Klaus Mohns tale ved rektorseremonien

Her er talen Klaus Mohn heldt under rektorseremonien ved Universitetet i Stavanger onsdag 19. juni.

Publisert: Publisert:

Klaus Mohn – professor i økonomi ved Handelshøgskolen ved UiS og fast gjesteskribent i Aftenbladet – tiltrer formelt som UiS-rektor 1. august 2019. Foto: Jan Inge Haga

  • Stavanger Aftenblad

«For mange år sidan levde det ein keisar som var så uhyre glad i vakre nye klede, at han gav ut alle pengane sine berre for å bli pynta».

Enkelte dreg kanskje kjensel på inngangen til H. C. Andersen sitt eventyr «Keisarens nye klede». To lurendreiarar narrar keisaren til å tru at dei kan veve klede som blir usynlege for alle som er upålitelege eller dumme.

Resultatet er at ingen vågar å seie frå når keisaren troppar opp utan ein tråd. Heilt til eit lite barn tek bladet frå munnen, og saman med skamma kjem sanninga for ein dag.

Forholdet mellom sansing og sanning har oppteke filosofar og tenkarar nær sagt sidan tidenes morgon. For meg minner dette om ei viktig rolle for universiteta. At me alltid skal søkje etter forklaringar på verda slik ho er, ikkje korleis me blir fortalt at ho er, og heller ikkje korleis ho ser ut til å være.

Slik eg ser det er må universiteta stå som hinder mot at kritikken dovnar bort, at tankekrafta svinn og at samfunnet blir avstumpa og noment. «Utfordre det velkjente, utforske det ukjente», som det heiter i samfunnsoppdraget for Universitetet i Stavanger. 

Med eit vaktsamt blikk mot omverda er dette eit i sanning eit fint motto for forsking, undervisning og samfunnskontakt.

Vel er det mykje som er bra i verda, og mange er dei som har fått det vesentleg betre dei siste tiåra. Men framgangen har likevel ei bakside. Nye spenningar er i emning – og nye utfordringar tårnar seg opp på horisonten.

Dei gode tidene har gavna rike meir enn fattige. Større forskjellar har gitt næring til populisme og ekstreme politiske interesser, og dermed auka risikoen for politisk uro, opprør og omvelting. Ytringsfridom og demokrati er ikkje lenger noko sjølvsagt.

Massiv materiell framgang har i tillegg lagt eit høgt press mot naturen, og gitt opphav til den største utfordringa i vår tid. Verda er på veg mot 3‐4 graders oppvarming. Utsleppa av CO₂ held ufortrødent fram, medan både me og politikarane våre vender blikket vekk frå dette brysame problemet.

Korleis kan ein underbygge at utdanningssystemet er ein suksess når så store utfordringar står att? Korleis kan ein feire at forskinga har vore vellukka når verda er heilt ute av kurs?

At FN sine bærekraftsmål har erobra agendaen for politikk, næringsliv og akademia må difor sjåast som eit lyspunkt. I vår design av utdanning og forsking er det i dag ingen veg utanom bærekraftig utvikling. 

På dette området er det viktig at me legg øyret til bakken, fangar utviklinga tidleg – og tilpassar utdanningstilbod og forskingsaktivitetar deretter. I andre tilfelle kan det være meir på sin plass med skepsis, innvendingar og motstand.

Universiteta må sørge for at me aldri sluttar å tenke oss om, korkje som individ eller på samfunnsnivå. Eksempla er mange på at fråvær av tankeverksemd kan føre med seg mykje gale. Verkeleg gale. 

Inspirert av den tyske filosofen Hannah Arendt, meiner den amerikanske filosofiprofessoren Elizabeth Minnich at det er overveldande viktig å legge til rette for eit utdanningssystem som stimulerer studentane til å grunne, ikkje berre over det dei lærer, men og over eigne tankesett og åtferd. Berre slik kan ein løfte utdanning til noko meir enn opplæring. 

Sjølv ønsker eg meg studentar som er evig nyfikne, skamlaust engasjerte og svoltne på kunnskap og forståing. Som ikkje er drivne av eit tankelaust jag mot vinning, men av eit reflekterande søk mot meining. Som har mot til å seie frå når keisaren er utan klede.

Studentane ved Universitetet i Stavanger er ein stor og viktig ressurs, som eg vil halde nær i tida som kjem. Frå hausten vil difor leiaren av

studentorganisasjonen StOr få fast plass i rektor sitt leiarmøte kvar måndag. Her ser eg fram til eit tett og godt samarbeid med innspel på løpande basis frå ei særs viktig interessentgruppe.

Innspel har eg elles og fått mange av gjennom dei siste to månadane. Syv fakultet og ni stabseiningar har teke i mot meg på fantastisk vis i ein serie av bli‐kjent‐møte. Eg er overvelda over det store spennet i aktivitetane våre, over den sterke kompetansen, og ikkje minst over engasjementet blant akademisk tilsette og i stabsapparatet.

