• Obrestad har fått ein sentral plass i Hå kulturhistorie. Her på Obrestad har det budd folk sidan steinalderen. Her kan mykje av Hå si historie oppsummerast. Og her frå tusenårsstaden har biletredaktør Svein Høyland og kommunalsjef for kultur Ragnvald Riis godt utsyn. Nede ved hamna finst restane etter det som var eit naust for vikingskip. Truleg låg det i tidleg kristen tid ei kyrkje her på haugen. Og at kong Olav Tryggvason var herifrå har Ragnvald Riis blitt overbevist om når han har lese Torgrim Titlestad sine tekstar i bokverket. Carina Johansen

"Typisk Hå" i fire band

Har du tvilt på om kong Olav Tryggvason var frå Obrestad i Hå? Kommunalsjefen for kultur har no blitt overtydd.