Gjorde millionsuksess ut av å visa tida

Det starta som ei interesse for matte og klokka. 20 år seinare har sivilingeniøren 15 tilsette og ei omsetjing på over 15 millionar i året.

Steffen Thorsen er mannen bak sida timeanddate.com som i fjor hadde ei omsetjing på 15,3 millionar.
  • Hilde Anette Ebbesvik
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Lurer du på når pinsen er i år, eller kva klokka er i Australia akkurat no? Det lurte Steffen Thorsen frå Sandnes på også, då han i 1995 studerte IT i Trondheim.

— Før blogginga kom for alvor, var det mange som lagde si eiga heimeside. Eg var glad i matte og klokka, og rekna difor ut datoar, og laga program som viste klokka, seier Thorsen.

Slik snekra han etter kvart saman ei nettside som fekk rundt 1.000 besøkjande til dagen. I byrjinga tente han ingenting, så tok han i bruk reklame på sida. Det tener han godt på i dag.

Gir deg tida

I 1998 fekk sida hans domenet timeanddate.com, og våren etter fullførte han utdanninga som sivilingeniør i IT. Thorsen fekk etter kvart ein fast jobb innan IT. Nettsida var hobbyprosjektet, men etter kvart var det meir pengar i det enn den faste jobben.

— Det balla på seg etter kvart. Eg satsa på dette på fulltid, og byrja å tilsetja folk, seier Thorsen.

I 2005 registrerte han sida som eit aksjeselskap.Sida viser i dag kva klokka er i heile verda, når den skal snuast til sommartid, når sola går opp og andre ting relatert til tid og dato. Søkjer du etter ordet «tid» eller «klokke» på nettet, er det nettsida med kontor på Forus som kjem opp med svaret til deg.

— Nettsida har ein til to millionar brukarar i døgnet. 50 prosent av desse kjem frå Nord-Amerika, 20 prosent frå andre engelsktalande land, 10-15 prosent frå Asia og 10 prosent frå Europa, fortel Thorsen.

For å illustrera kor stort det er, nemner han at det britiske mediehuset BBC har brukt grafar frå nettsida. Det genererte til 100.000 klikk inn til Time and Date. Den norske versjonen av nettsida har rundt 300.000 unike brukarar i månaden.

Frå 10 til 15 millionar

At Thorsen er svært interessert i klokka, er å seia det mildt. Spør du han kva klokka er i eit tilfeldig land, tar han det med ein gang. Eller om du spør han kor mange land som har ei tidssone på ein halv time. Han svarar rundt ti, og ramsar opp landa.

Denne interessa har gjort at firmaet har fått blitt ein suksess. I 2013 omsette Time and Date for 10,3 millionar, året etter blei dette auka til 15,3 millionar kroner. Det var ei endring i annonseinntekter som gjorde at resultata blei så gode.

— Det er reklame me tener pengar på, men me sel også data til store kjende selskap, seier leiaren av nettsida.

Firmaet har også byrja å utvikla mobil-apper der du kan betala for ei oppgradering for å unngå reklame. Dei 16 tilsette, inkludert Thorsen jobbar heile vegen for å utvikla nye ting for å få fleire kroner i kassa.

— Me har journalistar, designarar og folk som jobbar med utvikling og programmering. Me overlappar kvarandre litt, seier Thorsen.

Dei tilsette kjem frå fire verdsdelar, så på kontoret på Forus går det i engelsk.

Utfordringa med u-land

Rolla til Thorsen er både å leia og programmera. Helst vil han gjera litt av alt, og brukar gjerne kveldane og helgene på å ordna opp i tekniske ting. Å alltid halda kontroll på kva tida er i heile verda kan skapa utfordringar.

— Det å finne ut av når sommartida i nokre land er kan vera vanskeleg. Det er ikkje alltid berre å ringja eit kontor for å finna ut av dette. Samstundes er det gjerne det som gjer oss unike når me klarar dette likevel, seier han.

Det å vera forut for tida er viktig. Thorsen trur at det at sida har vore i drift i 20 år er ein fordel. Så spørst det kva framtida bringer. At dei er uavhengige av oljebransjen er han i alle fall heilt trygg på.

— Derimot har det gått betre når dollarprisen har vore høg, seier han og smiler.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Ingenting rocket på Sandnes’ nye festplass

  2. Hele livet lurte Tor på hva som skjedde da faren styrtet i døden med jager­fly. Så opprettet kona en hemmelig kon­takt

  3. Veton Berisha etter hat tricket: – Serie­gull med Viking ville vært det største

  4. Gikk fra Sandnes til Kristiansand av én spesiell grunn: – Det har vært litt av en tur

  5. Mia Gundersen og Espen Hana er aller best når de får skuldrene ned, puppene opp og herjer med seg selv

  6. Politiet ønsker tips om hen­delser før døds­ulykken i Sandnes