Rogalandselevane var blant landets beste på eksamen

Fekk høge karaktersnitt både i grunnskulen og på vidaregåande.

Nye Bryne vidaregåande skule er med på å gjere ungdommen i Rogaland til dei nest dyktigaste på årets eksamensrunde.
  • Mikkjell Lønning
    Mikkjell Lønning
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Nyleg publiserte Utdanningsdirektoratet ei førebels oversikt over vårens eksamenskarakterar.

Elevar frå både grunnskule og vidaregåande i Rogaland har gjort det sterkt. På grunnskulenivå er Rogaland nummer tre i Noreg på karaktersnitt, mens Rogalandsungdommen er nest best blant norske elevar på vidaregåande skular.

Statistikken viser at Oslo ligg eit stykke framfor dei andre fylka blant tiendeklassingane, med eit snitt på 3,56. Akershus ligg på andreplass med 3,38, mens Rogaland følgjer hakk i hæl, der snittet ligg på 3,36.

Hovudstaden peikar seg spesielt ut på grunnskulenivå, mens forskjellane mellom fylka er mindre i den vidaregåande skulen.

For avgangsfaga på vidaregåande ligg Akershus på topp, der snittet er rundt 3,4. Rogaland var nest best i vårens eksamensrunde med eit snitt på 3,35, mens Oslo hadde det tredje beste snittet, med 3,33.

Les også

Skoleplasser på videregående er tildelt – sjekk poengkravene her

Fylkeskommunen jobbar målretta med utdanningskvalitet

Leiar for Opplæringsutvalet i Rogaland Fylkeskommune, Jarle Nilsen (Ap), seier at dei gode resultata kjem i kjølvatnet av ei målretta satsing.

– Dette har vore ei direkte satsing for å få opp kvaliteten på tilbodet til dei vidaregåande elevane. Det er sett fullt fokus på å få ned fråfall, og me har klatra godt oppover statistikken knyta til fråfall no. Samtidig har me òg brukt betydelege midlar for å få inn fleire vikarar. Den vanskelege budsjettsituasjonen skal ikkje gå utover vidaregåande skule, seier Nilsen.

Jarle Nilsen meiner kommunane må gjere meir for å jamne ut forskjellane mellom gutar og jenter.
Les også

Oslo-elever gjorde det best på eksamen i tiandeklasse

Statssekretær Julie Remen Midtgarden (H) i Kunnskapsdepartementet meiner forskjellane mellom distrikta må utjamnast lokalt.

– Det er dessverre forskjellar mellom regionane, og her må skulane og skuleeigarane, som er kommunane og fylkeskommunane, bruke resultata frå eksamenane til å sjå kva elevane faktisk lærer, seier Midtgarden.

Dei har innført ei ordning for å hjelpe kommunar og fylkeskommunar som fell under ei «kritisk grense for kvalitet».

På grunn av variasjon i eksamensoppgåver, er det ikkje mogleg å samanlikne direkte med førre år. Dei endelege tala kjem til hausten, og inkluderer resultata for klagesakene.

Likevel kan Kunnskapsdepartementet melde om at norske elevar generelt er blitt flinkare i norsk og matematikk. Tala viser nemleg at elevane gjer det betre på internasjonale testar enn før.

Jenter gjer det betre enn gutar

På nasjonalt plan gjer jentene det betre enn gutane. Tala for Rogaland er ikkje tilgjengelege enno, men på landsbasis er det klare forskjellar. Spesielt i ulike samfunnsfag stiller jentene i gjennomsnitt sterkare.

– Me har eit fokus på å gjere dei teoretiske fellesfaga meir praktisk retta i yrkesskulen. Dette passar gutar betre, og er nok det viktigaste tiltaket, seier Nilsen.

Han meiner at forskjellane oppstår både i barnehage og grunnskule, og at kommunane har ein jobb å gjere med å tilpasse tilbodet til gutane.

Midtgarden viser til at regjeringa har ei rekkje tiltak på saka.

– Det bekymrar oss at gutar får dårlegare karakterar enn jenter i skulen, spesielt i enkelte fag. Dette har vore eit fenomen over lang tid, som me ser i mange land. Det finst ikkje noko enkel løysing, men me syns det er viktig å ta tak i, seier Midtgarden.

– Me jobbar blant anna med ei stortingsmelding om tidleg innsats og med å fornye læreplanane. Der vil me blant anna sjå på korleis me kan sikre betre spesialpedagogisk hjelp, og vil leggje meir vekt på læring gjennom leik for dei yngste ungane. Slik skal me sikre overgangen frå barnehage til skule, avsluttar statssekretæren.

Les også

  1. – Nei til flere forsøk med å kutte ut karakterer i orden og oppførsel ikke i tråd med den overordnede delen av den nye læreplanen

Publisert:
  1. Skole
  2. Videregående skole
  3. Eksamen
  4. Rogaland
  5. Rogaland fylkeskommune

Mest lest akkurat nå

  1. Avhørte vitner kan ha husket feil

  2. Stor test av 15 brød: To får toppkarakter

  3. Slik så det ut ved Vålandstårnet i kveld

  4. Kommuuuuuuuuuuuuunen!

  5. For 30 år siden skremte denne gjengen vannet av foreldre og rektorer i Sandnes

  6. To Viking-talenter tatt ut på landslaget