Krevde jobbing 24/7 ved fylkesvegen gjennom Dirdal - no har han fått svar

Etter det blei kjent at stenginga av fylkesvei 45 gjennom Dirdal blei forlenga frå 22. august til 18. september, skreiv Gjesdal-ordførar Frode Fjeldsbø brev til fylkesordføraren. Grunna sikkerheitshensyn vil dei fortsette å jobbe 20 timar i døgnet, var svaret han fekk.

Publisert: Publisert:

Fylkesvei 45 gjennom Dirdal er stengt fram til 18. september. Foto: Fredrik Refvem

  • Ragnhild Sofie Selstø
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Eg hadde håpa på ein tryggare stadfesting om at dei setter absolutt alle kluter til for å klare denne fristen, seier Fjeldsbø.

Årsaken til at stenginga av vegen blei forlenga var uforutsette bevegelsar i ura som vegen går gjennom, og denne må sikrast på ein betre måte. Vegvesenet skreiv i ein pressemelding at det jobbes skift 20 timer i døgnet for å få vegen ferdig.

Avhengig av fleire faktorar

I sitt brev til fylkesordføraren krevde Fjeldsbø jobbing døgnet rundt og ekstra båtavganger frå Oltesvik til kaien i Dirdal.

«Hver ledige og mulige arbeidstime må benyttes til arbeid i prosjektet. Vi mener det må kunne arbeides 24/7 for å gjøre den resterende stengeperioden kortest mulig. Både innbyggere og representanter for næringslivet i Dirdal/Gilja har rapportert til kommunen at det i lange perioder på kvelds- og helgetid har vært stillstand i arbeidet. Dette er det ytterst vanskelig å forstå, gitt det pressede tidsvinduet,» skrev Fjeldsbø.

Fylkesordførar svarar at arbeidsoperasjonane er avhengige av kvarandre, som kan føre til at nokon operasjonar må bli ferdig før ein annan kan bli starta på. Disse knytepunkta er avgjerande for arbeidets tidsbruk.

«Når dette er sagt så er det slik at det jobbes 24/7 på flere deler av prosjektet, og det har det gjort i lang tid. I tunnelen har det til eksempel blitt jobbet 24/7 i veldig lang tid. Det er også tilfellet på andre deler av prosjektet,» skriver fylkesvaraordføraren Marianne Chesak.

Ho skriv vidare at det er trongt om plassen i ura kor dei jobbar, og ikkje plass til å sette på ekstra folk. I tillegg er dei avhengige av dagslyset for å arbeide.

«Vi kan ikke gå på akkord med HMS,» står det.

– Næringslivet og innbyggarane har vore tolmodig og akseptert stenging i 3 månadar. No blir det 1 månad til. Eg håper at vegvesenet bruker kvar ledige time på å få det ferdig, seier Fjeldsbø.

Foto: Torstein Lillevik

– Vår vurdering av båttilbodet fungerer bra

Om ekstra båtavgangar skreiv Fjeldsbø følgande:

«Selv om båttransporten har fungert tilfredsstillende, har det fra innbyggere og næringsliv vært ytret ønske om flere avganger, både på kveldstid og helgetid. Gitt den forlengede stengeperioden og de konsekvenser det får både for næringsliv og innbyggere, ber vi om at rutetabellen gjennomgås på nytt. 1-3 flere avganger på kveldstid, der siste avgang er stipulert til kl. 22, og noen flere helgeavganger, ville kunne gjøre dette enklere for innbyggere.»

Fylkesvaraordføraren skriv at deira vurdering av det eksisterande båttilbodet fungerar bra. Kostnaden for eit utvida tilbod vil ligge på rundt 700.000–800.000 kroner, som blir for stort sett opp mot det behovet dei fangar opp.

– Eg hadde ynskja det kom innbyggarane meir i møte med for eksempel å sette opp minst ein ekstra kveldsavgang i vekene. Det er det eg oppfattar som det viktigaste. Viss det ikkje er mange som nyttar seg av dette, kan dei jo etter ei veke eller to avslutte det igjen, meiner Fjeldsbø.

FÅ OGSÅ MED DEG:

Publisert:

Les også

  1. Forlenger veistenging i Dirdal

  2. Ordfører krever jobbing døgnet rundt

Mest lest akkurat nå

  1. Ektemannen Artur leter på 11. dagen etter sin kone, Elżbieta

  2. – Vi blir straffet for noe vi ikke har gjort

  3. 11-åring ranet av 13–14-åring i Stavanger

  4. – Landet stenges dersom smitten øker mye

  5. Spania har Europas verste oppblussing av korona

  6. MC-ulykka i Haugesund: Politiet har frigitt namnet på den omkomne

  1. Dirdal
  2. Frode Fjeldsbø
  3. Marianne Chesak
  4. Trafikk
  5. Statens vegvesen