Raudt: - Livredd fire nye år med Frp
RAUDT: På Raudt si valvake på Sting i Stavanger er alle auge vendt mot Oslo. Der tyder alt på at Bjørnar Moxnes blir partiets første på tinget.
Klokka 19.30: Førstekandidat Ole Kvadsheim og Stine Holm ventar. Eit par timar seinare kjem dei første prognosene. Foto: Carina Johansen
- Birgitte FloteJournalist
Ein konfetti ligg klar til å bli kasta ut i lufta. Øl på borda. Stemmer som overdøver valsendina på skjermen. Så blir klokka 21 og det blir stille.
– Åj.
– Nei!
Rogaland Raudt sin førstekandidat, Ole Kvadsheim, ser skuffa ut.
– Eg er jo livredd fire nye år med Frp og aukande skilnader, seier han.
Likevel: Mandag kveld viser prognosene at Bjørnar Moxnes er inne for Raudt i Oslo. Det gjer dagen historisk for partiet.
RESULTATER: Stortingsvalget 2017
Historisk
Sidan opprettinga av Raudt har partiet aldri vore representert på Stortinget. Erling Folkvord var på tinget for forjengaren RV frå 1993-1997.
– Dette er uansett historisk. Landet vil merke at vi er inne.
Prognosene tyder på at Raudt berre får eitt mandat. Mandag kveld vipper dei mellom 2,6 og 2,7 prosent av stemmene. Dermed er det eit godt stykke att til sperregrensa på 4 prosent.
Det har vore ein spesiell valkamp, seier førstekandidaten for Rogaland, Ole Kvadsheim. Først var målet å få ein representant på Stortinget, så blei målet to, så blei målet sperregrensa. Foto: Carina Johansen
Klokka 20.00: – I kveld feirer vi at vi endeleg kjem inn på tinget. Klarer vi sperregrensa, blir det hæla i taket, seier førstekandidat Ole Kvadsheim. Han har konfettien klar. Foto: Carina Johansen
Ti kjappe med Ole (Rødt): - Håper at vi kommer i vippeposisjon
Sara Mauland (Raudt) si politikarlønn går rett til partiet. Sjå lista over valkampbidrag her
Sara Nustad Mauland er spent på resultatet. Foto: Carina Johansen
Pusta på sperregrensa
Ved forrige Stortingsval fekk partiet 1,3 prosent av stemmene. På dei beste meinigsmålingane i år har partiet vore like under eller til og med over sperregrensa på 4 prosent. Tidlegare mandag kveld er Kvadsheim håpefull.
– Draumesituasjonen er at Ap blir avhengig av oss for å danne regjering. At både Raudt og SV klarer seg bra, viser at vi har fanga ein venstrevind no.
Også andrekandidat Erica Restoften er spent.
– Eg må jo håpe at vi kjem over sperregrensa. Men eg var så nervøs at eg knapt klarte å gå hit no, sa ho tidleg mandag kveld.
I den grad partiet hadde håpa å få inn representant frå fylket, er det gjennom utjamningsmandat. Partiet er ikkje spesielt store i Rogaland. Den siste meiningsmålinga før valet viste at Raudt låg an til å få 1,8 prosent av stemmene her.
Karianne Folkvord Furset (17) har tatt turen til valvaken. Ho har vakse opp med Raudt-sympatisørar på alle kantar. Grandonkelen var sjølvaste Erling Folkvord.
– Eg har vore medlem sidan tidenes morgon. Partiet er det einaste som tar på alvor at vi må bli kvitt kapitalismen for å ha ei framtid i verda, seier ho.
Fredag møtte Aftenbladet fjerdekandidat og bystyrerepresentant Sara Nustad Mauland.
– Eg trur enkelte Raudt-sympatisørar ventar til det er sikkert at SV er over sperregrensa. No gjer SV det så bra at eg trur enkelte som kanskje ville stemt taktisk på dei, heller kjem til oss, sa ho då.
Andre saker frå valdagen:
Les også
Ap deppet for 27,5 prosent
Regjeringsplass for noen gir stortingsplass for andre
SV-Solfrid kan være på Tinget
Mest lest akkurat nå
Borghild Fiskå er død
Veronica Simoné Fjeld hardt ut mot Isabel Raad
Da strømmen ble borte, tømte lokalbutikken fryseren og ga ut gratis is
– Alle har en historie, og kanskje spesielt vi som sitter på dette toget til Egersund
Den britiske koronavarianten er påvist i tre kommuner i Rogaland – ett av dem i år
De har pusset opp 13 boliger de siste 17 årene. Nå har de omsider funnet roen på Tau