Her er dei spektakulære bileta frå NM i undervassfoto

STAVANGER: Ingrid T. Ølberg frå Stavanger kom på tredjeplass under NM i undervassfoto. Seieren gjekk til Bjørnar Nygård som er tilknytt dykkarklubb i Bergen.

NM i undervassfoto har kategorien tema der arrangørane får bestemme kva deltakarane skal gjere. I år var det selfie. Foto: Bjørnar Nygård

  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:

18 fotografar og sju assistentar frå heile landet deltok i Norgesmeisterskapet i undervassfoto i Stavanger denne helga.

Under konkurransen utførte dei fire fotodykk og leverte etterpå eitt bilete i kvar av desse kategoriane: vidvinkel med dykkar, vidvinkel utan dykkar, nærbilete, fisk og tema.

Samanlagt var det Bjørnar Nygård som gjorde det best under NM i undervassfoto. Det hjalp på å ta beste bilete i kategorien vidvinkel med dykkar. Foto: Bjørnar Nygård

Kreativ vri

– Juryen har lagt vekt på det tekniske som skarpheit og komposisjon, men også kreativitet og særeigenheit.

Kategorien tema varierer frå år til år, og årets tema var selfie.

Dette var nok den mest krevande kategorien for mange då ein måtte tenke litt annleis, seier Vidar Skålevik, leiar i Stavanger Dykkerklubb.

Det var Stavanger Dykkerklubb, Gjesdal Dykkeklubb og Havhesten Undervannsklubb som arrangerte mesterskapet på vegne av Norges Dykkerforbund.

  1. Ingrid T. Ølberg frå Stavanger tok beste selfie. Fleire i juryen meinte dette var konkurransens aller beste bilete. Ølberg kom på tredjeplass. Foto: Ingrid T. Ølberg

  2. Foto: Geir Eliassen

Foto: Anders Schouw

Frodig tareskog

– Det har blitt ganske populært å ta bilete medan ein dykker. Talet deltakarar var høgt i år. I fjor trur eg det var 13 eller 14, seier Skålevik.

Kvart av dei fire dykka var på 90 minutt og dei blei utført over to dagar ved Rott ved Tananger, Bru og Hellesøy.

– Tanken bak lokasjonane var å gi det eit stort spenn. Ved Rott er det ein frisk tareskog, medan andre lokalitetar er meir skjerma i djupe fjordar. Desse stadane har gode forhold for fotografering.

Vinnaren var den som hadde best samanlagt poengsum. Bjørnar Nygård er dykkar ved 1dykkerklubb i Bergen. Han hadde med seg Siv Pedersen som assistent. I tillegg til at Nygård totalt kom best ut, tok han det beste biletet under kategorien vidvinkel med dykkar.

Foto: Ingrid T. Ølberg

Topp fem plassering:

1. Bjørnar Nygård, Bergen.

2. Erlend Kosaka, Oslo.

3. Ingrid T. Ølberg, Stavanger.

4. Geir Eliassen, Arendal.

5. Anders Schouw, Bergen.

Foto: Bjørnar Nygård

Les også

  1. Delfin fra Gandsfjorden blir frimerke i Belgia

  2. Se Norges beste undervannsbilder

  3. Sebastian (19) er den første i Norge som har fanget denne med stang

Publisert:
  1. NM
  2. Stavanger
  3. Dykking
  4. Sport

Mest lest

  1. 32 nye personer smittet på Nord-Jæren

  2. Tidligere politiker dømt til fengsel i fem måneder

  3. 101 smittetilfeller knyttes til russefeiringen

  4. Berit Elise Pedersen var på ferie i Italia og lurte på hva hun skulle bruke livet til. Så reiste hun hjem, sa opp jobben og startet egen bedrift