Ny pris til populær bakar

Pilt-Ola prisen for 2021 går til Gunvor Fiskå. Fylkesordførar Marianne Chesak delte ut prisen under Arena Ryfylke på Hjelmeland torsdag kveld.

Gunvor Fiskå driv Ryfylke bakeri & konditori.
  • Aftenbladet
Publisert: Publisert:

icon
Denne artikkelen er over ett år gammel

– Ho er samfunnsengasjert, og har alltid vore oppteken av å få ungdom i arbeid og brenn for faget sitt. Gunvor Fiskå frå Jørpeland er tildelt den gjeve Ryfylke-utmerkinga Pilt-Ola prisen, heiter det i ei pressemelding frå Ryfylkealliansen.

Gunvor Fiskå driv Ryfylke bakeri & konditori. Verksemda hennar blei nyleg heidra med ein gjev nasjonal pris og fekk tittelen Årets Bakeri 2021, og ho har også vunne heider i konkurransen Årets Kake.

Ho fann tidleg oppskrifta på suksess, og berre 23 år gamal starta ho si eiga verksemd som ho fortsett driv både på Jørpeland og Tau. Ho har våga å satsa, og var den første kvinna i landet som utdanna seg til både bakar- og konditormeister.

– Gunvor sitt engasjement for å skapa nye arbeidsplassar og for stadig fagleg
utvikling bidrar til å løfta bakar- og konditorbransjen i Ryfylke og Noreg, heiter det i grunngjevinga.

Fylkesordførar Marianne Chesak refererte juryen si grunngjeving:

– Gunvor Fiskå er ein framifrå representant for Ryfylke! Ho profilerer Ryfylke under Gladmatfestivalen i Stavanger, leiar Stavanger og Omegn Bakar- og Konditorlaug, sit i styret for opplæringskontoret for matfag og skriv nå også lærebok for konditorfaget. Med sitt engasjement bidrar Gunvor Fiskå til bulyst og framtidstru i Ryfylke. Ho er ein verdig vinnar av Pilt-Ola prisen 2021.

Prisen har namn etter Ole Olsen Sangesand (1779-1858), ein husmannsson frå Lysefjorden. Han blei viktig i bygginga av nasjonen Norge etter 1814. Han arbeidde heile livet med eitt mål for auga: Å skaffa folk betre levekår og nok mat. Ideane hans var både nyskapande og dristige, og saman med ein utradisjonell livsstil, skapte Ole Olsen Sangesand seg eit namn som blei kjent over heile landet. Han blei ein av dei store kjendisane i Norge i første halvdel av 1800-talet.

Prisen skal gå til enkeltpersonar som har bidratt til positiv utvikling i og for Ryfylke, som har sett spor etter seg ved å tenkja nytt, ved å våga å ta risiko, som har lukkast og som har ei god forteljing i Pilt-Ola si ånd. Like mykje som tiltak innan næring og økonomisk verdiskaping, kan det leggast vekt på samfunnsmessige og andre, allmenne tiltak.

Juryen har bestått av Marianne Chesak, Magnhild Meltveit Kleppa, Audun Rake, Asbjørn Birkeland og Eirik Moe.

Ryfylkealliansen, som deler ut prisen, er ei foreining med over 160 offentlege og private verksemder som har fokus på verdiskaping, bulyst og identitet i Ryfylke.

Det er femte gongen prisen blir delt ut. Prisen blei gjeven til Jon Arne Helgøy i 2017, til Bjørn Moe i 2018, til Magnhild Meltveit Kleppa i 2019 og i 2020 var det Jan Terje Vignes som vann prisen.

Publisert: