Legevaktsjefen i Stavanger sluttar
Nina Horpestad sluttar som legevaktsjef og blir rådgivar i Utdanningsforbundet, melder Stavanger kommune. Etter halvanna år på legevakta er det på tide å skifte beite.
- Elsa Di ValerioJournalist
- Julie Teresa Rege OlsenJournalist
Horpestad har leia legevakta i Stavanger i halvanna år. Ho hadde vore fylkesleiar i Norsk Sykepleierforbund i 13 år før ho gjekk inn i stillinga som verksemdsleiar for legevakta.
– Då stillinga i Utdanningsforbundet blei lyst ut kunne eg ikkje la sjansen gå frå meg. Det er ikkje ofte denne typen stilling blir lyst ut her i regionen, seier Horpestad i pressemeldinga.
Etter 25 år i fagforeininga var ho klar for å prøve seg i kommunal sektor, og så for seg at dette skulle vere den siste arbeidsplassen hennar fram til pensjon. Men noko kjentest ikkje heilt rett.
– Kvifor går du av etter berre halvanna år i stillinga?
– Etter at det var streik i fjor var det nok noko som trigga eit segment i meg som eg sakna. Eg måtte ta nokon diskusjonar med meg sjølv og berre innrømme at hjartet mitt ligg i fagforeiningsarbeidet.
Horpestad har varsla at ho vil tilbake til ein jobb som i fagforeininga og blir no rådgivar for Utdanningsforbundet.
Sjølv om første arbeidsdag på legevakta var midt i pandemien, har ikkje arbeidsmiljøet eller oppgåvene hatt noko å seie på trivselen.
Horpestad har trua på at folka som kjem etter ho skal bringe arbeidet på legevakta vidare i framtida.
Les også
Mest lest akkurat nå
To personer omkom i MC-ulykke i Gjesdal - veien er stengt
Lastebilsjåfør promillekjørte i Risavika
Flyselskapene ber folk møte som normalt likevel
Her kommer Tom Erik Halvorsen i mål etter å ha løpt i 20 timer, 39 minutter og 52 sekunder
Gjøran fra Stavanger driver bar i Magaluf: – Plassen har et ufortjent dårlig rykte
Som 15-åring laget Anna-Kristine fra Stavanger sitt eget klesmerke. Nå er hun designer