– Du skulle berre visst kor mange gutar me har hatt her som seier at «dei gav faen». Dei gjorde eigentleg ikkje det

Skulen er bare tilpassa 60 prosent av elevane, meiner Bjørg Klokk som har vore PPT-leiar i Stavanger i 20 år.

Publisert: Publisert:

Hadde me laga skular som reflekterte det mangfaldet elevane representerte, hadde skulen sett heilt anneleis ut, seier Bjørg Klokk som er leiar for Pedagogisk-Psykologisk Tjeneste i Stavanger. Foto: Anders Minge

  • Margunn Ueland
    Journalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel
  • Denne artikkelen blei publisert i 2017.

Rundt 75 prosent av elevane i Stavanger som mottek spesialundervisning på 1.-4. trinn, er gutar. På mellom- og ungdomstrinnet gjeld det 67 prosent.

– Er det skulane som er snarere med å senda gutane til PPT enn jentene, melder dei opp for mange gutar?

– Nei, behovet for hjelp er reelt. Skulane har gjort ei rett vurdering. Det me kan tenkja, er kvifor har ikkje dette blitt oppdaga før, ikke at det er unødvendig.

Ikkje vent og sjå

– Kva er forklåringa til at det er så mange fleire guttr enn jenter som treng ekstra hjelp?

– Dette er komplekst. Det startar allereie i barnehagen. Det er ein overvekt av gutar som blir tilviste alt i barnehagealder. Langt fleire gutar enn jenter har dysleksi, ADHD, Aspberger, autisme. Guttar er også seinare i språkutvikling. Språkproblem kan lett medføra andre problem. I Norge har haldninga vore «vent og sjå, det går seg nok til». Det er ikkje klokt. Eg er glad Stavanger dei siste åra har vore oppteken av at born som ikkje utviklar seg som forventa, skal få hjelp med ei gong. Mykje tyder på at «vent og sjå» er ekstra ille for guttar.

- Du skulle berre visst kor mange gutar me har hatt her som seier at «dei gav faen». Dei gjorde eigentleg ikkje det. Dei fekk det ikkje til, og fekk ikkje hjelpa dei trong, blei ikkje forstått. Dei gav opp. Foto: Anders Minge

Gir opp

-Kvifor?

- Det ser ut som at dei toler dårlegare å ikkje få det til. Då finn dei strategiar for å sleppa unna. Dei tek til å kjekka seg og bråka eller «klovna». Eller dei trekk seg unna. Du skulle berre visst kor mange gutar me har hatt her som seier at «dei gav faen». Dei gjorde eigentleg ikkje det. Dei fekk det ikkje til, og fekk ikkje hjelpa dei trong, blei ikkje forstått. Dei gav opp.

Gutar som er fødde i november/desember er overrerpresenterte. Dei som er fødde i januar/februar har jo eit års forsprang når dei startar på skulen.

Gutar må ha noko dei meistrar. Me ser særleg at får dei ikkje til matematikken, er det kort veg til at dei gir blaffen. Her gjeld det altså å passa på.

Tidlegare fekk me tilvist mange ungdomsskulegutar som hadde mista motivasjonen. Dei hadde 1 og 2 i matematikk, nokon var på 4.klasse-nivå. Men koss kan du venta at dei skal vera motiverte etter at dei har site i sju, åtte, ni år og kjend seg mislukka? Likar du å halda på med noko du ikkje får til? Klart dei burde ha fått hjelp før! Det er det me prøver i Stavanger nå.

Men koss kan du venta at dei skal vera motiverte etter at dei har site i sju, åtte, ni år og kjend seg mislukka? Likar du å halda på med noko du ikkje får til? Klart dei burde ha fått hjelp før! Det er det me prøver i Stavanger nå.

Og kvifor gjer dei ikkje matteleksene? Fordi dei ikkje får dei til! Og ikkje alle har foreldre som kan hjelpa. Eg skulle ønskja der ikkje var lekser. Og skal skulane gje lekser, bør dei vera sikre på at leksene ungane får, er lekser dei kan meistra.

LES OGSÅ KOMMENTAREN:

Les også

Vi må finna ut av det med gutane

Me må godta at barn er ulike: Dei har ulike evner, ulike interesser, ulik bakgrunn osv, osv. Rammene for dagens skule tek ikkje nok omsyn til det. Foto: Anders Minge

Passar ikkje for 4 av 10

–Kva må skulen gjera annleis?

– Skulen må ta tak i elevane tidleg, før dei utviklar strategiar for å sleppa, før dei seier dei gir blaffen. Stavanger har begynt på dette, då må me stå i det, halda på dette sjøl om nokon synes det blir for mykje spesialundervisning. Det er ein illusjon å tru at alt kan løysast i klasserommet. Skulen er laga for 60 prosent av elevane. For 20 prosent er det for lett. For 20 prosent er det for vanskeleg. I 1. klasse kan det vera eit sprik på fire år - to opp og to ned. Skulesystemet tek ikkje nok omsyn til kor ulike ungane er, seier Klokk.

Ho meiner det gjeld både læreplanar (som stiller for mange, for detaljerte og høge krav), karaktersystemet, bygningane (for mange standard klasserom, for liten variasjon, for få små rom, for dårlege uteareal), kompetanse (lærarane har lært for lite om dei som ikkje er gjennomsnittselev) og skulebøkene.

-Eg er imponert over lærarane. Me må løfta blikket å sjå på rammene dei jobbar innaføre, understreker ho.

– Men no er heldigvis digitale læremiddel på veg inn. Det vil gjera det mykje lettare for lærarane å tilby ulike oppgåver og program til ulike elevar. Og det appellerer i mykje større grad til gutane, seier Klokk optimistisk.

Les også

Full digital dekning på ungdomsskolen i Stavanger

Les også

– Det hjelper ikke å sette strøm på gammel pedagogikk

– Skulesystemet er rett og slett for gamaldags?

-Heilt gamaldags. Kor mange vaksne hadde likt å sitja i eit klasserom i timesvis, dag etter dag, år etter år, - der alle skulle læra det same? Kvifor trur me då at det skal gå godt med ungane våre? Kva illusjon er det me har laga oss?

LES OGSÅ:

Publisert:

Les også

Mest lest akkurat nå

  1. Stor leteaksjon på sjøen etter mann i natt - hadde svømt i land

  2. Gjestene vil aldri i si levetid gløyma bryllaupet til Kjersti og Stian Sletten frå Sandnes

  3. Her har hytte­salget doblet seg i sommer

  4. Steinar var veldig ensom. Løsningen han valgte, fikk mye større konsekvenser enn han hadde ant.

  5. Leter etter John Olav med full styrke

  6. Publikum lå strekk ut på hver sin matte

  1. Skole
  2. Pedagogisk-psykologisk tjeneste (PPT)
  3. Stavanger