Taktikk berga SV

Ein av fem veljarar stemte taktisk ved stortingsvalet i fjor haust. Det fekk Audun Lysbakken (SV) og Trine Skei Grande (V) mest glede av.

Nettversjon Taktisk stemmegivning i 2013.jpg
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Politisk kommentator
Publisert: Publisert:
Frisør Mohammad Khalili i Pedersgata vippa fram og tilbake mellom SV (Hallgeir Langeland) og Ap (Torstein Tvedt Solberg) før valet. Han fall ned på at Langeland trengte hans stemme mest.
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

– 18 prosent taktiske veljarar er eit overraskande høgt tal, seier professor Anders Todal Jenssen ved Norges teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Han står bak undersøkinga, som er den første i sitt slag i Norge. Om lag 2200 veljarar er spurde gjennom TNS Gallup sitt nettpanel.

Den taktiske stemmegivinga fekk klare konsekvensar for valresultatet.

– Det kan ikkje vera tvil om at taktiske stemmer berga SV over sperregrensa på 4,0 prosent, slår Todal Jenssen fast.

SV hadde berre 0,1 prosent å gå på. Og i undersøkinga oppgir heile 32 prosent av SV-veljarane at dei i utgangspunktet hadde vurdert å stemma på eit anna parti, men valde SV for å hjelpa partiet over sperregrensa. På eit anna spørsmål svarer 23 prosent at dei stemte SV primært for å støtta den raud-grøne regjeringa. Her er det nok mykje overlapping.

Dei aller fleste av desse SV-veljarane kjem frå Arbeidarpartiet, seier Todal Jenssen. Sjølv om det også går ein del veljarar andre vegen, ved at SV-arar stemte Ap for ikkje å "kasta bort" stemma, er det ganske klart at SV profiterte på dei taktiske vurderingane ved dette valet. Det kom då også ganske klare oppfordringar, for eksempel frå LO-leiar Gerd Kristiansen, om å stemma taktisk.

Bevisst frå SV

Partisekretær Silje Schei Tveitdal er ikkje like overraska som Todal Jenssen.

– Me visste kor svak base me hadde, og kjørte derfor aktiv argumentasjon for taktisk stemmegiving i innspurten. Og eg vil jo seia at dei veljarane som stemte på oss, fekk mykje igjen for det.

– Men det viser vel også at SV har ein endå lengre veg å gå for å koma på tryggare grunn?

– Ja, sjølv om taktiske veljarar tel like mykje som andre, veit me at dei sit lausare i salen. Derfor har me ein stor jobb å gjera i å driva aktiv opposisjonspolitikk og byggja tillit over eit breiare spekter av saker, spesielt innan økonomisk politikk, helse og omsorg. Me har jo ikkje lyst til å bli eit parti som baserer seg for mykje på taktisk stemmegiving, seier Tveitdal.

Venstre nådde fram

Det var likevel ikkje berre blant dei raud-grøne at taktisk stemmegiving var utbreidd ved valet i fjor haust. Også Miljøpartiet Dei Grøne (27,4 prosent) og Venstre (16,0 prosent) utmerkar seg med mange veljarar som var motiverte av å få partiet over sperregrensa.

Undersøkinga viser også at Venstre-leiar Trine Skei Grande nådde fram til mange med appellane om å stemma Venstre for å forhindra at ei ny borgarleg regjering vart for høgreorientert. Faktisk var 15,9 prosent av Venstre-veljarane raud-grøne sympatisørar som oppgav dette som motiv for å stemma Venstre i 2013.

KrF hadde til samanlikning berre 3,1 prosent av denne veljartypen. Todal Jenssen hadde venta fleire:

– Ap og KrF står kvarandre ganske nært, for eksempel er truleg Ap det partiet med flest kristne veljarar. Venstre har derimot gått meir til høgre dei siste åra. Men det kan henda at det rett og slett er meir tradisjon for å stemma taktisk på Venstre. Det såg me ikkje minst ved valet i 2005.

Høgre-lekkasje

Høgre tapte ein del terreng gjennom valkampen. Undersøkinga viser at partiet mista veljarar til både sentrum og Frp av taktiske grunnar.

I heilsides avisannonser fortalde hotellkongen Olav Thon at han stemte Frp "for å gjøre det lettere for Høyre å føre høyrepolitikk". Vel 18 prosent av Frp-veljarane har tydelegvis tenkt som Thon. Venstre og KrF henta 14 prosent av veljarane sine frå Høgre.

Frisør Mohammad Khalili i Pedersgata vippa fram og tilbake mellom SV (Hallgeir Langeland) og Ap (Torstein Tvedt Solberg) før valet. Han fall ned på at Langeland trengte hans stemme mest.
Publisert:
  1. Politikk

Mest lest akkurat nå

  1. 2000–4000 små barn kan bli innlagt i Norge i vinter, tror FHI

  2. Det moren hørte gjennom døren avdekket et pedofilt nettverk gjennom 20 år

  3. Dobbelt­draps­dømt (20) døde i fengsel

  4. Båt på grunn ved Sandøya i Stavanger

  5. Sosialdemokratene SPD vant valget i Tyskland

  6. Norge har nær 1 million koronadoser på lager