjettet, altså ikkje frå skulebudsjettet), mens SV har landsmøtevedtak på at skulematen skal vera gratis.

Både Vatnaland og Solberg viser til Varhaug-modellen der foreldrene betaler 14 kroner.

– Gjer me dette i eit spleiselag mellom stat, kommune og foreldre, vil det bare kosta nokre færre byråkratar i Politidirektoratet og diverse andre direktorat, seier Vatnaland.

Utanom godt brød og pålegg vil Hanne Marte Vatnaland at elevane skal få frukt og grønt kvar dag.

Senterpartiet vil innføra 1 time fysisk aktivitet pr. dag straks og gjera det omlag slik dei har gjort det på Tastaveden skule i Stavanger- nemleg å ta 5 minutt frå kvar av dei andre timane. På den måten vil ein ikkje trengja ekstra pengar for å få dette til.

Ap og SV derimot, vil ha 1 time ekstra, altså ein time i tillegg til dei skuletimane som alt er.

– Ja, me vil heilt klart trengja fleire lærarar for å få til det (i tillegg til dei 3000 som skal sørgja for at kvar lærarar får færre elevar) , derfor må me ta det gradvis, seier Tvedt Solberg(Ap).

Solfrid Lerbrekk i SV meiner skulen kan greia dette viss dei slepp all testinga og rapporteringa lærarane i dag må bruka tid på.

SV ser dette som eit steg mot innføring av heildagsskule.

– Me brukar ikkje det ordet lenger, me snakkar heller om å styrka SFO, sier Tvedt Solberg (Ap).

Les også

SV vil prøve seg med skolemat igjen

Les også

Helseministeren:Gi skolebarna mat

KVA MEINER HØGRE, FRP, VENSTRE OG KRF OM TRIM OG MAT I SKULEN? LES HER:

Les også

  1. Vil ikkje bruka ekstra pengar på mat og trim

Publisert:
  1. Skole
  2. Arbeiderpartiet (Ap)
  3. Stortingsvalg 2017
  4. Skolemat
  5. Hanne Marte Vatnaland

Mest lest akkurat nå

  1. Flere pasienter utviklet spredning av kreft mens de deltok i norsk kreftstudie. – Vi er veldig lei oss

  2. Mange hoster. Slik finner du lettere ut hvilket luftveisvirus du er smittet av

  3. Mikal Stømne (24) gikk ned 84 kilo på egen hånd. Fem grep ble avgjørende.

  4. Solskjær slår tilbake mot Ronaldo-kritikerne: – Se hva han gjør i denne kampen

  5. Her sto det en hytte. Så forsvant landskapet rundt, bit for bit. Nå får eieren ikke bygge den opp igjen

  6. Nå kutter flere skoler ned på leksene