Pris for ungt politisk arbeid

Ungdommens bystyre har vakse stort dei siste åra, og får no pris for sin påverknad i politikken.

Publisert: Publisert:

Eirik Faret Sakariassen (til venstre) kan nøgd fortelja at Ungdommens bystyre med Bjarte Espeland Horpestad og Julie Christiansen får Hurra-prisen i år. Foto: Jonas Haarr Friestad

  • Hilde Anette Ebbesvik
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

— Ein stor motivasjon til å fortsetja arbeidet , seier leiaren i unge bystyre, Bjarte Espeland Horpestad om å få Hurra-prisen.

Kvart år deler 17. mai komiteen ut ein pris etter nominering frå kommunen. Ungdommens bystyre kan ropa hurra ekstra høgt på årets feiring med tildeling av bilde og 15.000 kroner. Bystyre veit ikkje kva dei vil bruka pengane til enno, men det er prisen i seg sjølv om er den viktigaste.

Les også

Niåring kan holda 17. mai-talen

Det var Eirik Faret Sakariassen som føreslo å gje prisen til Ungdommens bystyre i år.

— Alle var einige i det forslaget, og me synest dei er ein verdig vinnar, seier han.

Grunnen til at Ungdommens bystyre får prisen i år er at dei har vore flinkare til å påverka i det politiske miljøet. Med ei 200-års feiring i år var det ekstra viktig at akkurat dei fekk prisen.

— Me må ikkje berre feira grunnlova slik den er, men kunna utvikla den og påverka vidare. Det kan Ungdommens bystyre vera med på. Til dømes er det ein diskusjon no om 16-åringar før få stemmerett som blir viktig framover, seier Sakariassen.

Får påverka

I Ungdommens bystyre sit representantar frå alle ungdomsskulane og vidaregåande skule. Sjølv om ikkje alle er her i dag, er dei totalt 56 representantar i Stavanger. Møta går på dagtid slik at det ikkje skal kollidera med fritidsaktivitetar. Oliver Maximilian Brattery Andresen er ein av representantane. Han fortel at det er svært kjekt å vera med, og det har gjeve meirsmak.

— Eg hadde ikkje tenkt på det før eg kom her, men no har eg lyst til å bli politikar når eg blir eldre, seier han.

Les også

Hva er frihet for deg?

Han synest det er stas å få vera med å påverka saker i Stavanger, og har mellom anna vore med å påverka i diskusjonen om bybane.

Det er også dette varaordførar Julie Christiansen påpeikar som kjekt.

— Å få prisen no er ei tillitserklæring frå kommunen, seier ho.

Kritiske også

Christiansen fortel at dei har hatt ein stor framgong berre på dei tre åra ho har vore med.

— Me blir sett og høyrt av kommunen, seier ho.

Sakariassen fortel at dei også ynskjer at nokon skal vera kritisk til det som blir bestemt, og meiner det Ungdommens bystyre har vore flinke til det.

Ungdommens bystyre har møter seks gonger i året og då får dei saker frå kommunen som dei skal diskutera. Dei som er med i Ungdommens bystyre er elevar frå 12 til 19 år. Då er det greitt at dei ofte får besøk av tilsette frå administrasjonen til å forklara lett kva sakene går ut på. Deretter skal dei diskutera sakene i inndelte grupper før dei diskuterer sakene i plenum.

— Det er ein låg terskel for diskusjon, seier Horpestad.

Seriøse diskusjonar

Arbeidet til Ungdommens bystyre skal vera liknande som det vanlege bystyret. Seriøse diskusjonar og avstemming føregår slik det skal.

Då Aftenbladet besøkjer bystyret onsdag held elvane på å diskutera spørsmål frå formannskapet. Det handlar om korleis det er å vera ungdom i Stavanger, og om dei er nøgde med fritidstilboda.

— Det er eit greitt tilbod, det handlar vel meir om at folk må komma seg ut av sofaen og oppdaga det, seier ei gruppe etter ein diskusjon.

Les også

Bekymra over huset til ungdommane

Saker som styret har jobba med er planen for skateparken og dei vil jobba med Metropolis si levetid.

Prisen vil dei få på nasjonaldagen i ein lunsj med mellom anna den politiske leiinga, fylkesrepresentantar og politistasjonssjefen.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Ordføreren vil lage sjau

  2. Her er flyet på vengene for siste gong

  3. Gutt (16) omkom i ulykke hjemme

  4. Her tar bilen u-sving i Hundvågtunnelen

  5. Purrer på Boreal: Når starter Høgsfjord-sambandet opp igjen?

  6. Nå skal Sokndal ta skikkelig Cittaslow-sats

  1. Stavanger