Nok ein husbrann på Storhaug

Ingen av dei fem bebuarane vart skadde då eit bustadhus på Storhaugvart totalskadd i brann laurdag morgon.

Publisert: Publisert:

Brannen starta i andre etasje, og har ikkje samanhang med dei andre brannane som har vore på Storhaug i det siste. Foto: Jan Inge Haga

Bernt Eirik Rød

STAVANGER: Sveinung Giljebrekke var på veg heim frå eit hus i nærleiken då han klokka ti over halv seks laurdag morgon høyrte brøling og skriking frå eit hus i Hidlegata på Storhaug. Han og tre vener la på sprang for å sjå kva som var i gjære. Då dei kom fram fekk dei sjå at røyk velta ut frå eit vindauge i andre etasje. Dei såg at det var folk inne i huset.

— Vanvittig skremmande, seier Giljebrekke.

Venegjengen tok seg inn i det brennande huset og hjelpte ut dei to eldre damene som budde i første etasje. Familien på tre, som budde i overetasjen, kom seg ut ved eiga hjelp.

Spreidde seg raskt Alle bebuarane var ute av huset då politi, brannvesen og ambulanse kom på staden cirka klokka ti på seks.

Politiet kan enno ikkje seia noko om årsaka til brannen, men det er på det reine at han starta i andre etasje.

— Brannen spreidde seg veldig fort, seier overkonstabel ved Stavanger politikammer, Atle Aarstad.

Brannvesenet fekk raskt kontroll over brannen, og det var aldri fare for at han skulle spreia seg til nabohusa.

Nesten vindstille Anne Line Arland prisar seg lukkeleg over at det var fint vêr og nesten vindstille laurdag morgon. Laurdag morgon var ho vitne til at nabohuset gjekk opp i røyk.

— Eg vakna klokka kvart på seks av bråk i gata. Eg høyrte at noko vart knust og tenkte at det måtte vera nokon som hadde fest.

Aarland kom seg raskt på beina då ho høyrte folk som ropte og lurte på om alle hadde kome seg ut. Lyden av knust glas ho hadde høyrt var ei vindaugsrute som eksploderte.

— Det tok nok ikkje meir enn ti minutt, men det kjentest mykje lenger før brannvesenet kom, fortel Aarland.

Ingen samanheng Tankane gjekk med ein gong til dei andre brannane som har vore på Storhaug i det siste. Både natt til onsdag og natt til fredag brann det som kjent i eitt og same hus i Kongsteinsgata. Politiet fryktar at desse brannane kan vera påtende, og at det kan gå ein brannstiftar laus i området.

— Sidan brannen i huset i Hidlegata starta inne i andre etasje er det ikkje noko som tyder på ein samanheng mellom brannane i Kongsteinsgata, opplyser operasjonsleiar ved Stavanger Politikammer.

Bebuarane i nabohuset på andre sida vart evakuerte av politiet. Huset har plastkledning, og veggen som vender mot brannen fekk omfattande skadar.

Publisert: