Ap: - Vi ser ikkje Nye Sandnes som ei tvangssamanslåing

NYE SANDNES: Arbeiderpartiet held seg til dei positive, men gamle vedtaka som er gjort i Nye Sandnes. I dag meiner fleirtalet i Forsand at ein bør utsette samanslåinga.

Publisert: Publisert:

Foto: HEIKO JUNGE / NTB scanpix

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Mandag uttala Olaug Bollestad (KrF) at hennar parti er villige til å sjå på Nye Sandnes i Stortinget på nytt.

Stortingspolitikarar frå Ap og Sp har tidlegare varsla reverseringar av kommunereforma dersom det kjem lokale ønske om det. Men sjølv om det no er lokalt fleirtal i Forsand for å utsette Nye Sandnes, vel Ap å halde seg til lokalpolitikarane sine «gamle» standpunkt.

Les også

Ap varsler reversering av sammenslåinger

Les også

Ap-Hansen stopper ikke Sandnes og Forsand

Les også

Stortinget: Ja til Nye Sandnes

Ap: - Held oss til dei positive vedtaka

Hadia Tajik seier til Aftenbladet at dei ikkje vil ta initiativ til ei ny behandling av spørsmålet i Stortinget. Ho skriv følgjande i ein sms:

«Arbeiderpartiet forholder seg til de positive vedtakene som har blitt fattet av Forsand og Sandnes, og anser derfor ikke Nye Sandnes som en tvangssammenslåing. Vi vil derfor heller ikke ta initiativ til en ny behandling av spørsmålet i Stortinget».

Det inneber at dei vel å halde seg til det som var ein del av høyringa då Stortinge behandla saka og altså ikkje vedtaket som blei gjort seinare. Det siste vedtaket som er gjort i Forsand er frå 14. juni, ei veke etter at saka var oppe i Stortinget. Der ber fleirtalet i kommunestyret om ei utsetting av Nye Sandnes. Fleirtalet ville ha dette vedtatt før Stortinget skulle behandle saka. Men då lokalpolitikarane skulle stemme over det, hevda mindretalet at saka ikkje stod på sakskartet, og dermed blei ikkje vedtaket fatta før Stortinget behandla saka.

Les også

Nye Sandnes kan hamne på Stortinget igjen

Gir ikkje opp

Nye Sandnes blei vedtatt i Stortinget med 141 stemmer for og 28 mot. Fleirtalet bestod av Høgre, Frp, Venstre og Ap, medan Sp, KrF, SV og MDG stemte imot.

Forsand-politikar Ole Tom Guse (KrF) er den som tydeleg har varsla at han vil jobbe for å få saka opp i Stortinget på nytt. Skal dette få eit anna utfall, er det avgjerande at Ap snur.

– Eg reknar med at Ap er ryddige og ser ein eventuell søknad om reversering med opne auge utan å låse seg fast i gamle positive vedtak. Dersom Fylkesmann i sin lovlegheitskontroll konkluderer med at det blei nytta feil tolkning av lova så bør også Ap innsjå at det var ei tvangssamanslåing, seier han.

Les også

Flertall i Forsand for å utsette Nye Sandnes

Les også

Ikke flertall for å utsette Nye Sandnes

KrF: - Spesielt tilfelle

Olaug Bollestad (KrF) uttala mandag at det avgjerande korleis Fylkesmannen stiller seg til saksbehandlinga som var rundt det ekstraordinære kommunestyret.

– Vi seier at dersom det kjem heilt spesielle årsaker, så vil vi sjå på det igjen. Dersom kommunestyret i Forsand meiner dei ikkje kom til orde med sin frustrasjon og sin motstand, så er vi villige til å sjå på det.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Se Pøbel sitt penis-stunt i Stavanger

  2. Da Charlotte Selstø fikk korona var det særlig to symptomer som dominerte

  3. Fritidsbolig totalskadd etter brann i Sandnes

  4. Jobbet uten sikring i høyden. Fikk 117.000 kroner i «straks-bot»

  5. Elev på Stavanger-skole smittet med korona - hele trinnet i karantene

  6. Kan tre familier være samlet? Og telles et par som en person? Kommuneoverlegen svarer

  1. Ole Tom Guse
  2. Eirin Sund
  3. Hadia Tajik
  4. Olaug Bollestad