Sivilforsvaret testa sirena

Klokka 12 ulte sirenene, men det var berre ein test.

Publisert: Publisert:

Sirena tyd «Viktig melding - søk informasjon». Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB Scanpix

  • Marie Håland
    Journalist

To gonger i året testar Sivilforsvaret varslingsanlegget sitt, eller tyfonen som den eigentleg heiter. Det skjer alltid i januar og juni, og i dag er dagen her.

Dei fleste hugsar nok lyden godt. Signalet blir sendt i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seg. Alarmen tydde opphavleg «Viktig melding - lytt på radio», men du kan òg oppsøkje informasjon på TV, internett og/eller sosiale medium.

Kan brukast i både fred og krig

I heile landet er det cirka 1250 tyfonar som skal varsle befolkninga ved akutt fare. Varslingsanlegga kan både bli brukt i fred og krig.

– I fredstid kan varslingsanlegga mellom anna brukast ved industriulykker med utslepp av giftige eller farlege stoff. Medan i krig kan anlegga brukast ved fare for flyangrep, seier Tore Ketil Stårvik, som er sjef for Sivilforsvaret.

Sjeldan brukt

Om alarmen plutseleg ikkje verkar, så får dei høve til å reparere det som ikkje fungerer.

Signalet blir, heldigvis, sjeldan brukt sett bort frå testane. Ikkje sidan i 2000 har det vore brukt i ei reell hending. Då var det ein brann i ei tankvogn med propan i Lillestrøm. Likevel var det nok fleire som fekk kaffien i halsen då alarmen gjekk 10. juli i fjor, men det var heldigvis berre ein uheldig tastefeil.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinne fra Stavanger omkom i fallulykke i Sirdal - navnet er frigitt

  2. Tusenvis av skadde og mange døde i Beirut-eksplosjoner

  3. Kjempetabbe i «milliardkampen»: – Han kommer til å ha mareritt i ukevis

  4. Bergingsbil rykket, men ble bedt om å snu – i mellomtiden vokste køene

  5. Nytt korona-tilfelle i Stavanger: – Var på reise i rødt land

  6. Par fra Jørpeland var på Hurtigruten: – Smittevernet ble tatt på største alvor

  1. Beredskap
  2. Sivilforsvaret
  3. Varsling