Advokaten meiner Norge bryt menneskerettane

Norge bryt menneskerettane ved å nekte papirlause innvandrarar arbeid, meiner advokat Bent Endresen. Han trur sympati er grunnen til at politiet lenge lot vere å reagere på Arne Viste si verksemd.

– Det fins mange døme på arbeidsgivarar som utnytter flyktningar. I dette tilfellet handler det ikkje om det, seier arbeidsrettsadvokat Bent Endresen om Arne Viste sitt bemanningsbyrå Plog AS. Foto: Rune Vandvik

  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Det er ikkje lov å gi arbeid til papirlause innvandrarar, seier Utlendingslova, men Arne Viste meiner Grunnlova er på hans side når han likevel gir dei jobb.

Les også

Arne vil vite om det han gjer er lovleg

Les også

– Vi kan ikkje belønne dei som har fått asylavslag

Arbeidsrettsadvokat Bent Endresen ved advokatfirmaet EBT, har hjelpt Viste i saka. Han meiner Norge bryt menneskerettane ved å nekte innvandrarar å jobbe.

– Eg meiner Norge ikkje kan ta frå menneske moglegheita til arbeid og til å leve eit liv. Vi har ein situasjon der menneske i årevis har blitt behandla på ein umenneskeleg måte. Det er openbart konvensjonsstridig. På den eine sida skal Norge vere eit fyrtårn i menneskerettar, men på den andre sida bryt vi dei med overlegg. Det har politikarane sørgd for, seier Endresen.

Ferdig etterforska

Kvar gong Arne Viste tilset ein ny papirlaus innvandrar, melder han frå til politiet. Lenge kjempa han for å bli meld, slik at han kunne få ei rettsleg vurdering. I 2015 var svaret: «Politiet har besluttet å ikke opprette straffesak mot Plog AS. Dette begrunnes i at politiet ikke finner at det foreligger allmenne hensyn som krever påtale». To år seinare valde politiet å starte etterforsking, men onsdag denne veka kunne NRK melde at politiet har lagt saka bort.

At politiet venta lenge før dei starta etterforsking, meiner Endresen taler for at Viste har rett. Samtidig trur han sympati er grunnen til at politiet lenge unngjekk å ta i saka.

– At dei legg den bort, stadfestar dette. Eg trur dei ser at det ikkje er snakk om å utnytte innvandrarar. Politiet ser nok at situasjonen for dei lengeverande asylsøkarane er uhaldbar, og eg trur dei let vere å slå ned på det fordi dei har sympati med handlinga hans, seier han.

Skuffa over politiet

Tidlegare kunne papirlause innvandrarar arbeide, sjølv etter endeleg avslag på søknaden. Innstrammingar i 2011 sette ein stoppar for dette, og fleire arbeidsgivarar fekk bot fordi dei nekta å seie opp innvandrarane.

Mellom anna fekk eit firma frå Sola 300.000 i bot og Stavanger Universitetssjukehus måtte ut med 350.000. Viste venta at han og ville få bot då han tilsette den første, og han venta at det ville kome ein påtale frå politiet no.

Så får det i tilfelle bli ei politisk sak om Stortinget ønskjer å endre lovverket

– I staden slepper dei ballen og legg saka bort. Dei veit ikkje om det eg gjer er ulovleg eller ikkje og vel å ikkje straffe meg. Det betyr at eg vil fortsette å tilsette papirlause asylsøkjarar. Så får det i tilfelle bli ei politisk sak om Stortinget ønskjer å endre lovverket, seier Viste.

– Du har meld deg sjølv og fått saka lagt bort. Vurderer du å klage avgjerda inn for statsadvokaten for å få ei konkret vurdering av saka?

Heile vegen til Strasbourg

Les også

Sylvi Listhaug: «Klart det er forbode for papirlause å arbeide»

Arne Viste melde frå til politiet med det same han tilsette ein person på lageret til nettbutikken pbok. I dag har han skaffa jobb til 21 papirlause innvandrarar gjennom bemanningsbyrået Plog AS. Målet er å tilsette 50 i løpet av 2017. Foto: Pål Christensen

– Eg avventar situasjonen ein månads tid. Sjølv om det var ei gledelig hending at saka blei lagt bort, hadde eg jo helst sett at det var på grunn av eit ikkje straffbart forhold, ikkje på grunn av "bevisets stilling". Dersom fleire nå følgjer opp og tilset folk, meiner eg at eg har vunne saka. Dersom det dør hen, vil eg vurdere å gå til tingretten for å bli heilt reinvaska, seier Viste.
Han gjer det uansett klart at ein eventuell dom i norsk rettsvesen ikkje treng å bli siste ord i saka.

– Om eg først får rettssak, ankar eg heile vegen til Høgsterett. Taper eg i det norske rettsvesenet, gir eg meg ikkje før EMD (Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, journ.anm).

Publisert:
  1. Politiet
  2. Innvandring
  3. Menneskerettigheter
  4. Justis- og beredskapsdepartementet

Mest lest akkurat nå

  1. Det snør - og denne gangen blir den liggende

  2. Stavanger letter på tiltakene fredag, men sier nei til skjenking

  3. Åttende koronadødsfall ved SUS

  4. Stakkars Bent Høie

  5. Koronasmitte på Storhaug skole

  6. Vurderer å gjen­åpne serve­rings­steder og trenings­sentre