– Ja takk, fleire tunnelar

Kortare reisetid og ferjefrie fjordkryssingar er svært viktig både for å bu og driva næring i Ryfylke, uttaler Hjelmeland-politikar Harald Ommundsen.

  • Tor Inge Jøssang
    Tor Inge Jøssang
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Bjørn M. Alsaker, sjefsingeniør i Statens vegvesen, meiner Ryfylke bør vente med bru over Jøsenfjorden og heller fokusere på fire vegprosjekt som - saman med Ryfast - vil korte ned kjøreturen mellom Stavanger og Hjelmeland frå dagens 110 minutter til under 40 minutter. Det er snakk om ny veg Solbakk-Vatne, Årdalstunnelen, Riskedalstunnelen og Mjølhustunnelen.

Slik kommenterer nokre ryfylkingar utspelet:

– Det forsvinn svært mykje tid til transport for oss som bur og arbeider her. Det vil på sikt være både samfunnsøkonomisk og miljømessig positivt å minke tid til kjøring. For eksempel gikk det over ein halv arbeidsdag berre til å følge dattera mi til ein ti minutters tannreguleringskontroll i Stavanger i går (tirsdag), uttaler Harald Ommundsen, uavhengig representant i Hjelmeland kommunestyre.

Harald Ommundsen Foto: Heidi Hjorteland Wigestrand

Torunn Munthe (H) trur Ryfast vil skape stor trafikk.

– Bjørn M. Alsaker seier sjølv at etter Ryfast opnar i 2019 er ingenting gjort klar for den store trafikkstraumen gjennom Ryfylke og riksvei 13. Eg trur mengda vil overraske alle. Fokus må ikkje bare vere på reisetid frå Hjelmeland til Stavanger, men Jøsenfast og veien videre til Røldal må også prioriterast. Realisering av hydrogen-elektrisk ferjer vil nok utsette ei bro over Jøsenfjorden veldig langt frem i tid, spår ho.

Torunn Munthe

Johannes Soppeland og Ståle Halsne, begge KrF, er einig med Hjelmeland-ordførar Bjørn Laugaland (Sp):

– Prioriter Årdalstunnellen og Solbakk-Vatne først. Deretter Jøsenfjord bru, kommenterer dei.

Gaute Hauge (Ap) påpeikar at det neppe er stor usemje i Hjelmeland.

– Men eg synest det både er spanande og spenstig med tunnelar før og etter Fisterkrysset, kommenterer han.

Ståle Halsne

I Suldal er næringslivet opptekne av andre prosjekt.

– Det er positivt med fokus på riksveg 13, men rassikring må prioriterast først. Tryggleik er viktigare enn tidsinnsparing, meiner Olav Lindseth, leiar i Suldal Næringsforening.

Han meiner det er rett å prioritere tre prosjekt som alt er inne i Nasjonal Transportplan, eller har vore tett oppe i diskusjonen: Rassikring på strekninga Erfjord-Sand (Rødsliane), tunnel i Bratlandsdalen (Øvre Lonovatn-Botnen) og Årdalstunnelen.

Olav Lindseth Foto: Jonas Haarr Friestad

– Andre prosjekt er sjølvsagt også ønskeleg. Ein må tenke langsiktig og jobbe for ein heilskapleg løysing for riksveg 13, heilt frå Ryfast på Solbakk til E134 i Røldal. Då er det viktig å få tatt alle flaskehalsane, uttaler Lindseth.

Les også

Kan spare over 1 time fra Stavanger til Hjelmeland

Edmund Harris Utne dreiv Ullensvang Hotell fram til sonen overtok i 2005. Han ser riksveg 13 i samband med Trolltunga, Dronningstien, Vøringsfossen, Preikestolen, Kjerag og flyplassen på Sola, kor han var i militæret.

– Heile Vestlandet snakkar om E39, som skal bli ferjefritt til Trondheim. Eg er samd, det blir ein vanvittig viktig næringsveg. Men riksveg 13 er like viktig for dei indre delene av Vestlandet, som E39 er for kysten. Hausten 2019 opnar Ryfast og då vil ein 4-felts motorveg møte ein riksveg 13, som tildels manglar gul stripe. Det vil sprenge heile riksveg 13, spår Utne.

Les også

  1. Overraskelse: 820 millioner til lang Årdalstunnel i Nasjonal transportplan

  2. Misnøye med «bare» 1,7 milliarder til skredsikring i Ryfylke

Publisert:
  1. Ryfylke
  2. Jøsenfjorden
  3. Ullensvang
  4. E39
  5. Trafikk

Mest lest akkurat nå

  1. – Uttrykket i ansiktet til disse jentene, redselen i øynene, det er noe som brenner seg fast

  2. Randaberg-ordføreren ber regjeringen våkne i jakten på vaksiner: – De kaster bort tid på uvesentlige ting

  3. Rørt Lundby tok historisk gull i suveren stil: – Tidenes norske skihopper

  4. Slik skal møteplassen som startet som en pølsebu, bygges opp igjen etter brannen

  5. 22 bilister fikk bot ved Sola flyplass

  6. Barn har fått påvist smittsom hjernehinne-betennelse