Human-Etisk Forbund gir pengar til kyrkjemotstandarar

Motstandarane av ny kyrkje i Sola kommune har fått økonomisk hjelp frå Human- Etisk Forbund (HEF), skriv Vårt Land.

Ordførar i Sola kommune Ole Ueland (H) synes det er spesielt at Human- Etisk Forbund vel å støtte motstandarane mot ny kyrkje.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

– HEF skal være forsiktige slik at de ikke blir antikirkelige, seier ordførar i Sola, Ole Ueland (H), til Vårt Land.

I fjor vart det vedteke at det skal byggjast ny kyrkje i Sola. Den er venta å koste 90 millionar, og vedtaket har i ettertid møtt motbør.

Aksjonerer mot ny kyrkje

Ei aksjonistgruppe har sidan i sommar arbeida mot vedtaket. Aksjonistane har mellom anna utført ei meiningsmåling, der 66 prosent av dei spurte seier nei til at kommunen skal bruke pengar på å byggje den nye kyrkja.

Meningsmålinga skal ha kosta 27.500 kroner, og ei støtte på 15.500 frå HEF har vore med å betale dette, ifølgje Vårt Land.

– Dei står heilt fritt til å gjere det, men eg synes det er litt spesielt at trussamfunnet HEF, som Sola også gir tilskot til og prøver å tilrettelegge for med livssynsnøytralt seremonirom, engasjerer seg på denne måten, seier ordføraren til same avis.

Dette mener Lars Helle om saken: Trangsyn og pietisme fra Human-Etisk Forbund.

Fem kyrkjer

I Sola kommune er det i dag fem kyrkjer, og HEF meiner difor at ein bør bygge eit livssynsnøytralt rom heller enn ei sjette kyrkje. Kommunen har 26.163 innbyggarar.

– Å bygge ei svær kyrkje som favoriserar eit syn som blir mindre og mindre utbreidd, er absurd, uttala Kjetil Nordbø, leier av Human-Etisk Forbund i Stavanger-området, til NRK Rogaland i slutten av september.

Til Vårt Land seier orføraren at det livssynsnøytrale seremonirommet som Sola kommune bygde for to år sidan er lite brukt. Samtidig viser han til at kommunen har lagt til rette for å brukte kulturhuset til namnefestar og konfirmasjonar.

Høgre, Venstre og KrF stemte for å byggje den nye kyrkja då dette vart vedteke.

Sola-budsjettet: - Høyre får privatisere mot at KrF får kirke og Venstre lekeplassSola framskyver kirkebygging15.000 har meldt seg ut av Kirken på fire dager
Publisert:
  1. Ole Ueland
  2. Sola kommune
  3. Vårt Land
  4. Kristelig Folkeparti (KrF)
  5. Den norske kirke

Mest lest akkurat nå

  1. Flere unge kan ikke lenger bruke en vanlig datamaskin: – Holder ikke med et kurs

  2. Bendi fra Sandnes skal til Bocuse d'Or: – Når jeg først har sagt at jeg skal gjøre noe, gjør jeg det

  3. Før var strømprisene lavest i Sør-Norge. Så skjedde det noe

  4. Ryfast: Stenges to ganger i døgnet i 10 dager

  5. Disse har søkt på jobben som kultursjef i Stavanger

  6. Marerittkveld for Haaland og Dortmund: Største tap i Champions League