Bjørn Moe tildelt Pilt Ola-prisen

Turistverten Bjørn Moe har sendt utallige turistar på laksesafari med overlevingsdrakt i Suldalslågen og drive med reiseliv i ei årrekke. Det blir sett pris på.

Publisert: Publisert:

I fjor hadde Bjørn Moe besøk av kinesisk reality-TV. Det var 40 personar bare i TV-teamet.

  • Tor Inge Jøssang
    Journalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Årets Pilt-Ola pris er delt ut for andre gong under Arena Ryfylke i Sauda. I fjor fekk skyssbåt-kapteinen og humørspreiaren Jon Arne Helgøy prisen, som blir gitt til ein «person som har bidratt til endring, skaparglede og solid merksemd om Ryfylke gjennom mange år». Årets prisvinnar er Bjørn Moe frå Suldal.

Like ved den kjende lakseelva Suldalslågen ligg Mo Laksegard med hytter og leilegheiter, bygd opp rundt eit gammalt gardsbruk. Her starta Bjørn Moe å satse på reiseliv i 1992. Han trakk seg tilbake som dagleg leiar for verksemnda i fjor.

«Bjørn Moe er nærmast for ein bauta å rekne, med lidenskap for spesielt laksen og Suldalslågen som
få andre har. Me snakkar ikkje berre om laksen og lågen som ein økonomisk ressurs og noko som er
ein viktig innsatsfaktor for «butikken», men om eit ekte engasjement og «passion» for den sårbare
naturen. Han er raus, kunnskapsrik, inkluderande og eit veldig godt eksempel på ekte vertskap, sa juryleiar Eirik Moe, då han delte ut prisen.

Turistvert Bjørn Moe tømer overlevelsesdrakta til Line Albertsen for vann etter laksesafari i 2003. Foto: Pål Christensen

Pilt Ola

Juryleiaren er sonen til Jon Moe, som skreiv boka om Pilt-Ola. Det er kallenamnet til Ole Olsen Sangesand (1779-1858) ein husmannsson frå Lysefjorden, som blei ei legende medan han levde på 1800-talet. Pilt-Ola gjekk mellom anna til fots til Finnmark for å kjøpe tamrein, dyr som trolig er opphavet til dagens villreinstamme i Setesdal-Ryfylke. Heile livet arbeidde Pilt-Ola med eitt mål for auga: Å skaffa folk betre levekår og nok mat. Ideane hans var både nyskapande og dristige, og saman med ein utradisjonell livsstil, skapte Ole Olsen Sangesand seg eit namn som blei kjent over heile landet.

TV-vennleg turisme

Pilt Ola-prisen blir delt ut av Ryfylkealliansen, ei samanslutning av offentlege og private
verksemder som har fokus på verdiskaping, bulyst og identitet i Ryfylke. Då årets prisvinnar starta med laksesafari på 1990-talet, var laksefisket ikkje særleg godt og Bjørn Moe leita etter andre måtar å bruka ressursane på.

«Han har gjennom åra skaffa seg eit enormt nettverk, ikkje minst internasjonalt. Alle tv- og filmteam som har vore på besøk dei siste åra vitnar om dette og set Suldal, Ryfylke og Norge på kartet verda over. Bjørn tar sjeldan stor plass der han ferdast, men du veit han er der. Ei stille og trygg ro. Men tydeleg og sterk når han må», sa Eirik Moe under tildelinga i Sauda.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Signalbygget på Forus skal rives. Her er de nye planene

  2. Regler for utbetalinger til politikere og partier er kjent ulovlig. Det kan få landsdekkende konsekvenser

  3. Ett nytt smittetilfelle i Stavanger

  4. Rødt legger lokk på saken. Slik forklarer Stavanger-politikeren hvorfor hun bryter ut

  5. Janoves datter synger duett med bestefar

  6. Fikk du med deg smellet i Gandsfjorden?

  1. Ryfylke