Nye Årsvollveien opna mellom Sandnes og Sola

Tysdag opna fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal den nye fylkesvegen som går mellom Sandnes og Tjelta.

Publisert: Publisert:

Bogafjell Skolekorps spelte på opninga av vegen. Foto: Jan Inge Haga

  • Ragnhild Sofie Selstø
  • Jan Inge Haga
    Fotograf
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

I tillegg til å vera utvida, har den rundt fire kilometer lange vegen frå Stangeland i Sandnes til Tjelta fått gang- og sykkelveg. Brua over Skas-Heigre-kanalen er fornya, og bustadene i nærleiken har fått støyskjerming.

Prosjektet er ein del av Bymiljøpakken, og endte opp med ein prislapp på 80 millionar kroner. 75 prosent, eller 60 millionar kroner, er finansiert av bompengar. Resten er betalt av Rogaland fylkeskommune.

Sola-ordfører Ole Ueland og fylkesordfører Solveig Ege Tengesdal var på åpninga. Foto: Jan Inge Haga

– Vi har hatt utfordringar spesielt med handtering av overflatevatn i eit flatt område utan offentleg avløp. I lag med entreprenøren har vi funnet gode løysingar, seier prosjektleiar Per Ove Stokkeland i Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Trafikkavviklinga har også vore utfordrande med smal veg utan tilbod for gåande og syklistar. Men i dag er vi glade for at alt er ferdig, poengterer Stokkeland.

Stangeland Maskin AS har vore entreprenør for prosjektet.

Den oppgraderte fylkesvegen går langs Årsvollvegen og Gimramyrveien frå Stangeland i Sandnes til Tjelta i Sola.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Ruset mann vil svømme i Breiavatnet

  2. Nesten som i Syden

  3. Dette huset satte prisrekord i Sola

  4. Overstadig beruset mann i båt på Jørpeland

  5. Formel 1 fikk grønt lys: Dette blir startdato

  6. Har skrive romanar om sin eigen hardt prøvede familie

  1. Sola
  2. Sandnes
  3. Statens vegvesen
  4. Bompenger
  5. Stangeland Maskin