Ein bulldosar går av

Leif Gunnar Wikene (67) har fått talar, avskjedar og ståande applaus. Han seier framleis «me» om Bergeland videregående skole, og kjem kanskje aldri til å slutta å engasjera seg for pedagogikken.

Leif Gunnar Wikene (67) går inn i pensjonistrekkene etter 22 år som rektor på Bergeland videregående skole. Du finn han nok ikkje blant dei andre pensjonerte i byen, men bak skrivebordet der han framleis engasjerer seg for pedagogikken i norsk skule.
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over fem år gammel

Leif Gunnar Wikene (67) kallar seg sjølv ei profesjonell urokråke som har vore med å snudd opp på Bergeland videregående skole gjennom dei totalt 33 åra han har jobba der. Men fyrst eit lite tilbakeblikk på fortida til den avtroppande rektoren.

Leif Gunnar har utdanning frå lærarskulen på Hamar der han hadde hovudfaga fysikk, kjemi og matematikk. I kombinasjon med idrettshøgskulen var han difor i 1973 kvalifisert til å jobba på Øygard ungdomsskole i Sandnes. Her blei han verande i 11 år før han valte å flytta til Stavanger og jobba på Bergeland.

Doktor dyregod

På Øygard blei han ofte kalla doktor dyregod.

– Eg hadde ein avtale med slakthuset i Sandnes om å få henta indre organ, lunger, hjerte og liknande til naturfagstimane. Eg gjekk i kvit frakk og elevane fekk skalpell til å skjera opp lungene og blåsa dei opp, seier Leif Gunnar.

Han har alltid vore opptatt av å læra bort teori ved å visa den i praksis, og har blitt parodiert på Bergeland for sin ivrige bruk av bilde og materiale i sine power points. Det ler han berre av, men poengterer at det faktisk er den praktiske og bildemessige lærdommen elevane hugsar best.

Noko av det fyrste han sat fingeren på då han starta på Bergeland i 1984, var at skulen måtte ha større mangfald blant elevane.

– Du har elevar i to grupper. Det er sommarfuglane som er fargerike og flyr frå blome til blome og ikkje heilt veit kvar dei vil, og så har du jetfly-elevane som har ein klar plan, seier Leif Gunnar, og fortel at kombinasjonen er best.

Les også: Folkintervjuet med Even Georg Myklebust

Demonstrasjonsskulen

Då skulen skulle renoverast i byrjinga av 2002 bad Leif Gunnar leiinga om å tenkja seg om. Som rektor sidan 1995, ønska han ein skule der avstanden mellom lærarar og elevar blei mindre.

67-åringen arbeidde for ein ny struktur der elevane og lærarane jobba i team, i staden for at lærarane flaug frå klasse til klasse. Leif Gunnar fjerna personalrommet til lærarane og bygde teamrom med store vindauge for å skapa ein meir open skule.

Endringa vekka stor skepsis, skulle lærarane eta med elevane og aldri få fri?

Sjølv kallar Leif Gunnar seg for ein «bulldosar» i den tida, og det var ikkje så lett då fagorganisasjonen gjekk imot han.

Endringane blei mottatt etter ei stund, og gav skulen utmerkinga «Demonstrasjonsskule» i 2007 til 2009, med ein sjekk på ein halv million til å jobba vidare med endringane.

Leif Gunnar ønskjer å bli hugsa for at han fjerna anmerkingar og karakterar i orden og oppførsel, jobba for fleirkulturelt læringsmiljø, tillate alle hjelpemiddel på prøvar og reduserte bruk av karakterar. Alt for å få eleven frå barn til vaksen.

Les også: Folkintervjuet med Cathrine Bendz Aarrestad

Ein rektor blant elevane

Ein av dei viktigaste jobbane gjennom 22 år som rektor, har vore å få desentralisert leiinga ut i teama på skulen.

– Eg gjorde alle om til små «rektorar» og delegerte oppgåver til dei. Eg snakka mykje med elevane og alle visste kven eg var, seier han.

Berre blant elevane kunne han vita kva som var best for elevane. Å utvikla skulesystemet generelt, er noko han brenn for. Dette vil han nok ikkje leggja bort, til tross for at han har gjeve roret over til nestemann.

Som pensjonist vil halda fram med å skriva om pedagogikk og halda foredrag i spesielt utvalte samanhengar. Men han vil også prøva å få meir tid til familien, orienteringa og ferieparadiset i Mandal.

LES OGSÅ:

Rektoren kommenterer: PC og internett – et dilemma i norsk skoleutvikling

Elevane svarar: Rektor til stryk

Publisert: