Nok eit ja til Wang Ung i Stavanger

Kunnskapsdepartementet seier ja til ungdomsskole med særleg vekt på idrett i Stavanger. Vedtaket er endeleg.

Publisert: Publisert:

Foto: Sjur Lærdal

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

I november vart det kjent at Utdanningsdirektoratet har sagt ja til at privatskulen Wang kan starte ungdomsskule i Stavanger allereie hausten 2017.

Med 11 mot 8 stemmer vedtok formannskapet at kommunen skulle klage inn vedtaket. Høgre, KrF og Frp stemte imot.

Fleirtalet er negative

Det politiske fleirtalet meiner at nye privatskular tappar stavangerskulen for ressursar og elevar. Dei viser mellom anna til at elevtalet er synkande.

Utdanningsdirektoratet svara i januar med å oppretthalde løyvet til at Wang Ung får starte skulen. Klaga vart deretter sendt vidare til Kunnskapsdepartementet som tysdag kom med sitt svar.

- De mest ambisiøse velger WangKnepent nei til Wangs idrettsungdomsskole

– Nytt skuletilbod

Kunnskapsdepartementet konkluderer med at etableringa av ein slik idrettsungdomsskule ikkje vil ha slike negative følger for den offentlege skulen. Dei viser til at skulen skal ha maksimalt 180 elevplassar, og at Stavanger kommune er ei stor kommune med over 130.000 innbyggarar.

– Vi finn at Wang Ung gjennom sin særeigne profil vil tilby eit skuletilbod som i dag ikkje er til stades i kommunen eller nærområdet. Dermed er det tilstrekkelet etterspurnad for skulen.

Vidare viser dei til at Stavanger ikkje står på ROBEK- lista, altså eit register over kommuner og fylkeskommuner i økonomisk ubalanse.

Departementet sitt vedtak er endeleg.

Bakgrunnen for at skulen får sjå fagens lys, er ei endring i friskulelova frå 2015 om skular godkjent på «særskilt profil». Ueinigheita om privatskulane er like gjeldande på høgare politisk nivå. Mellom anna har Rogaland Arbeiderparti stemt for ein uttale som seier at dei vil fjerne dette punktet i lova.

Ap vil stoppe etableringen av Wang i Sandnes
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Venter «graverende rapport» etter konsert i Egersund

  2. To nye smitte­tilfeller i Stavanger

  3. Oslo er nå «rødt» ifølge FHIs smittekrav til andre land

  4. FHI vil stille klare krav til hjemmesydde munnbind

  5. Savnet mann (74) funnet i god behold

  6. Indre Østfold stenger ned etter smitteutbrudd