For første gong sidan mai 2011 set Norges Bank opp styringsrenta. Dei har varsla renteuake frå tidleg neste år.
Dette gjer at mange bankar no melder at dei vil sette opp renta. DNB var først ute med å auke renta på bustadlån etter at Norges Bank heva styringsrenta med 0,25 prosentpoeng. Like etter følgde SpareBank 1 Østlandet etter.
No melder Sandnes Sparebank i ei pressemelding at dei kjem til å sette opp renta på bustadlån og innskot med inntil 0,25 prosentpoeng. Dette vil gjelde frå 1. november, men for nye bustadlån gjeld det allereie frå 1. oktober.
Frå november
For Bustadlån Ung vil renta vere den same som i dag. Den nominelle renta, det vil seie grunnrenta på lånet, er i dag på 2,22 prosent.
– Vi har valt å ikkje endre låneføresetnadane for kundar med Bustadlån Ung. Dette fordi vi har fått fleire nye Bustadlån Ung-kundar i det siste, og dei unge representerer ein del av marknaden som vi ønsker å vekse i, seier Erik Kvia Hansen, direktør for Personmarked, i pressemeldinga.