Frå dans i Bjergsted til digitalisering ved TN‐fakultetet. Frå sjukepleiarar ved Helsefakultetet til siviløkonomar ved Handelshøgskulen. Frå religion ved UHfakultetet til reiseliv ved SV‐fakultetet. Desse møta med menneske og mangfald har vore til stor inspirasjon.

Det same gjeld dagen i dag, som har minna oss alt som er oppnådd. Likevel kan me ikkje late oss på laurbæra. For me må vidare. Og på ferda treng me draghjelp, frå studentane våre, frå undervisarar og forskarar, frå den administrative staben – og frå støttespelarar i samfunnet rundt oss.

I fleire år har me kjempa for sårt tiltrengt nybygg ved Arkeologisk Museum. Men fortsatt let avgjerda vente på seg. Det er heller ikkje så lett å bli eit attraktivt universitet om ein ikkje får tilgang til nye prestisjefylte studietilbod. I lang tid har me ivra for mastergrad i jus, men så langt utan gjennomslag.

Minister, no førebur me oss med full styrke på det politiske initiativet for å auke kapasiteten for medisinutdanninga i Noreg. Med universitetssjukehus på Ullandhaug og solid helsefagleg kompetanse ligg forholda godt til rette for ei vidareutvikling av medisinutdanning ved Universitetet i Stavanger. Ingenting kjem av seg sjølv.

Lagnaden for Universitet i Stavanger ligg stundom i andre sine hender. La det likevel ikkje være tvil: Innomhus skal me alle gjere vårt ytterste for at

Universitet i Stavanger skal lykkast i å ta steget til elitedivisjonen. For eigen del er optimismen styrka av at eg har så gode folk rundt meg. 

Frå 1. august får eg gleda av å samarbeide med eit imponerande lag av leiarar. At Ole Ringdal no tek jobben som direktør for organisasjon og infrastruktur borgar for kvalitet og kontinuitet rundt drifta av universitetet. I tillegg kjem tre prorektorar som eg gjerne vil presentere for dykk i dag. 

Astrid Birgitte Eggen blir prorektor for utdanning. Ho er professor i pedagogikk, og kjem frå stillinga som viserektor for utdanning ved Universitetet i Agder. Hennar erfaring og engasjement for studiekvalitet vil få stor betyding for studietilbodet ved Universitetet i Stavanger.

Merete Vadla Madland blir prorektor for forsking. Ho har bakgrunn som professor reservoarteknologi ved Det teknisk‐naturvitskaplege fakultetet, der ho leia Det nasjonale IOR‐senteret. Hennar kompetanse og pågangsmot vil få mykje å seie for det overordna arbeidet med forsking ved Universitetet i Stavanger.

Rune Dahl Fitjar blir ny prorektor for innovasjon og samfunn. Han er professor i innovasjonsstudium, og kjem frå HHUiS og Senter for innovasjonsforsking. Rune sin interesse for å sette idear ut i livet spennar store forventningar til samspelet vårt med næringsliv, arbeidsliv og samfunnet for øvrig.

Mitt ønske er at Universitetet i Stavanger skal bli eit treffpunkt for tankekraft. Som ein gedigen bokkafé, kanskje. Der menneske av ulikt opphav, disiplin og tradisjon kan møtast, til samtale og kritisk refleksjon, gjennom eit vell av ulike tilbod og aktivitetar, godt tilpassa dei store utfordringane verda står overfor. Der ny mark kan vinnast for kunnskap og innsikt, til beste for samfunnet rundt oss.

Saman med slike flotte menneske er målet mitt å bli ein framoverlent, synleg og samlande rektor, som vil nytte alle sjansar eg får til å styrke Universitet i Stavanger sin attraktivitet – som studiestad, forskingsinstitusjon, arbeidsgjevar, samarbeidspartnar og samfunnsaktør.

Hos meg er det ingen tvil om at Universitetet i Stavanger har potensial til å nærme seg dei aller beste universiteta i Noreg. Meir enn nokon gong ser eg fram til å ta fatt etter sommarferien. 

Med dette er de alle invitert med på reisa vidare.  

Takk for at de høyrte på.»

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Hjemme hos-bolig til salgs i Hjelmeland

  2. Inntektene faller som en stein i bomringen

  3. Brundtland: – 5000 døde i Sverige. 230 i Norge. Det er ganske utrolig

  4. Endelig åpner Sirdal-Lysebotn og Brokke-Suleskard

  5. Kaster du kaffegruten? Den kan brukes til både velvære og i hagen

  6. Undertegnet presidentordre om sosiale medier

  1. Universitetet i Stavanger
  2. Klaus Mohn