Meiner dei blei straffa for å varsle om mobbing

Jentene (13) klarte ikkje vere stille om mobbinga av ein medelev. Varslarane fekk kjensla av å gjere noko veldig feil ved å melde frå.

Publisert: Publisert:

To jenter følte dei måtte seie frå om medeleven som blei mobba. Det har vore tøft i ettertid. Foto: Jarle Aasland

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Dei to jentene er desperate. Kvar dag kjem dei heim og fortel om mobbinga dei ser på skulen. Slik dei ser det blir det berre verre og verre.

Les kva fagfolka seier om varsling: Barn som varslar blir ofte ikkje tatt seriøst.

Varslarane

«Vi har prøvd å snakke med kontaktlæreren vår, men hun sier [medeleven vår] bare må tåle det og at det har noe med puberteten å gjøre. Hun vil ikke gjøre noe mer med det. Vi har også sagt det til rektor to ganger. Den første gangen ble vi avvist og den andre gangen sa hun at vi måtte ta dette opp med kontaktlæreren vår, fordi hun hadde papirarbeid å gjøre ferdig og at hun ikke ville høre på oss». Det har vart i tre år, skriv dei før dei skildrar mobbinga.

Mailen sender dei til Stavanger sin skulesjef, Jørn Pedersen. Han svarer at ein i denne typen saker må finne løysing på den enkelte skule og peiker på at jentene formelt sett ikkje er part i mobbesaka. Saka blir sendt tilbake til rektor.

– Rektor reagerte med å kalle inn jentene og skulda dei for å drive med løgn. Dei kom grinande heim, seier mor til «Emma».

Jentene fekk følelsen av at skulen meinte det dei gjorde var feil. Ifølgje jentene sa lærarar at dei ikkje burde vere så mykje med medeleven som hadde blitt mobba.

– Så fekk vi høyre frå enkelte på skulen at lærarar hadde sagt dei burde halde seg vekke frå oss. Så fekk vi beskjed om at vi isolerte oss for mykje. Alt var veldig forvirrande, seier «Emma».

I ei klage til Fylkesmannen skriv mor hennar følgjande: «Det har vært flere episoder der både rektor og kontaktlærer har hatt samtaler med jentene der de har følt seg overtrampet, trakassert og urettferdig beskyldt som løgnere (...) Jentene fikk klare signaler fra både rektor og kontaktlærer om at dette vennskapet var usunt og at de trolig ville bli satt i hver sin klasse på ungdomsskolen.»

Les også

– Tilfeldig om mobbeofferet får oppfølging

Les også

Desse skulane får sterk kritikk for å ikkje stoppe mobbinga

Splitta

Jentene sit side om side i ein sofa heime hos «Emma». Dei er akkurat ferdige med første skuledag på ungdomsskulen, og mor fekk rett i at den nye skulen valde å splitte dei. Dette til trass for at ei legeerklæring seier det av helsegrunnar ville hjulpe for «Emma» å gå i klasse med venninna. Varslinga har vore belastande for jentene, noko legeerklæringa viser.

I eit enkeltvedtak viser ungdomsskulen til møte med barneskulen: «I den sammenheng gis det også anbefalinger om hvem som bør gå sammen, men også om det er elever som bør gå i forskjellige klasser». Skulen skriv at dei har vurdert legeerklæringa og også måtte ta omsyn til kapasitet. Rektor ønsker ikkje uttale seg om den konkrete saka til Aftenbladet.

Etter at Aftenbladet begyndte å jobbe med saka, har ungdomsskulen likevel funne ei løysing på klasseinndelinga som jentene er nøgde med.

– Rettslaus

I klaga til Fylkesmannen skriv mor at ho opplever dottera som fullstendig utan rettar i skulesaker, og dessutan at «dette går fullstendig utover et uskyldig barn som ikke har gjort noe annet enn å være en god venn og en god medelev».

I Fylkesmannen sitt svar på klaga står det at klasseinndeling ikkje er noko dei kan gjere stort med. Men dei kjem med ein tydeleg beskjed til barneskulen der dei ber om at saka blir prioritert. Vidare ber dei om at også ungdomsskulen blir informert om konklusjonen i enkeltvedtaket ettersom dette kan ha betydning for elevane sin rett også der. Dette vart sendt i slutten av juni og behandla av skulen i august, rundt skulestart.

– Vi hadde ikkje fått alle dei nødvendige dokumenta frå Fylkesmannen før sommarferien. Vi behandla den no i august, seier rektor ved barneskulen.

– Hadde det veldig travelt

Rektoren er ikkje einig i at varslinga fekk konsekvensar.

– Kvifor skal det få det? Det er berre bra om vi kan få meir opplysning i ei slik sak. Vi synes det er fint at dei meldte frå, og tok dei inn til samtale fordi vi har plikt til å lytte. Når det gjeld klasseplassering stemmer det at vi har tilråda at jentene får utvida sitt sosiale nettverk litt, noko vi ofte gjer.

– Vi opplever ikkje at dei ikkje har blitt lytta til. Då dei kom til mitt kontor for å melde frå, hadde eg det veldig travelt, klokka var halv fire og eg var heilt aleine. Mobbesaker er jo også noko som går over tid, så eg ba dei heller ta det med kontaktlærar. Vi var kjent med saka då jentene melde frå, men sidan dei ikkje var part i saka kunne vi heller ikkje informere dei om alt.

Jentene kjenner seg ikkje att i at dei har lite sosialt nettverk.

Hjalmar Arnø ved Fylkesmannen kjenner godt den konkrete saka, men vil berre gi ein generell kommentar.

– Når folk kjem til oss er det fordi dei opplever saka som alvorleg. Endringa i mobbelova gjer at vi no vil kunne komme raskare på bana. Før skulle skulen fatte enkeltvedtak, og i forkant av dette hadde der vore prosessar med klager. Dette førte til at vi kom seint på bana.

Endringa inneber at når foreldre eller elevar kontaktar rektor, får rektor ein frist på ei veke. Fylkesmannen vedtek også kva tiltak som skal settast i verk og kan gi bot dersom det ikkje blir følgd.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Campingvogn brenner på Sokn

  2. Kan ikke hjelpe voldelige ungdommer før de får seg kjæreste

  3. Kjørte Grimstad-Kristiansand på ti minutter. Farten ble målt til opp mot 200 km/t

  4. Amerikansk storklubb bytter navn etter massiv kritikk

  5. Marthe (27) har ADHD. Slik får hun og mannen forholdet til å fungere

  6. Skuespiller Kelly Preston er død

  1. Mobbing
  2. Varsling
  3. Stavanger kommune
  4. Skole