Sanner: Definitivt ja til lang Årdaltunnel

Sjå her, Senterpartiet. Kommunaldepartementet seier ja til lang tunnel på riksveg 13 frå Melkeråna til Årdal i kommunane Hjelmeland og Strand.

  • Tor Inge Jøssang
    Tor Inge Jøssang
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Same dag som regjeringa formelt gav klarsignal for Årdalstunnelen, snakka Sp-leiar Trygve S. Vedum i Politisk kvarter på NRK om sentraliseringa som har herja sidan Høgre og Frp kom til makta.

– Senterpartiet har openbert partipolitisk interesse av å snakka distrikta ned og konfliktnivået opp. Vi ser at distriktsnorge går bra. Det blir investert som aldri før i vegar og ny næringsverksemd. Dette er investeringar og arbeidsplassar som gjev grunnlag for busetnad i heile landet. I realiteten bremser vi sentraliseringen som skjedde under dei raudgrøne. Det blir lagt ned færre gardsbruk og skular, og går betre i distrikta, seier kommunalminister Jan Tore Sanner til Aftenbladet.

Jan Tore Sanner

Regjeringa og samarbeidspartia har sett av 1000 milliardar kroner til samferdsle i Nasjonal transportplan 2018–2029. Eit av prosjekta som ligg inne er lang Årdalstunnel.

I tilfelle regjeringsskifte til hausten, kan det bli Senterpartiet som får ansvaret for å bygge tunnelen. Spørsmålet er då om ei raudgrøn regjering med SV og/eller MDG, vil satse like mykje på samferdsle - for å binde heile landet saman - som den blå-blå regjeringa? Det trur ikkje stortingsrepresentant Roy Steffensen (Frp).

– Med FrP i regjering har vi kraftig auka rama for kor mykje penger vi skal bruke på samferdsle i åra som kjem. Ønsker veljarane enda fleire samferdsleprosjekt på plass i vår region i åra som kjem, er det ein stor fordel å stemme på FrP, det partiet som har høgast ambisjonar innan samferdsle. For 4 år sidan latterleggjorde dei andre partia oss da dei meinte 500 milliardar burde brukast i den tiårige transportplanen, mens vi føreslo 900 milliarder. I år diltar dei etter når vi føreslår 1000 milliarder. Kven hadde trudd det for 4 år sidan? Det hjelper å ha ei hand på rattet, for det betyr nemlig noko kven som sit i regjering. Stemmer ein på dei partia som latterleggjer dei ambisiøse, kan ein ikkje forvente ambisiøs satsing på samferdsle, uttaler Steffensen.

Dette blir kontant avvist av Geir Pollestad (Sp).

– Forskjellen mellom Sp og Frp er at der vi brukte ein fireårsperiode på å bygge Svotunnelen, så har FrP nå brukt fire år med planlegging og ulike krumspring. Hadde Frp fått gjennom sin politikk, så ville det ikkje vore noko byggearbeid på Ryfast nå. Eg kan garantere at Senterpartiet kjem til å legge fram ein alternativ transportplan som har sterkare distriktsprofil enn forslaget frå regjeringa, kommenterer han.

Kronglete

I 2015 sette Statens vegvesen foten ned for den lange tunnelen, som både Ryfylke-kommunane, Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland vil ha. Nå er saka endeleg avgjort - og Ryfylke vann. Sidan regjeringa har lagt lang Årdalstunnel inn i Nasjonal transportplan, er vedtaket til Kommunaldepartementet som venta.

– Berre ein formalitet, Sanner?

– Kommunaldepartementet har hatt ei uavhengig behandling av motsegna (innsigelsen). Vi har teke omsyn til ønskene frå kommunane og at dette er ei viktig transportåre for sjømatnæringa. Både samfunnsøkonomiske og trafikkmessige omsyn tilseier at motsegna bør avvisast. Det er bra at det er føreslått pengar, slik at prosjektet kan gjennomførast, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Rassikring

Utbetring av riksveg 13 mellom Melkeråna og Øykjaneset må gjerast for å sikre mot ras. Vegstrekninga frå Melkeråna til Årdal er om lag 14 kilometer. Dagens vegtrasé har stor høgdeskilnad og bratt bakke over Tveitebrekka, noko som gir utfordringar på vinterføre, særleg for vogntog. Marine Harvest har lakseslakteri, medan Sterling White Halibut slaktar kveite i Hjelmeland. Sjømatnæringa er viktig i området, og vegen er viktig for transporten frå denne næringa.

– Vi har teke omsyn til at lang tunnel gjev stor samfunnsøkonomisk gevinst, og er viktig for lokal vekst og verdiskapning, seier Sanner.

Lang tunnel gjev åtte til ni minuttar redusert reisetid i forhold til dagens veg, medan alternativa med kort tunnel vil gje ein marginal reduksjon på omlag eitt minutt.

Planforslaget inneheldt fem alternative traséar. Statens vegvesen hadde motsegn til alle alternativ som omfatta lang tunnel frå Melkeråna til Årdal, og tilrådde ein kort tunnel. Samferdselsdepartementet støtta ikkje motsegna til Statens vegvesen, og i Nasjonal transportplan 2018–2029 er det lagt til grunn ei løysing som omfattar lang tunnel.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner at lang tunnel og auka vegstandard vil gje stor nytte, spesielt når Ryfast kjem med ferjefri samband mellom Stavanger og Ryfylke.

Publisert:
  1. Statens vegvesen
  2. Hjelmeland
  3. Kommunal- og moderniseringsdepartementet
  4. Årdal
  5. Ryfylke

Mest lest akkurat nå

  1. Rogfast-sjefen bestiller jordskjelv-rapport

  2. Koronasmitten øker igjen på Nord-Jæren – kan bli aktuelt med nasjonale tiltak

  3. Birgitte-saken: Politiet har nytt DNA-funn

  4. Kamp mot klokken for Viking-spiller

  5. Bryllup skaper trøbbel – påvirker opp­rykks­kampen

  6. – Ble stanset av en ung mann med langt, lyst hår, og en dame