Kosmetikk for lekfolk og mannfolk

Seks kvardagsfjes av begge kjønn fekk eit usminka møte med foundation, pudder og lipgloss.

Publisert: Publisert:

Litt blank maskara får Arne Nordbøs maskuline augnebryn litt meir medgjerlege. Foto: Fredrik Refvem

  • Fredrik Refvem
    Fotograf
  • Heidi Hjorteland Wigestrand
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Lise Øverland Elve har fått smaken på sminke etter sminkestuntet. Foto: Fredrik Refvem

Sminking handlar mykje om å få fram auga. Her der det Marianne Garborgs blikk som blir framheva. Foto: Fredrik Refvem

Ei lita kvise blir usynleg med litt dekkrem, konstaterer Rune Bjerga. Foto: Fredrik Refvem

Lise Øverland Elve sine lepper får ein farge som passar til toppen ho har på seg. Foto: Fredrik Refvem

Napping av augnebryn er viktig for å løfta blikket, fortel makeupartist Sunniva Søstrand Johnsen. Her er det bryna til Anne Tove Gundersen Ingvaldstad som blir trimma. Foto: Fredrik Refvem

Ole Tom Guse blir påført eit strøk blank leppepomade. Foto: Fredrik Refvem

Denne rougen kan både brukast i kinna og på leppene. Modell Lise Øverland Elve. Foto: Fredrik Refvem

Sminka til The Body Shop er utan parfyme. Kosmetikken er ikkje testa på dyr og er basert på naturprodukt. Her får auga til Anne Tove Gundersen Ingvaldstad eit strøk kajal. Foto: Fredrik Refvem

Maskara må til for å framheva blikket. Modell Lise Øverland Elve. Foto: Fredrik Refvem

Marianne Garborg får eit sjeldan møte med sminkekosten hjå The Body Shop i Østervåg. Foto: Fredrik Refvem

Maskara bør vanlegvis berre brukast på dei øvre augnevippene, elles blir blikket for tungt, seier makeupartist Sunniva Søstrand Johnsen. Foto: Fredrik Refvem

Litt kajal må til. Arne Nordbø sit i andelaus spenning. Foto: Fredrik Refvem

Rune Bjerga får påført ekstra glans til leppene. Foto: Fredrik Refvem

Se bilder ved å trykke på pilen til høyre for videoen!

Litt kosmetikk, takk, var oppgåva Aftenbladet ga makeupartist Sunniva Søstrand Johnsen hjå The Body Shop i Østervåg. Oppdraget var å læra folk som ikkje brukar sminke å leggja kvardagsmakeup. I samband med dette sminkestuntet dukka også hittil ukjente sider opp ved modellane våre. Ordførar i Forsand Ole Tom Guse har nemleg brukt sminke før. Då i den grad at han vann ein dragqueen-konkurranse på Forsand bedehus. Komikarane Arne Nordbø og Rune Bjerga er derimot som sminkenoviser å rekna. Bjerga er nervøs og hevdar at han er milevis utanfor komfortsona si, men er også litt spent på om Sunniva kan skapa han om til Brad Pitt på eit par minutt.

Les også

Rune Bjerga

Glød og blikk

Filmstjernene er vel kanskje ikkje målet med kvardagssminke for kvinner og menn. Johnsen forklarer at det handlar om å friska seg opp litt, gi huda glød og framheva blikket. Herrekosmetikken skal vera nesten usynleg, men likevel ha den effekten at mannen ser kvikkare og meir opplagt ut. Hennar inntrykk er at stadig fleire menn brukar både solpudder, kajal (blyant til å streka opp auga med) og blank maskara til å forma vipper og bryn.

Internasjonal makeupartist for kosmetikkprodusenten IsaDora, Stehpan Ulvund Øien, stadfestar også at norske menn er mykje meir opptekne av utsjånaden enn før. Menns pleie av seg sjølv blir gjerne kalla "grooming" . Ein snakkar då både om barbering, frisering, voksing, hudpleie og sminke – i form av pudder, kajal, maskara, neglelakk og dekkrem mot kviser. Den jamne nordmann er likevel ennå ikkje kommen så langt i eigenpleie som menn frå Persia. Desse har tusenårslange tradisjonar i å nappa augnebryn og stussa skjegget i ein fasong som gjer maksimalt ut av ansiktsfasongen, fortel Øien.

Les også

Arne Nordbø

Leppestift på menn trur han det blir lenge til ein får sjå på fleirtalet. Den rådande trenden er at menn skal vera menn, slår han fast, men legg til at det alltid også vil finnast undergrupper av menn med meir androgyne og feminine trekk.

Naturleg

Marianne Garborg, Lise Øverland Elve og Anne Tove Gundersen Ingvaldstad var ikkje stort meir vande med sminke enn mannfolka. Makeupartist Sunniva sitt inntrykk er at dei aller fleste kvinner over 30 år brukar sminke. Anne Tove frå Hjelmeland trur kvinner på landsbygda brukar mindre makeup enn medsøstrer i byen. Ifølge Sunniva tek det berre ti minutt å leggja ei fin og haldbar dagsminke. Må det skje på to minutt; kjem ein langt med litt solpudder, maskara og lipgloss, fortel ho.

Les også

Marianne Garborg

Både Sunniva og Stephan Ulvund Øien understrekar at sminka må sjå naturleg ut.

— Sminka skal nesten ikkje synast, men vera subtil og framheva venleik. Denne sommaren er det viktig med glødande hud og pastelltonar er in, gjerne i kombinasjon med enkelte sterkare fargar. I dag er det elles opptil 20 ulike trendar til ei kvar tid i motebildet, fordi individualismen står sterkt, forklarer Øien.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kommunen med innstendig bønn før dagens støttemarkering i Stavanger: - Vi er bekymret

  2. Kreftsjuke Pia (2) får ha familien rundt seg på sjukehuset. – Det betyr mykje

  3. Følg med på nyttår rundt i distriktet på våre webkameraer

  4. 18 nye smittede i Norge siste døgn

  5. Trebarnsfaren tok livet sitt. – At alle fortsatt vil snakke med oss om Pål, betyr enormt mye.

  6. Oljedirektoratet skal ansette seks nye direktører. Det kom inn 160 søknader til stillingene