Ber om større fengsel etter klage på arbeidsforhold

STAVANGER: Kommunen slo alarm om arbeidsforholda ved fengselshelsetenesta. No ber fengselet om å få utvide.

Fengselsleiar Tanja Rosså Ødegård har bedt om å få utvide fengselet etter at kommunen klaga på forholda ved fengselshelsetenesta. Foto: Jon Ingemundsen

  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Dette er jo dei innsatte si fastlegeteneste og mange av desse har behov for ein del helsehjelp. Kommunen har ansvar for å gi helseteneste, men det er vanskeleg når arbeidsforholda er slik, seier Hilde Frafjord, legevaktsjef i Stavanger kommune.

Som Aftenbladet tidlegare har skrive, fryktar kommunen for arbeidsforholda ved fengselshelsetenesta i Stavanger fengsel. Dårlege lokale gjer dei dessutan uroa for at sensitiv informasjon om dei innsatte skal kome på ville vegar.

Les også

Frykter stadige brot på teieplikt ved Stavanger fengsel

Vil utvide

No ber difor Stavanger fengsel om å få utvide fengselet. Kriminalomsorga har ansvar for at helse- og omsorgstenesta får passande lokale.

– Kommunen meiner lokala er for små, men eg har ikkje andre lokale å tilby. Vi tar det på alvor. Eg tek difor kontakt med regionsdirektøren og ber om at fengselet blir utvida. I neste omgang må saka vidare til Statsbygg som eig fengselet, seier fengselsleiar Tanja Rosså Ødegård.

– Kor stor utviding ber du om?

– Vi vil be kommunen kome med tilbakemelding på konkret kor mykje større lokale dei treng. I første omgang er det ei generell melding om at vi treng større fengsel, seier ho.

Ved fengselshelsetenesta arbeider det fire sjukepleiarar, lege, fysioterapeut, psykolog og psykiater.

– Det trengs fleire nye rom. Romma vi brukar i dag er for trange og tilfredsstiller ikkje krava. Slik situasjonen er no, må vi oppsøke dei innsatte der dei er. Vi må kunne ta pasientar inn til samtale, men det kan vi ikkje i dag, seier legevaktsjef Hilde Frafjord.

Må snakke lavt

Forholda vart avdekka i ei vernerunde som vart utført i mars i år. I eit brev frå Frafjord heiter det at kommunen frykter arbeidssituasjonen kan føre til både fysiske og psykiske helseproblem blant dei tilsette: «For ansatte er det en stor belastning når det er trangt, mye støy og til tider mange personer som befinner seg innen et lite areal».

– Det er lytt mellom kontora slik at dei tilsette må ta omsyn med tanke på stemmeleie, men det veit eg at dei er bevisste på, sa Rosså Ødegård sist Aftenbladet skreiv om saka.

– Romma er så små at vi fryktar at folk som går forbi, både innsatte og tilsette, kan sjå pc- skjerm og dokument med sensitiv informasjon om pasientane. Det har ikkje vore store hendingar med dette, men faren er at uvedkomande får sjå helseopplysningar om andre, sa Frafjord.

Ho meiner situasjonen fører til at dei jobbar langt mindre effektivt enn dei kunne gjort. Kommunen har søkt om 250.000 kroner i støtte frå Helsedirektoratet. Av søknaden kjem det fram at dei har auka bemanninga med ei fast stilling og har hatt utskifting i ei stilling. Kommunen tek også saka opp i Arbeidsmiljøutvalet (AMU).

Fengselet blei bygd i 1964, men har etter renovering i 2001 fått utvida hovedbygninga med ei ny etasje. I dag har det ein kapasitet på 71 plassar, både menn og kvinner.

Les også

Fengselsavdeling i Stavanger blir ikke lagt ned likevel

Les også

Vil bygge nytt kvinnefengsel

Publisert:
  1. Stavanger kommune
  2. Statsbygg
  3. Kriminalomsorgen

Mest lest akkurat nå

  1. Sandnes, Sola og Randaberg trosser faglige koronaråd: - Blir helt feil, mener Stavanger

  2. Jørpeland: Lastebil veltet i et sandtak

  3. Stavanger letter på tiltakene fredag, men sier nei til skjenking

  4. Kondis­professor knuser fem myter om vekt og for­brenning: – Det er helt feil

  5. Klepp og Hå opphever skjenkestopp

  6. Tom Tvedt har fått ny jobb – kaster seg inn i saken som splitter Jæren