Sjå debatt: Treng me eit sterkare jordvern?

Det er krevjande å vera både bonde og lokalpolitikarar når utbyggarar kjem med forlokkande planar som involverer matjord. Bør staten ta eit større ansvar for jordvernet?

  • Stavanger Aftenblad
Publisert: Publisert:

Me blir fleire og fleire folk på jorda, og med fleire magar å metta, treng me meir mat. Samstundes er klimaendringane i ferd med å forverra vilkåra for matproduksjon fleire stadar i verda.

Rundt tre prosent av arealet i Norge er rekna som dyrka mark. Rogaland er eitt av dei store landbruksfylka. I 2019 omdisponerte Rogaland mest jordbruksjord i landet, med 621 dekar, eller cirka 89 fotballbanar.

«Alle vil ha matjorda, men til kva?» er tittelen på årets landbrukskonferanse i regi av Statsforvaltaren i Rogaland. Konferansen, som blei arrangert måndag 15. mars, blei avslutta med ei sending på nettsidene til Aftenbladet.

Marit Epletveit, leiar av Rogaland Bondelag, er blant deltakarane i sendinga. Foto: Carina Johansen

Her stod tre postar på programmet:

– Eg opplever at lokalpolitikarane er opptatt av jordvern, overordna og generelt, men når det kjem til stykket så veg andre ting tyngre, seier forskar Heidi Vinge.

Ho har skrive doktoravhandling om jordvernets vilkår. I sendinga fortel ho om kva ho har funne ut om korleis det er å vera lokalpolitikar i jorvernsaker, og om kva Rogaland kan læra av Toronto, som praktiserer eit strengt jordvern.

– Eg vil kasta ut ein brannfakkel og seia at alle arbeidsplassane kanskje ikkje treng å vera plasserte sentralt på Jæren, seier Marit Epletveit, leiar av Rogaland Bondelag, i samtale med Tone Grindland, regiondirektør for NHO, og Kjell S. Rakkenes frå Nortura.

Og til slutt er det politikarane sine tur, nærare bestemt Ingrid Fiskaa (SV), Geir Pollestad (Sp), Margret Hagerup (H) og fylkesordførar Marianne Chesak (Ap).

– Kampen om areala vil tetta seg til. Eg trur me ser starten på det no. Då må me våga å ta stilling i dei konkrete sakene, seier Fiskaa.

– Me treng meir draghjelp frå statleg hald. Eg saknar ein heilskapleg tankegang, seier Chesak (Ap).

– Jordvern er ei nasjonal oppgåve. Det er ikkje ein del av lokaldemokratiet å øydelegga livsgrunnlaget for komande generasjonar, seier Pollestad.

– Me skal ta vare på matfylket Rogaland, og me skal ta vare på energifylket Rogaland. Me må klara å finna ein balanse, seier Hagerup og viser til at den nasjonale nedbygginga av matjord er på veg nedover.

Les også

  1. Jordvern-konfliktar i pressområde: Her tapte matjorda

  2. Fryktar landbruksareal på Nord-Jæren vil forsvinna

Publisert:
  1. Jordvern
  2. Landbruk
  3. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. Jeg går ut med en yngre mann, men kritikerne står i kø. Jeg har til gode å høre noen si, dette må være koselig for deg

  2. Rykker på melding om røyk i bygning på Sola

  3. Fanget meteoren på film i Sandnes

  4. Politibil under utrykning kolliderte med ATV: Spesialenheten henlegger saken

  5. Møter gamle lagkamerater: – Vil vise at Viking tok feil

  6. Borgli brøt, sensasjonelt gull til Østerrike