Sommarhus med historisk sus
Cleng Peerson har fått eit ufortent dårleg ettermæle, meiner Olav Egil Larsen. Over 30 år har han brukt på å restaurera og halde ved like det som i fleire år var den kjende utvandrarpioneren sin heim.

Cleng Peerson, eller Kleng Pedersen Hesthammer som var hans eigentlege namn, budde i det kvitmåla huset på Kindingstad frå 2. april 1807, då han gifta seg med huseigar Anne Cathrine Sælinger, og fram til han emigrerte til Amerika i 1824. – Alfred Hauge og fleire med han framstiller Cleng Peerson som ein ansvarslaus og rastlaus eventyrar, som stakk frå kona si for å freista lukka «over there». Eg deler ikkje den oppfatninga. Cleng Peerson reiste for å bana veg for andre norske emigrantar. Eg trur han gjerne ville ha kona si med, men ho ville ikkje, seier Olav Egil Larsen.
Fleire av møblane til Cleng og kona står framleis i huset. På kammerset står ektesenga, og i bestestua står utvandraren sitt skrivebord, ein gyngestol, svingstol og ei vakkert dekorert kiste.
– Eg tenker ofte på kva tankar han gjorde seg då han budde her. Kva draumar han hadde, og kva planar han la i løpet av dei åra, seier Olav Egil Larsen.
– Å ta vare på dette huset har blitt ein lidenskap for meg. Store delar fritida mi går med på å halda tunet og husa ved like. Kona mi meiner eg er spinngalen som held på med dette, seier kunstnar og akupunktør Olav Egil Larsen.
I dag bur han i Haugesund og nyttar huset til feriebustad.
– Eg kjem hit så ofte eg kan, seier han.
Våningshuset, eldhuset, låven og det tilhøyrande sjøhuset i Kindingstadvågen vart bygd av sogneprest Morten Leigh frå Elverum på midten av 1700-talet, sannsynlegvis i 1725. I 1890 flytta Anne Cathrine Sælinger inn i huset.
– Ho var ei allsidig kvinne, skrivekunnig og språkmektig. Dessutan var ho dyktig skreddar, sydame og kokke, fortel Larsen.
Då Cleng Peerson drog til Amerika, vart huset seld til Ola Knutson. Anne Cathrine flytta til Vignes på Finnøy. Eigedomen har vore i Olav Egil Larsen sin familie sidan 1870. Bestefar hans dreiv krambu i huset.
– Krambua står slik ho gjorde på bestefar si tid, seier Olav Egil Larsen og byr på kandissukker. Olaus Larsen dreiv handel og dampskipsekspedisjon her fram til 1941. I sjøhuset hadde han kriselager med salt i både første og andre verdskrig.
Døra inn til eldhuset var blå ein gong i tida. No jamrar ho seg høglydt når huseigaren stig inn.
– Her blei maten laga, fortel Olav Egil Larsen. Det er lågt under taket og fyr i gruva. Ingen elektrisitet. Berre to blafrande stearinlys og dagslyset som strøymer inn gjennom vindauga. Frå taket heng antikke kjøkkenreiskap. Og på benken står ei tønne som ein gong inneheldt genever.
– Bestefar min var ihuga avhaldsmann og frimurar, men tok seg ein støyt med genever kvar kveld. Han meinte det var godt for helsa, humrar Larsen.
Han har hatt fleire kunstutstillingar i Cleng Peerson-tunet. Då nyttar han låven og uterommet til utstillingslokale. Huset er også ope for omvising. Interessa er aukande. Mange ønskjer å sjå heimen til den segnomsuste utvandraren.
– Det ligg også eit Cleng Peerson hus på Sandbekken i Tysvær. Men Cleng Peerson budde aldri i dette huset. Det vart bygd etter at han flytta frå Tysvær. Det er dette som er det verkelege Cleng Peerson-huset. Det var her, i dette huset, den første organiserte utvandringa hadde sin spede begynning, seier Olav Egil Larsen bestemt.
Mest lest akkurat nå
For folk vil koke over fra livet og ned, og fryse seg i hjel fra livet og opp! Genialt konsept!
Jerv-spilleren klikket fullstendig: – Jeg mistet hodet
Kreftsyk måtte vente på hjelp i to timer da alarmsystemet ikke fungerte
Her er 17. mai-programmene for 16 lokale kommuner
Ein russegut som sel seg for å rulla, er ingenting for ei russejente. Ein mannleg bussjef, derimot, det er noko anna
15.500 tilskuere fikk festkvelden de drømte om: – Noe fra gode, gamle dager