Kryptovault vil etablere datasenter i Sauda

Stavanger-selskapet Kryptovault har planar om å etablere datasenter i ein nedlagt kraftstasjon i Sauda.

Foto: PeltonMan - Eget verk, CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=33635171

  • Tor Inge Jøssang
    Tor Inge Jøssang
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Onsdag blei det inngått intensjonsavtale mellom Sauda kommune og Kryptovault AS vedrørande leige av den nedlagte kraftstasjonen «Sauda I» i Hellandsbygda i Sauda kommune. Kryptovault leiger ut plass og driftar datamaskinar som produserer bitcoin.

Tidlegare stortingsrepresentant for Frp, Gjermund Hagesæter, er talsperson for selskapet.

– Me er utålmodige etter å kome i gong. Behovet for datakraft og datasenter vil auke voldsomt og det posisjonerer me oss for. I første omgang er planen å etablere datasenter på 10 MW i Sauda I. Her blir det 5-6 tilsette. Det gjenstår eit par skritt før me har ein endeleg avtale med straum og leige. På sikt er det aktuelt å etablere eit 70 MW datasenter på Birkeland. Til saman er det snakk om 10-15 tilsette, kan hende meir på endå lengre sikt. Me har som policy å rekruttere lokalt og kjøpe handverkartenester lokalt. Dette er draumejobbar for mange som er interesserte i data, seier talsperson for Kryptovault, Gjermund Hagesæter.

Han sier at kundane er svære, asiatiske teknologiselskap som spekulerer innan bitcoin. Kryptovault får betalt i kroner, har låg risikoprofil og stabile inntekter, medan kundene bestemmer korleis datakrafta skal utnyttast og tar risikoen, ifølgje Hagesæter.

– Me stiller lokale til rådighet og drifter datasenteret, medan kundane eig maskinane og bestemmer kva datakrafta skal brukast til, seier Hagesæter.

- Kommunen er i dialog med AS Saudefaldene, som disponerer Sauda I i dag, om å overta kraftstasjonen, som blei tatt ut av drift i 2008. Kommunen har som føremål å leggje til rette for næringsverksemd og nye arbeidsplassar i kommunen, opplyser ordførar Asbjørn Birkeland.

Partane har i seinare tid diskutert ein mogleg leigeavtale, der kommunen leiger ut kraftstasjonen til Kryptovault. Leigetakar skal bruke kraftstasjonen til å drive datasenter. Kryptovault har til hensikt å bruke lokale leverandører i betydelig grad i utvikling av si verksemd i Sauda, føresett tilgang på nødvendig kompetanse og kapasitet.

Sauda kommune har i fleire år hatt som satsingsområde å jobba for etablering av ny kraftforedlande industri, inkludert datasenter. Dette er også etablert strategi i kommunens strategiske næringsplan. Bakgrunnen for dette er at Sauda har ein attraktiv kombinasjon av tilgang på areal, straum, kjøling, system for spillvarme/fjernvarme, og ikkje minst eit næringsliv med aktuelle leverandørar og funksjonar.

Satsing i Ryfylke

Sauda kommune deltar også i Ryfylke IKS sitt samarbeidsprosjekt for å realisera datasenter i regionen og ein direkte fiberforbindelse mellom Sør-Vestlandet og UK. Interessa for datasenter i Sauda har den siste tida blitt stadig meir konkret. Våre fortinn med svært god tilgang til straum frå vasskraft er hovudgrunn til dette.

Intensjonsavtalen inneheld ei oppsummering av vilkåra partane er einige om og som skal danne grunnlag for vidare forhandlingar om leigeavtale. Intensjonsavtalen inneber inga forplikting til å inngå leigeavtale, men er ment å være uttrykk for partanes intensjonar og ønske om å framforhandle endeleg leigeavtale.

– Dette er en tidleg fase og krevjer ein del investeringar. Eg håpar at denne intensjonsavtalen er første ledd og at me kan få på plass en endeleg avtale med selskapet, slik at dei kan begynne å investere. Kryptovault verker å vere ein aktør som har jobba godt i den korte tida dei har eksistert, sier Birkeland.

Klagar på støy

I april skreiv Finansavisen at investeringsdirektør Stig Myrseth i Dovre Forvaltning skulle slutte for å bli administrerende direktør i Kryptovault. Gründerselskapet frå Stavanger er eigd av Rein-Owe Flister, Kjetil Hove Pettersen og Norsk Vind AS. Det tilbyr utvinning av kryptovaluta på vegne av kundar. Ifølgje avisa har selskapet ei ordrebok verd 1 milliard kroner, hovudsakeleg frå asiatiske kundar.

Selskapet har anlegg på den gamle Follum-fabrikken ved Hønefoss og Dale fabrikker i Vaksdal i Hordaland, kor dei er i konflikt med naboane på grunn av støy og høgfrekvent lyd, ifølgje NRK. Kryptovault har i dag 2000 maskiner på Dale og 9500 på Follum. Begge stader planlegg dei langt større produksjon. Dei jobbar med å starte datasentre fleire stader i Norge.

– Blir det støy i Sauda?

– Det er riktig at det har vore problem med støy i Follum, der næraste hus ligg 20 meter frå fabrikken. Dette er ei utfordring me er i ferd med å løyse, og som burde vore løyst i utgangspunktet. I Sauda skal me gjere riktige grep frå dag ein, så dette ikkje er eit problem. Dessutan ligg kraftstasjonen lengre frå folk enn i Dale og på Follum, svarar Gjermund Hagesæter.

Seint laurdag ettermiddag fekk Kryptovault bombetrugsmål på selskapets nettstad.

– Me fekk inn eit trugsmål og meldte det til politiet, som tar det på alvor. Dei fleste slike trugsmål er bare trugsmål frå nokon som verken har evne eller vilje til å gjennomføre det. Politiet har fått IP-loggen og me trur det er gode moglegheiter for å kome til botnar i saka, seier Hagesæter.

Les også

  1. Etterkommer etter Jonas Øglænd selger luksuseiendom på Hjelmeland

  2. Nå kan du gå den originale turen til Preikestolen

  3. Starter bygging av hytter på ett bein

Publisert:
  1. Kryptovault
  2. Sauda
  3. Ryfylke
  4. Datasenter
  5. Bitcoin

Mest lest akkurat nå

  1. Ellevill Viking-jubel i Bjarne Berntsens nest siste hjemmekamp

  2. «Du har opplevd nok i livet ditt. Nå skal alt blir bra», sa Mats til Elisabeth. Så døde han på utenkelig vis.

  3. Skadet Erling Braut Haaland ferdig for året

  4. Ellevill julepynting: Naboene satte opp 12 gigantnisser og brukte 100.000 kroner på lys

  5. En ung majestet topper børsen

  6. Bygger du på huset, får du nå en telefon fra skatteetaten