Rogaland Ap ber landsstyret vurdere statlig sal av cannabis

Fleirtalet i Rogaland Ap stemte for å be Landsstyret vurdere statleg sal av cannabis. I Eigersund kjemper dei for framleis nei til legalisering.

  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

– Eg tenker det er på tide å vurdere statlig regulering og sal av cannabis, seier Kristoffer Joner frå talerstolen i Haugesund der partiet i helga var samla til fylkesårsmøte.

Det er tre år sidan han på sitt første årsmøte i Stavanger Ap foreslo at bruk og besittelse av hasj bør straffast langt mildare. Intensjonen er god, men forsalget er kontroversielt, kom det frå styret den gong. Forslaget fekk nei.

Joner opplever at mykje har skjedd med partifellene sine haldningane på desse tre åra. I helga var det konsekvensutredning av statleg regulering og sal av cannabis han foreslo.

Fleirtal

Fleirtal i fylkesårsmøtet stemte for å sende forslaget vidare til vurdering sentralt.

– Det er forholdsvis nytt i Norge å snakke høgt om dette, men eg meiner det er på tide å stille spørsmålet. I første omgang vil vi ha fakta på bordet, så får vi vurdere om det er snakk om å legalisere til medisinsk bruk eller å gå for Amsterdam- modellen, seier han.

Landsstyret skal no ta stilling til saka. I forslaget til partiprogram heiter det foreløpig at «Narkotika skal fortsatt være forbudt. Rusavhengige skal møtes med god helsehjelp, ikke straff».

Retting: Aftenbladet skreiv først at fleirtalet i Rogaland Ap vil utgreie statleg sal av cannabis. Det riktige er at dei vedtok å sende saka til behandling sentralt.

– Vi realitetsbehandla ikkje saken om cannabis. Saka kom inn under laurdagens politiske debatt og vi valgde å innstille på at forslaget vart sendt over til Landsstyret for ei heilhetleg vurdering med tanke på rusområdet, seier Redaksjonskomiteens leiar, stortingsrepresentant Hege Liadal.

Andre saker frå fylkesårsmøtet:

– Ein kamp vi aldri vinn

– Vi ynskjer alle det same, at det skal vere minst mogleg rusmidlar. Men rus har eksistert så lenge menneska har vore her. Når det ikkje går vekk, må vi berre hanskast med det, seier Joner.

Han samanliknar dagens narkotikaforbod med alkoholforboda tidleg på 1900- talet. Desse vart oppheva mellom anna fordi ein såg ei auking i heimebrenning og smugling.

– Då óg var det nokon som tok kontroll med salet. I dag er det kranglar og krig om kontrollen over cannabis. Det er på tide å vurdere om staten bør ta kontrollen no. Kvifor skal «bad-guysa» styre, spør han.

– Motstandarane har ofte sagt at legalisering er å gi opp kampen for rusfridom?

– Det er ikkje dumt å gi opp ein kamp du ikkje kan vinne. Då kunne vi brukt pengane til andre ting og dermed hatt eit betre tilbod, seier han.

– Feil signal

Under fylkesårsmøtet fremja Eigersund Ap forslaget «nei til legalisering av cannabis». I sakspapira står det at forslaget er «ivaretatt av nasjonalt program».

– Eg er glad mitt og Eigersund Ap sitt syn framleis er det som gjeld i partiprogrammet. At folk stemte for å sende dette til sentralstyret betyr ikkje nødvendigvis at det er eit nytt syn på dette i partiet, seier Bente Gravdal i Eigersund Ap.

Gravdal har sjølv jobba tjue år i rustenesta. Ho er overbevist om at legalisering ikkje er vegen å gå.

– Vi må ikkje sende signal om at det er greit å bruke cannabis. Dersom vi legaliserer, fryktar eg forbruket aukar blant dei unge. Eg har sett konsekvensane, spesielt for ungdommar. Dei opplever utanforskap, problem med hukommelse og i kjenslelivet og det er fare for psykose.

– Det vi treng er betre førebygging. Vi må styrke tilbodet til behandling og betre ettervernet slik at vi står klare til å fange dei opp. Rusavhengigheit er i dag definert som ein sjukdom, men vi har ikkje bygd opp eit godt nok system.

Anna Kvam, stortingsrepresentant for De Grønne Rogaland, synes nyheita er veldig gledeleg. I ein mail til Aftenbladet tysdag skriv ho:

– Det er gledeleg at Rogaland Arbeiderparti ynskjer at landsstyret skal ta stilling til eit så progressivt ruspolitisk vedtak. Dei byrjar så smått å vise at dei vil ta kunnskap alvorleg. Nå vert det spanande å sjå om om de progressive kreftene i Rogaland vinn fram sentralt.

Rådmannen seier nei til sprøyteromSvenske leger får skrive ut cannabis på reseptFlere unge skal reddes fra rus i Stavanger
Publisert:
  1. Kristoffer Joner
  2. Stavanger Ap
  3. Legalisering
  4. Cannabis

Mest lest akkurat nå

  1. «Glimt av gammel storhet – og masse rør og rot. Men det viktigste denne kvelden var kanskje ikke kvaliteten på Kristian Valens show.»

  2. Kvinne brukte superlim på naboens elbil-lader

  3. Innenfor denne knuste døren ble et eldre par angrepet. Dette var gjerningsmannens sannsynlige rute.

  4. Da hun fikk påvist det arvelige genet, fikk hun valget. For henne var det aldri et spørsmål.

  5. Et enkelt Messenger-spørsmål fra en slektning ble til et mareritt for Rune Nedrebø

  6. Nå herjer tidligere Viking-talent: – Alltid visst at jeg har det i meg