Sildajazz med stjerner og ungdom

<p> Årets Sildajazz skal opnast av eit verdsnamn innan jazzen, den eksperimentelle pianisten og veteranen Herbie Hancock. </p>

Publisert: Publisert:

Men dei som ikkje får plass på opningskonserten onsdag 6.august, har eit par hundre andre musikkarrangement å gle seg til.

Mange jazzfestivalar, både i Norge og elles i verda vil nok misunna Haugesund artisten Herbie Hancock. Han skal halda konsert saman med sju andre musikarar i Maritim Hall på opningsdagen. Hancock, som nyleg fekk to Grammy-prisar for plata. The Joni Letters, avsluttar sin Europa-turne i Haugesund under Sildajazzen.

Fleire stjerner

Sildajazgeneral Bjarne Dankel kunne i dag også henta ned eit anna stjernenamn frå jazzhimmelen, Lee Ritenour. Dette er ein verdskjend jazzgitarist, komponist og produsent. Rietnour har gitt ut 30 album og spelt saman med artistar som Paul Simon, Herbie Hancock og Ray Charles.

Ungdomskortet

Arrangøren held dessutan fram den svenske trioen, Esbjørn Svensson (E.S.T) , popbandet som spelar jazz, og som skal vera eit av verdas mest innovative jazzband i dag.

Sildajazzen er også svært opoptekne av at ungdommen skal bli rekrutterte til jazzkonsertar. – I år arbeider me for å få til at ungdommens kulturkort skal kunne nyttast under festivalen, seier Bjarne Dankel.

Ungt publikum

Eit ungt publikum vil Dankel lokka med mellom anna gruppa Beady Belle. Gruppa gjorde stor suksess under årets Bylarm-festival og blir fronta av vokalisten Beate Slettevoll Lech.

Sildajazzen samla i fjor mange unge til konsertane til Mark de Clive-Lowe. Musikaren, frå London, som mellom anna gjer det skarpt med electronica jazz, kjem til Haugesund sman med songarinna Sherlene Hector.

Slagverk og Kamerun

Arrangøren av årets Sildajazz er også synleg stolte av å kunne presentera artistar som slagverkslegenden Alex Acuna, som skal ha konsert med Jan Gunnar Hoff og Per Mathisen.

Songaren og saksofonisten Curtis Stigers gjer come back under årets Sildajazz. Frå Kamerun kjem Etienne Mbappe, bassist, som blir samanlikna med sin landsmann Richard Bona, som gjorde stor sukses under Sildajazzen for to år sidan.

Aserbadjan og Japan

Bill Evans, som starta sin karriere i Miles Davis band, kjem til Haugesund med sitt eige band kalla, Bill Evans Soulgrass.

Saksofonisten Rain Sultanov, kjem frå Baku i Aserbadjan, Hiromi Ueharar kjem frå Japan, medan vokalist og pianist Liane Carrol, frå Storbritannia, som gjesta Siladjazzen i fjor, kjem att i år.

Frå Portugal kjem Maria Joa til Haugesund for første gong. Saksofonisten Shannon Mowday kjem frå Sør Afrika til Sildajazz for andre gong og skal i år spela saman med norske kvinnelege blåsarar og Sven Olav Herstad Trio.

Norsk og New Orleans

Fleire norske og nordiske artistar kjem til årets Sildajazz. Caroline Henderson har danske og svenske røter medan dei norske saksofonistane Bodil Niska, Frøy Aagre og Frøydis Grorud kjem alle i spissen for kvar sine band.

Glad-jazzen eller New Orleans jazzen, som er sjølve musikalske grunnfjellet til Sildajazzen, skal framleis ha sin breie plassa i form av kyrkje konsertar, krokonsertar, komlejazz og fleire større arrangement i det gamle sildasalteriet Stålehuset på Bakarøynå. Dessutan skal ymse gladjazzorkester kunne høyrast på nær 20 ulike utestader i byen under Sildajazzen.

Større konsertsal

– Me har større bredde i tilbodet enn dei fleste jazzfestivalar, seier Bjarne Dankel, som brukar meir pengar på å henta gode artistar dette året enn nokon gong tidlegare. – Det einsate me skulle ønskja oss er ein enda større konsertsal, helst med plass til inntil 1200 musikkintersserte, seier Bjarne Dankel.

Publisert: