Her er isen som skaper trøbbel

Statens vegvesen veit ikkje om Riksveg 13 opnar igjen lørdag.

Publisert: Publisert:

Det er ikkje veldig mykje is i fjellsida ovanom Tysdalsvatnet, men Statens vegvesen tek ingen sjansar med trafikktryggleiken.

  • Heidi Hjorteland Wigestrand
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

— Vegen er framleis rasfarleg og det er uvisst når vegen kan opnast igjen. Det er meld stigande temperaturar og regn utover dagen, seier vaktoperatør Eli Solberg tidleg laurdag morgon.

Takka vera den gjenstridige isen i ei fjellside ovanom riksveg 13 ved Tysdalsvatnet har vinterferiestarten blitt meir krevjande enn planlagt for mange.

Bileta er tekne av byggeleiar i Statens vegvesen Mikal Nygaard då han fauk over området i helikopter tidlegare i dag.

Etter synfaringa utstyrte vegvesenet helikopteret med ei "slegge" laga av ein stor sekk fylt med stein, i von om å knusa isen på den måten.

Les også

- Kan du venta, ikkje reis

Men isen sprakk så vidt opp, dermed må vegvesenet fint venta på at regnet gjer jobben for dei.

Riksveg 13 blir dermed stengt til i morgon. Først utpå ettermiddagen laurdag vil vegvesenet gjera ei ny vurdering av situasjonen.

Sprengt kaikapasitet

Kapasiteten på kaien på Tau er fullstendig sprengt på grunn av stengingen.

Fredag ettermiddag var det lang kø av bilar som skulle med ferje frå Tau til Hjelmeland.

Ispartiet heng rundt 100 meter ovanom vegbanen i Svoa-området. Det heng over ei bratt og glatt fjellside, noko som vil føra isen rett ned på vegen når han losnar.

Publisert:

Les også

  1. Riksveg 13 blir stengt til i morgon

  2. Vegvesenet skal sjekka isen i fjellsida

Isen heng cirka 100 meter over riksveg 13. Fjellet under er bratt og glatt, så isen vil landa på vegen når han losnar, seier byggeleiar Mikal Nygaard.

Mest lest akkurat nå

  1. To nye tilfeller av koronasmitte i Sandnes

  2. Stavanger-kvinne blir tidenes yngste deltakar i «Mesternes mester»

  3. Skyting utenfor Det hvite hus – Trump avbrøt pressekonferanse

  4. Nordmenn på reise fikk karantene-sms

  5. Flere tidligere toppolitikere kjemper om samme lederjobb i Stavanger

  6. Knusende rapport om forholdene på konsert i Egersund lørdag

  1. Ryfylke